Leiar- og medarbeidarutvikling
Møre og Romsdal fylkeskommune vil arbeide systematisk for å utvikle seg som ein attraktiv arbeidsplass for alle tilsette uavhengig av alder.
Vi skal vere ein organisasjon med tydeleg kultur for læring, der leiarar og medarbeidarar viser vilje til kontinuerlig utvikling og refleksjon over eigen praksis. Kompetanseutvikling og utviklingsarbeid er ein del av kjerneverksemda i Møre og Romsdal fylkeskommune, og er ein kontinuerlig prosess.
Leiarutviklingsprogram, leiaroppfølging, medarbeidar- og utviklingssamtalar, kompetanseplanlegging og kompetansetiltak er dei viktigaste virkemidla i utvikling av våre leiarar og medarbeidarar. Gode prosessar i samband med omstilling og endring vil vere mogleg å møte med systematisk utvikling av medarbeidarane.
Vårt arbeid med strategisk kompetansestyring dekkjer ein heilskapleg prosess som fevner om kompetansestrategi, -kartlegging, -utvikling og ressursplanlegging
Leiarar med personalansvar skal kvart år gjennomføre "Kompetanse- og rekrutteringssjekken" før medarbeidar- og utviklingssamtalen med sine tilsette som grunnlag for medarbeidar- og virksomhetsutvikling.
Kontakt personalseksjonen for meir informasjon.
.