Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kontaktpersonar

Preben Geir Irvung Preben Geir Irvung
Personalsjef
71 28 04 58 /
Mob. 482 05 539
Send e-post
Iver Kåre Mjelve Iver Kåre Mjelve
Rådgivar
71 28 01 52 /
Mob. 976 92 994
Send e-post

Døme på lærandemøte

Konstruktiv kommunikasjon og samhandling

Korleis skipe til lærande, konstruktive og produktive personalmøter?

https://mrfylke.no/Intranett/Arbeidsgivar-HR/Arbeidsgivarpolitikk2/Leiar-og-medarbeidarutvikling/Kompetanse/Satsingsomraade-Kompetanseutvikling/Doeme-paa-laerandemoete 

Satsingsområde - Kompetanseutvikling

Møre og Romsdal fylkeskommune har høg kompetanse i arbeidsstokken. Vi har tilsette med lange profesjonsutdanningar eller andre høgskole- eller universitetsutdanningar. Mange tilsette med lang erfaring har tatt eller ønskjer å ta fagbrev for å sertifisere sitt kompetansenivå.

Arbeidstakarar generelt vektlegg gode og utviklande fagmiljø som viktige moment for å søkje ny jobb eller bli i jobben. Undersøkingar viser at unge legg vekt på interessante oppgåver, kompetanseutvikling, fagleg påfyll, personleg utvikling og karriereutvikling når dei skal velje arbeidsgivar. Samsvar mellom planar om kompetanseutvikling og reelle tilbod om fagleg påfyll, permisjon til kompetanseutvikling og økonomi til gjennomføring når dei skal gjere val om arbeidsgivar.

Vi må i denne samanheng framstå som truverdig. Møre og Romsdal fylkeskommune har tradisjonelt gitt tilbod om kompetanseutvikling til sine tilsette. Likevel ser vi at vi som arbeidsgivar kan arbeide meir systematisk med heile prosessen; medarbeidarutvikling og leggje til rette for fagleg karriereutvikling.

Tett samarbeid med høgskolar, universitet og forskingsmiljø om tilrettelagde kompetansetiltak kan vere eit alternativ. Jobbrotasjon og hospitering, trainee-ordningar, leiarskole og utviklingsstillingar internt kan vere andre alternativ. Som arbeidsgivar må vi kople alle tiltak mot økonomi og permisjonsordningar slik at det er mogleg å gjennomføre tiltaka. I eit rekrutteringsperspektiv blir synleggjering av kompetanseutviklinga i våre verksemder av stor verdi.

Søkjarar vil etterspørje kva for strategi fylkeskommunen har på området. Har budsjettet synlege middel til kompetanseutvikling? Er kompetanseutvikling sett som investering eller kostnad? Utviklingsplanar eller kompetanseplanar for driftseiningane og den enkelte arbeidstakar vil vere viktige virkemiddel for å kunne gjere kompetansestrategien synleg.

Prinsipp for opplæringstiltaka
Opplæringstiltaka i Møre og Romsdal fylkeskommune skal byggje på prinsippa om kompetansestyring og skal innrettast og gjennomførast slik at tiltaket har høg effekt for organisasjon og den einskilde som deltek.

Kompetansestyring
Ved kvar eining skal leiinga gjennom prinsippa for kompetansestyring syte for kompetanseutvikling i samsvar med eininga sine behov. Dei kompetansetiltaka vi byr fram for/krev at våre tilsette skal ta del i, må byggje på dei behova verksemda har og dei læringsbehov dei tilsette har. Dette utgjer prinsippa for “Kompetansestyring”.

Kompetansemobilisering
“Kompetansemobilisering” skjer når vi tek i bruk kompetanse som medarbeidaren har, men som ikkje har vore nytta i stillinga tidlegare.

Kompetansetiltak med høg effekt
Kompetanseutviklingstiltaka skal byggje på dei prinsippa som gir opplæringstiltak effekt. Det inneber eit høgt leiarengasjement for opplæringstiltak som stør opp under eininga sine mål, m.a. som

  • tema i medarbeidar- og utviklingssamtalen, kommunikasjon av forventningar og førebuing i forkant av gjennomføring av opplæringstiltak.  
  • I etterkant av opplæringstiltaket er det forventa oppfølging i form av krav om å ta i bruk ny kunnskap, evt. nye oppgåver, deling og refleksjon i kollegiale fellesskap og evt. utvikling koplet til ordningar med mentor/fadder.
Kompetansestrategi_modell

Forventingar til våre leiarar!

Flytt meir merksemd frå kartlegging og styring av dagens kompetansebehaldning til auka merksemd på dei prosessar som skjer mellom tilsette og mellom tilsette og eksterne aktørar.

Flytt meir merksemd over til nyskaping og utvikling i eigen organisasjon. Sjekk ut med dei tilsette:

  • Kva kan du?
  • Kva vil du?
  • Kva tør du?
  • Kva har du lyst til?

Innviter til meir dialog om korleis vi kan skape arena for utvikling av kompetanse på arbeidsplassen - sette læring i system?