Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Arbeidstid for undervisningspersonell

Delegasjon av kompetanse til rektor - retningslinjer for bygging av undervisningsårsverket og retningslinjer for forhandlingane om arbeidstida på skolen mv.

I rundskriv 5/19 gis rektor forhandlingskompetanse innanfor spesifiserte områder som er regulert i SFS 2213 og SGS 1010 avgrensa av skolen si økonomiske ramme, og vidare retningslinjer for bygging av undervisningsårsverket og forhandling om arbeidstida på skolen.

Innhald
1. Bakgrunn
2. Delegasjon etter SFS 2213
3. Delegasjon etter SGS 1010
4. Retningslinjer for bygging av undervisningsårsverket
5. Retningslinjer for forhandlingane om arbeidstida på skolen
6. Rettleiar til SFS 2213, Tillegg til Rettleiar til SFS 2213 og «verktya»

Bakgrunn

Fylkesutdanningssjefen vil med rundskriv 5/19 gi skoleleiinga eit meir heilskapleg og samla handlingsrom og retningslinjer for å styre ressursane som ligg i lærarårsverket. Vidare og eit betre grunnlag for å etablere meir lik praksis skolane imellom. Rundskrivet er derfor ei presisering frå arbeidsgivar i høve «Rettleiar til SFS 2213».

Delegasjon

Fylkesutdanningssjefen gir rektor fullmakt innanfor skolens faglege og økonomiske rammer å foreta endringar av årsramma for undervisning ved semje mellom partane på skolen.

Fylkesutdanningssjefen gir rektor fullmakt innanfor skolens faglege og økonomiske rammer å inngå lokale tilpassingsavtalar med heimel i SGS 1010 pkt. 4.

I tillegg til dette rundskriv (5/19) skal skolane følgje Rettleiar til SFS 2213 og Tillegg til Rettleiar til SFS 2213 fullt ut. Verkty og malar legg føringar på korleis praksis på skolane skal utviklast.

Føremål

Det overordna målet for partane er å utvikle kvaliteten på undervisninga slik at elevane får best mogleg opplæring. Det er de lokale partane på skulen som skal skape prosessar som styrker profesjonsutvikling, samhandling og kollektiv tid på skulen. 
 
 Dette er og viktige element i vår arbeidsgivarpolitikk som seier at vi saman skal skape ein lærande organisasjon som står fram med vilje til kontinuerleg utvikling:

 

"Evne til kontinuerleg refleksjon over vegval, mål, tiltak, og aktivitetar er grunnleggande. Vi skal utvikle kulturar for læring og utvikling som er kunnskapsbaserte."

 Oppgåver som skal løysast vil utgjere eit viktig grunnlag for prosessar om utvikling av kvalitet, kunnskapsdanning og utforming av rammer for arbeidstida. Oppgåvefokuset skal difor stå sentralt i forhandlingane på skulen.

 
 Tillit og respekt mellom partane er svært viktig for å skape gode prosessar på den einskilde skule. Tillitsvalde og leiarar har eit gjensidig ansvar for å finne gode løysingar. Målet for samarbeidet skal vere å skape vinnarar. Begge partar må sjå etter nye løysingar som kan vere meir tenelege enn det partane kvar for seg kan kome fram til. 

 

Ressursar som er stilt til rådvelde for partane på skulenivå:

  1. Rettleiar til SFS 2213 og Tillegg til Rettleiar til SFS 2213
  2. Drøftingsreferat mal for skulens årsplan  (pdf)
  3. Mal for "Avtale om utviding av arbeidsårets lengde etter SFS 2213 pkt. 4b"
  4. Mal for "Protokoll - forhandlingar om organiseringa av arbeidstida,jf. SFS 2213 pkt.5.1" (pdf)
  5. Mal Arbeidsplaner 
  6. Mal og føresetnader Lokal tilpassingsavtale til SGS 1010 pkt. 4 siste ledd (pdf)

Comments

Innsendt av Iver Kåre Mjelve 8 juli, 2012 15.46
Vi prøver med kommentarfelt, slik at raskt påkomne spørsmål og andre gode ideer kan ytres her, og så vil vi kvittere de ut fortløpende. Send gjerne en epost til iver.kare.mjelve@mrfylke.no om det er noe du vil ha rask respons på.