Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kontaktpersonar

Preben Geir Irvung Preben Geir Irvung
Personalsjef
71 28 04 58 /
Mob. 482 05 539
Send e-post

Arbeidstid i jula 2018

Opningsstider, arbeidstid, avspasering og ferie ifm jula 

Arbeidstid i romjula For fylkeskommunalt tilsette er det vanleg arbeidstid i romjula, den 27 og 28. desember. Kjernetida i romjula vil vere mellom kl. 1000 og 1400. Jul- og nyttårsaften er normalarbeidstida frå kl. 0800 til 1200. 

Avspasering/avvikling av ferie Avrekningsperioden for opparbeiding av fleksitid er 1. januar - 31. desember. Fleksisaldo over 45 timar blir stroke pr. 31.12.2018. Meir enn 10 minustimar fører til trekk i lønn.

Det vil som tidlegare vere høve til å avspasere arbeidsdagane i romjula. Også denne avspaseringa må, på linje med all anna avspasering, skje innanfor ramma av den vanlege fleksitidssaldoen. Reisetid inngår ikkje i det ordinære fleksitidsomgrepet og kan etter avtale med leiar takast ut som ordinær timebetaling dersom avspasering er vanskeleg å ta ut.

Arbeidsgivar har etter ferielova plikt til å syte for at de tilsette får tatt ut full ferie kvart ferieår. Ferieåret følgjer kalenderåret, slik at årets ferieår altså går ut den 31. desember 2018, jf ferieloven § 4. Det er ikkje høve til å ”få ferien ut” i form av ekstra feriepengar eller lønn i januar. Ordninga vi har hatt tidlegare om å få utbetalt feriepengar for lovbestemt ferie som ikkje er avvikla på grunn av sjukdomsfråver eller foreldrepermisjon, er oppheva. Endringane inneber at all ferie som ikkje er avvikla i løpet av ferieåret skal overførast til neste ferieår. Dersom overført ferie heller ikkje blir avvikla i påfølgande ferieår, vil ferien tilsvarande bli overført vidare til det påfølgjande ferieåret og det kan skje ei opphoping av ikkje avvikla ferie.

Det kan elles avtalast avvikling av forskuddsferie på inntil 12 virkedager (2 veker). Det kan også avtalast overføring av inntil 12 virkedagar lovfesta ferie + 5 virkedagar avtalefesta ferie til det påfølgande ferieåret. Dette tilsvarar 14 arbeidsdagar (full stilling). Forskuddsferie og overføring av ferie ut over dette kan ikkje avtalast med mindre ferieavvikling ikkje kunne skje på grunn av sjukdomsfråver eller foreldrepermisjon.  

For nærare informasjon om avspasering og avvikling ferie, m.a. ferieavvikling for deltidstilsette, sjå http://mrfylke.no/Intranett/Arbeidsgivar-HR/Lov-Avtale-Reglement/Arbeidstid-Ferie2/Ferie

Avvikling av ferie og/eller avspasering i samband med jula skal som vanleg godkjennast av næraste leiar.

Hugs å registrere alt fråver i kalenderfunksjonen i Outlook og Tidbanken.