Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kontaktpersonar

Martin Hauge Martin Hauge
Seniorrådgivar
71 28 01 74 /
Mob. 957 43 270
Send e-post
Gunnar Malme Gunnar Malme
Lønningssjef
71 28 01 91 /
Mob. 908 37 144
Send e-post

Endringar i ferieloven 1.7.14

Frå 1 juli 2014 er det gjort gjeldande nokre endringar i Ferieloven som få konsekvensar for utseting av ferie under sjukdom, og utbetaling av feriepengar for ferie som ikkje er avvikla.

Ferie

Utsetjing av ferie på grunn av sjukdom som er oppstått i ferien

I dag kan arbeidstakar som blir 100% sjukemeldt før ferien kreve at ferien blir utsett til seinare i ferieåret.

Dersom sjukdomen oppstår i løpet av ferien, var det tidlegare krav om at arbeidsuførheten har vart i minst seks arbeidsdagar for at ferien skal kunne utsetjast og gjevast som ny ferie, jf. ferieloven § 9 (1) andre ledd.  Etter Hovedtariffavtalen kap. 1 § 7 pkt 7.1 har det vore krav om fem virkedager.

Kravet til seks dagars arbeidsuførhet i ferieloven § 9 (1) andre ledd  er no oppheva

Endringa innebærer at arbeidstakar alt frå første fråværsdag kan kreve at eit tilsvarande antal verkedager ferie blir utsett og gjeve som ferie seinare i året.

Hovudtariffavtalen kap. 1 § 7 pkt 7.1 blir endra tilsvarande til ein verkedag.

Arbeidstakar må som i dag, dokumentere arbeidsuføre med legeerklæring som må leggast fram utan ugrunna opphald etter at arbeidet er teke opp att.

Ein må være 100% sjukmeldt for at ein skal kunne få erstatningsferie.

   

Utbetaling av feriepenger for ferie som ikke er avvikla og overføring av ferie

Den ordninga vi har hatt  om å få utbetalt feriepengar for lovbestemt ferie, som ikkje er avvikla på grunn av sjukdomsfråver eller foreldrepermisjon, er no oppheva.

Endringene inneber at all ferie som ikkje er avvikla i løpet av ferieåret skal overførast til neste ferieår.

Dersom overført ferie heller ikkje blir avvikla i påfølgande ferieår, vil ferien tilsvarande bli overført vidare til det påfølgjande ferieåetr og det kan skje ei opphoping av ikkje avvikla ferie.

Lovendringene vedrører ikke retten til å få feriepengar utbetalt når arbeidstilhøvet opphører, jf. ferieloven § 11 (3).