Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ferie

Her følgjer kortfatta informasjon om ferieavvikling, feriepengar, overføring og forskottering av ferie. Reglane om ferie er regulert i ferieloven.

Du har plikt til å avvikle ferie !
Ved endring av ferieloven frå 1. januar 2009 er arbeidsgivar sin plikt til å sørgje for at alle arbeidstakarar avviklar heile ferien kvart år og arbeidstakarane sin plikt til å avvikle ferien presisert. Arbeidsgivar kan beordre alle arbeidstakarar som ikkje er 100% heilt arbeidsuføre, ut i ferie. Unntak: Arbeidstakarar utan full opptening av feriepengar (§ 5 nr. 5), oppsagte arbeidstakarar (§ 8) og arbeidstakarar i lovbestemte permisjonar (§ 9).
 
Kor lang er ferien ?
Den lovfesta og avtalefesta ferien er 5 veker (30 virkedagar). Alle som fyller 60 år i løpet av ferieåret, har rett til éi ekstra ferieveke frå og med same år. Alle som blir tilsett seinast 30. september, har rett til full feriefritid same året. Er du tilsett seinare, har du rett til berre éi veke ferie. Retten til feriepengar og retten til feriefritid er uavhengig av kvarandre. Sjølv om du ikkje har opparbeidd deg rett til ferie med full lønn, har du rett til full feriefritid. (Omgrepet virkedagar omfattar alle dagar unntatt søndagar og lovbestemte helge- og høgtidsdagar.)
 
Når skal ferien avviklast ?
Ferieliste skal vere satt opp pr. 1. mai. Den enkelte arbeidstakar kan likevel be om å få fastsett sin ferie to månader før ferien skal avviklast, dersom ikkje særlege grunner er til hinder for det. Ferielista skal vere godkjent av leiar som også skal godkjenne seinare endringar eller avvik. Alle tilsette kan krevje å få avvikla 3 samanhengande veker ferie i perioden 1. juni - 30. september. Tilsette i undervisningsstillingar har 5 veker samanhengande ferie i juli med avslutning siste virkedag i juli månad. Fastsetting av den 6. ferieveka for tilsette over 60 år er etter loven tillagt den tilsette, men ekstraferien bør avviklast slik at undervisninga ikkje blir skadelidande.
 
Ikkje lenger høve til å løyse inn ferie i pengar
Frå og med ferieåret 2009 blir det ikkje lenger høve til å løyse inn ikkje avvikla ferie i pengar. Frå ferieåret 2014 gjeld dette også i dei tilfelle der ferie ikkje er avvikla pga. sjukdom og foreldrepermisjon.

Berekning av feriepengar
Feriepengar utgjør 12% av feriepengegrunnlaget, eventuelt 14,3% for tilsette over 60 år. Feriepengegrunnlaget, som er oppført på lønnsslippen, er fjorårets lønn minus ferielønna. Alle tilsette blir trekt lønn for 5 veker ferie. For tilsette over 60 år blir det trekt ut lønn for 6 veker. Hvis summen av feriepengar opptent hos annan arbeidsgivar og feriepengar utbetalt frå oss er mindre enn trekk for ferie, har den tilsette høve til å avvikle mindre ferie. (Gjeld ikkje for undervisningspersonalet). Er summen av feriepengane større enn trekk for ferie er det ikkje høve til å avvikle mindre ferie.

Overføring/forskottering av ferie
Det kan avtalast avvikling av forskuddsferie på inntil 12 virkedager (2 veker). Det kan også avtalast overføring av inntil 12 virkedagar lovfesta ferie + 5 virkedagar avtalefesta ferie til det påfølgande ferieåret. Dette tilsvarar 14 arbeidsdagar. Forskuddsferie og overføring av ferie ut over dette kan ikkje avtalast.
 
Sjukdom i ferien
Dersom du blir 100 % sjukmeldt i minst 1 virkedag i ferien, kan du krevje at eit tilsvarande tal dagar blir gitt som ferie seinare i ferieåret. Kravet må dokumenterast med sjukemelding umiddelbart etter at ferien er over. Delvis sjukmelding gir ikkje rettskrav på utsett ferie eller ny ferie.
 
Dersom du er sjuk når ferien startar, kan du krevje at ferien blir utsett. Kravet må dokumenterast med sjukemelding, som må vere framlagt seinast siste arbeidsdag før ferien.
 

Deltidstilsette
Deltidstilsette tener opp rett til vanlig ferietid med deltidslønn/ferietillegg. Deltidstilsette som ikkje jobbar deltid kvar dag, får ikkje dermed lenger ferie. Under ferieavvikling blir det rekna som om den tilsette jobbar deltid kvar dag. (Den som jobbar annakvar veke i ei 50% stilling får altså ikkje 10 veker ferie.) Dersom feriedagane blir avvikla enkeltvis når ein ikkje jobbar alle dagane i veka, vil ein tilsatt i 50% stilling ha rett til 12,5 feriedagar. Deltidstilsette som ikkje har opptent rett til feriepengar og avviklar ferie utan lønn, blir trekt for dei arbeidsdagane dei avviklar ferie. Mellomliggande dagar blir ikkje rekna med for trekk.
 
Opptening av feriepengar under permisjon med lønn
Ved sjukdom, fødsels- og omsorgspermisjon og andre permisjonar med lønn tener du for same tidsrom også opp rett til feriepengar utan omsyn til arten eller lengda av fråværet.
 
Utbetaling av feriepengar
Det blir gjort ei berekning av feriepengar i juni månad. Då blir det og gjort eit trekk i lønn for 5 (6) veker ferie. Vanleg lønn skal utbetalast når ferien blir avvikla.