Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Fleksitid

Fleksitid (normal arbeidstid, kjernetid og ytre arbeidstid) Tilsette i sentraladministrasjonen har fleksibel arbeidstidsordning.

Det gjeld ei normal arbeidstid frå kl. 0800 - 1530 heile året (37,5 t/v). Med kjernetid meiner vi det tidsrommet då alle må vere til stades. Med ytre arbeidstid meiner vi det tidsrommet arbeidstakar kan vere til stades og arbeide fleksibelt innafor. Med fleksitid meiner vi registrert tid frå vi kjem og til vi sluttar, som kan variere frå dag til dag.

Kjernetid: kl. 0900 – 1430, heile året. Ytre arbeidstid: kl. 0700 – 2000, heile året 

Ved fleksitid kan arbeidstakarane regulere arbeidstida si sjølv utanfor kjernetida og innafor rammene for den ytre arbeidstida. Det ligg til styringsretten at arbeidsgivar av omsyn til drifta, for avvikling av møter eller liknande på enkeltdagar, kan krevje at arbeidstakar stiller på jobb innafor normal arbeidstida.

Avdelingane skal vere bemanna kl. 0800-1530 heile året.

 

Fleksitidsaldo Tilsette er sjølv ansvarleg for at tidsregistreringa er rett. Arbeidstakar godkjenner fleksitidsrapporten i tidsregistreringssystemet Tidbank ved utgang av kvar månad før den blir attestert av næraste leiar. 1. januar blir opptente timar ut over 45 timar strokne utan kompensasjon. Vi gjer merksam på at reisetid som inngår i fleksitidssaldoen, og som ikkje kan takast ut som avspassering på grunn av arbeidssituasjonen, kan takast ut som utbetaling av ordinær timelønn. Avrekningsperioden er 1. januar – 31. desember.

Skuldig tid meir enn 10 timar ved kvart månadsskifte fører til trekk i løn.

Stempling Sentraladministrasjonen ved fylkeshuset nyttar stempling (elektronisk tidsregistrering). Stemplingskort blir utlevert første arbeidsdag. Alle som er med i ordninga skal registrere inn og ut ved bruk av stemplingsur. Alt fråvær skal registrerast i tidsregistreringssystemet <Tidbanken>. Den tilsette er sjølv ansvarleg for tidsregistreringa, og må sjølv korrigere feil. Skjema for korreksjon skal vere tilgjengeleg på kvar avdeling, og er også å finne ved stemplingsuret. Tidsregistreringa kan også betenast frå den enkelte sin PC. Nødvendige private ærend i arbeidstida skal registrerast i stemplings­systemet, og gå til frådrag i tidssaldoen.

Kurs/opplæringstiltak

I forhold til deltaking på kurs/opplæringstiltak skal overtid/fleksitid kompenserast når arbeidstakaren utførar ordinært arbeid i samband med deltakinga, t.d. som foredragshaldar, prosessrettleiar, teknisk arrangør, ansvarleg for fagleg innhald e.l. Når arbeidstakar har ansvar for fagleg innhald og gjennomføring av kurs/opplæringstiltak er arbeidd tid ut over ordinær arbeidstid å rekne som overtid/fleksitid. Dette gjeld og naudsynt før- og etterarbeid som må takast under reisefråveret og som har tilslutnad til oppdraget. Ein del tilsette deltek og i faglege nettverk, i fagmøte og på fagsamlingar der deltaking er å sjå som ein “obligatorisk del” av jobben. Enkelte tilsette må også delta på utvalte kurs/opplæringstiltak for å vere “sertifiserte/ha ein minimumskompetanse” til å utføre ordinære arbeidsoppgåver. Slike reiser vil vere å sjå som pålagte tenestereiser og vil bli omfatta av kompensasjonsreglane for reisetid og fleksitid.

Elles er hovudregelen at deltaking på reine kurs/opplæringstiltak ikkje er omfatta av kompensasjonsreglane for reistetid, fleksitid eller overtid. Kompetanseutvikling er eit felles ansvar og satsingsområde. Arbeidsgivar dekkjer som regel kostnadane knytt til reise, opphald, lønn i høve normal arbeidstid og evt kurs/studieavgift, medan arbeidstakar må medvirke ved å bruke noko meirtid utover normal arbeidstid for å få gjennomført kompetansetiltaket.