Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kompensasjon for reisetid

Reglane for kompensasjon av reisetid

Møre og Romsdal fylkeskommune har valt å legge Hovudtariffavtalen i staten § 8.  til grunn ved kompensasjon for reisetid. Hovudregelen er at reisetid utanom ordinær arbeidstid på kvardagar blir kompensert time for time (1:1).

Kompensasjonsordninga gjeld ikkje leiarar eller andre som er unntatt frå arbeidstid- og overtidsføresegnene, jf. AML § 10-12 og HTA sine fellesføresegner § 6 pkt. 6.3.

Praktisering av ordninga

Kompensasjonsordninga gjeld for tenestereiser både innanlands og utanlands. Vilkåret er at reiseoppdraga må vere å sjå som pålagde og blir gjennomførte som ledd i ordinært arbeid. Møte og reiser må planleggjast slik at vi får kortast mogleg reisetid. Reisetid kan takast ut som avspassering eller som utbetaling av ordinær timelønn dersom avspassering ikkje kan takast ut grunn av arbeidsituasjonen. For tilsette i sentraladministrasjonen ved fylkeshuset som nyttar stempling (elektronisk tidsregistrering) må reisetida registrerast i Tidbank, dette gjeld også reisetid som blir tatt ut som lønn.

I forhold til deltaking på kurs/opplæringstiltak skal reisetid kompenserast når arbeidstakaren utførar ordinært arbeid i samband med deltakinga, t.d. som foredragshaldar, prosessrettleiar, teknisk arrangør, ansvarleg for fagleg innhald e.l. Ein del tilsette deltek i faglege nettverk, i fagmøte og på fagsamlingar der deltaking er å sjå som ein “obligatorisk del” av jobben. Enkelte tilsette må også delta på utvalte kurs/opplæringstiltak for å vere “sertifiserte/ha ein minimumskompetanse” til å utføre ordinære arbeidsoppgåver. Slike reiser vil vere å sjå som pålagte tenestereiser og vil bli omfatta av kompensasjonsreglane.

Elles er hovudregelen at deltaking på reine kurs/opplæringstiltak ikkje er omfatta av kompensasjonsreglane for reistetid, fleksitid eller overtid. Kompetanseutvikling er eit felles ansvar og satsingsområde. Arbeidsgivar dekkjer som regel kostnadane knytt til reise, opphald, lønn i høve normal arbeidstid og evt kurs/studieavgift, medan arbeidstakar må medvirke ved å bruke noko meirtid utover normal arbeidstid for å få gjennomført kompetansetiltaket.

Dokumentasjon og stempling

For tilsette i sentraladministrasjonen ved fylkeshuset som nyttar stempling (elektronisk tidsregistrering) må reisetida som skal kompenserast registrerast i Tidbank, dette gjeld også reisetid som blir tatt ut som lønn.

Link Hovudtariffavtalen i staten §8https://lovdata.no/dokument/SPH/sph-2019/KAPITTEL_7-3-8#KAPITTEL_7-3-8