Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Overtid

Overtid er pålagt arbeid ut over ordinær arbeidstid. Bruken av overtid og lengda av overtidsarbeid er regulert av Aml § 10-6.

Spørsmål om løn for overtidsarbeid er regulert i fellesføresegnene til HTA § 6. Undervisningspersonale har eigen arbeidstidsordning, sjå http://mrfylke.no/Intranett/Arbeidsgivar-HR/Lov-Avtale-Reglement/Lokale-avtalar/Utdanning . Overtid er pålagt arbeid ut over ordinær arbeidstid. Bruken av overtid og lengda av overtidsarbeid er regulert av Aml § 10-6. Spørsmål om løn for overtidsarbeid er regulert i fellesføresegnene til HTA § 6.

Pålegg om overtid 

Overtid etter Arbeidsmiljølova er arbeid som varer ut over alminneleg arbeidstid. Pålegg om overtid skal gjevast på førehand av arbeidsgjevar. Alle tilsette kan påleggjast overtid når det oppstår uventa arbeidspress eller ved særleg sesongprega arbeidspress. Retten til fritak er regulert i Arbeidsmiljøloven.

Arbeidstakarar som har arbeid av leiande art, eller som har særleg sjølvstendig stilling, har som hovudregel ikkje rett til overtidsgodtgjersle.

Dokumentasjon av overtida 

Overtida skal kunne dokumenterast ved bruk av overtidslister. Der det er stemplingsystem skal dette også nyttas. Bruk aktuell "registreringskode" i stemplingsystemet for overtid.

Overtidsarbeid skal innskrenkast mest mogleg, jfr. HTA § 6. Reglane om overtid etter HTA § 6 gjeld berre tilsette i heiltidsstillingar. Tilsette i deltidsstillingar har likevel krav på overtidskompensasjon dersom det er gjeve pålegg om å arbeide ut over det som er fastsett for 100% stilling pr. dag.

Kurs/opplæringstiltak

I forhold til deltaking på kurs/opplæringstiltak skal overtid/fleksitid kompenserast når arbeidstakaren utførar ordinært arbeid i samband med deltakinga, t.d. som foredragshaldar, prosessrettleiar, teknisk arrangør, ansvarleg for fagleg innhald e.l. Når arbeidstakar har ansvar for fagleg innhald og gjennomføring av kurs/opplæringstiltak er arbeidd tid ut over ordinær arbeidstid å rekne som overtid/fleksitid. Dette gjeld og naudsynt før- og etterarbeid som må takast under reisefråveret og som har tilslutnad til oppdraget. Ein del tilsette deltek og i faglege nettverk, i fagmøte og på fagsamlingar der deltaking er å sjå som ein “obligatorisk del” av jobben. Enkelte tilsette må også delta på utvalte kurs/opplæringstiltak for å vere “sertifiserte/ha ein minimumskompetanse” til å utføre ordinære arbeidsoppgåver. Slike reiser vil vere å sjå som pålagte tenestereiser og vil bli omfatta av kompensasjonsreglane for reisetid og fleksitid, men ikkje utløyse overtid.

Elles er hovudregelen at deltaking på reine kurs/opplæringstiltak ikkje er omfatta av kompensasjonsreglane for reistetid, fleksitid eller overtid. Kompetanseutvikling er eit felles ansvar og satsingsområde. Arbeidsgivar dekkjer som regel kostnadane knytt til reise, opphald, lønn i høve normal arbeidstid og evt kurs/studieavgift, medan arbeidstakar må medvirke ved å bruke noko meirtid utover normal arbeidstid for å få gjennomført kompetansetiltaket.

Avrekning

For pålagt overtidsarbeid skal arbeidstakaren ha utbetalt overtidsgodtgjersle i samsvar med fellesføresegnene til § 6 HTA. Arbeidstakaren kan avspasere pålagt opparbeidd overtid time mot time, og få utbetalt overtidstillegget. Opptent overtid som skal avspaserast, skal førast inn på fleksitidskontoen (tidbank) for dei som har slik ordning og registreringssystem. Merk at rekning for overtid skal leverast straks etter at overtida er opparbeidd.