Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Flyttegodtgjersle

1. OMFANG

Reglementet gjeld så langt ikkje noko anna er fastsett i tariffavtale eller anna bindande føresegn.

 
2. GENERELT

Som hovudregel blir det ikkje ytt flyttegodtgjersle ved overtaking av stilling i Møre og Romsdal fylkeskommune. Reise- eller flyttegodtgjersle kan likevel nyttast som eit rekrutteringsmiddel i dei høve Møre og Romsdal fylkeskommune har vanskar med å rekruttere kvalifiserte søkjarar. Med reisegodtgjersle er å forstå godtgjersle til framreise, jfr. staten sitt regulativ for flyttegodtgjersle, § 7.a.

3. PROSEDYRE

For stillingar der ein ut frå rekrutteringsproblem reknar med at det kan bli aktuelt å tilstå flyttegodtgjersle, bør søkjarane, i utlysinga av stillinga, eller på annan måte, gjerast kjent med at slik godtgjersle kan bli vurdert dekt etter gjeldande reglement. Krav om flyttegodtgjersle må fremjast i søknaden til stillinga og avgjerast i samband med tilsetjinga.

4. GODTGJERSLE

Yting av reise- eller flyttegodtgjersle følgjer reglane og kommentarane i "Regulativ for offentlige tjenestemenns flytningsgodtgjørelse", med unntak av regulativet sin § 5.

5. BINDINGSTID

Sluttar arbeidstakaren innan 1 år, skal flyttegodtgjersle betalast attende.

6. AVGJERDSMYNDE

Administrativ leiar avgjer søknader om flyttegodtgjersle.