Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Påskjøning av arbeidstakar og folkevalt i Møre og Romsdal fylkeskommune

Administrativ leiar; dvs. avdelingssjef, rektor og overtannlege skal syte for at fast tilsett arbeidstakar i fylkeskommunen får ei påskjøning/helsing etter følgjande retningslinjer:

AVSKJEDSGÅVE
Arbeidstakar som sluttar i stillinga etter fem år teneste eller meir i fylket, skal ha ei avskjedsgåve innafor ei kostnadsramme på kr 500 – 3000 gradert i forhold til lengda på tenestetida. Den enkelte administrasjon avgjer kva gåve som skal givast. Det skal så langt råd er, gå fram av gåva kven som er givar. Det er ikkje høve til å betale ut gåva i kontante pengar eller gåvesjekk. Når arbeidstakar sluttar utan å ha rett til påskjøning etter reglane, skal administrativ leiar syte for ei blomsterhelsing eller liknande.

25 ÅR I FYLKETS TENESTE
Arbeidstakar som har vore tilsett i fylket i 25 år, får ei klokke eller liknande gåve til ein verdi innafor grensa for skattefritak.

50 OG 60 ÅR
Arbeidstakar skal ha ei gåve innafor ei kostnadsramme på kr 2000 ved fylte 50 år og ved fylte 60 år. Det er ikkje høve til å betale ut gåva i kontante pengar eller gåvesjekk.

ANNA MERKSEMD
Administrativ leiar kan ved særlege høve som ikkje fell inn under reglane om påskjøning, ta avgjerd om blomsterhelsing eller liknande.

SJUKDOM
Blomster eller anna helsing.

DØDSFALL/GRAVFERD
Blomster eller krans både til tilsette og tilsette som er gått av med pensjon.

FOLKEVALT ETTER ENDT FUNKSJONSTID
Gåve avgrensa til kr 600.

VED DØDSFALL/GRAVFERD
Ansvarleg utvalsadministrasjon skal syte for krans frå fylket. Same administrasjon har ansvar for eventuell samordning i forhold til andre utval, styrer og råd.
Fylkesordføraren kan i særlege høve sende blomster eller krans til tidlegare folkevalde.