Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

1. Rammer for permisjon

Permisjonsreglementet klargjer Møre og Romsdal fylkeskommune sine føringar for korleis permisjon skal handterast.

Møre og Romsdal fylkeskommune har mål om at alle fagmiljøa i organisasjonen skal vere prega av kultur for læring og utvikling. Permisjon er eit av fleire verkemiddel som kan understøtte læring og utvikling i organisasjonen. Arbeidsgivarpolitikken fastsett at prinsippa om kompetansestyring skal gjelde.

Leiar har ansvar for å legge til rette for at permisjon blir nytta der dette er nødvendig for medarbeidarutvikling opp mot måla for verksemda og at tilsette  får permisjon dei har rett på etter lov og avtale.

I samband med individuelle kompetanseplaner for tilsette, vil heile eller delar av kompetansetiltak kunne inngå som ordinær del av oppgåveporteføljen/tenesta for den tilsette i ei periode. Dette vil kunne gå fram av arbeidsplana til den tilsette utan at vedkomande har søkt om permisjon eller tenestefri.

1. Rammer

  Tema Kommentarar MRFK Lenke og paragrafer

Vedteke av Fylkestinget 31. mai 1988, sak T-43/88.

Revidert av Fylkesutvalet 1. februar 1999, sak U-30/99A

Revidert av Hovudsamarbeidsutvalet 13. februar 2001, sak HSAMU-07/01A

Revidert av Hovudsamarbeidsutvalet 21. mars 2003, sak HSAMU- 02.03.

Revidert administrativt i 2008

Revidert av Hovudsamarbeidsutvalet 23. februar 2016, sak HSAMU 08/16

 
1.1

Arbeidsgivarpolitikken for Møre og Romsdal fylkeskommune gir felles retning og grunnlag for korleis permisjon som verkemiddel kan støtte opp under utviklinga i verksemdene våre.

Permisjonsreglementet gir

  • leiarar og tilsette oversikt over kva rettar den tilsette har for permisjonar etter lov og avtale
  • leiarar og tilsette eit rammeverk for medarbeidarutvikling

 

 
1.2 Kven reglementet gjeld for Reglementet gjeld for alle tilsette i Møre og Romsdal fylkeskommune, som er i eit forpliktande arbeidsforhold med arbeidsavtale og fastsett arbeidstid (gjeld både fast og mellombels tilsette) omfatta av Hovudtariffavtalen, jf. kap. 1 §1, 1.1.  
1.3 Definisjonar

«Rett til permisjon med lønn etter lov eller avtale»

Permisjon som arbeidstakar har rett til etter lov eller avtale.

Arbeidstakaren melder frå i god tid når permisjonen skal ta til, og kor lang tid den skal vare.

https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2005-06-17-62

https://lovdata.no/dokument/NL/lov/1997-02-28-19

«Rett til permisjon med heimel i lov, men ikkje rett til  lønn»

Arbeidsmiljøloven heimlar rett til permisjon, men ikkje automatisk rett til lønn.

Arbeidstakar søkjer om slik permisjon med heimel i aktuelle lov og paragraf.

Døme:

  • Utdanningspermisjon med heimel i arbeidsmiljøloven

§12-11.

Skjema for permisjonssøknad

«Permisjon som kan innvilgast med heimel i hovudtariffavtalen.»

Permisjon arbeidstakar ikkje har rett på etter lov eller avtale, men der Hovudtariffavtalen opnar opp for at arbeidstakar kan bli innvilga slik permisjon.

Søknad om slik permisjon skal fremjast skriftleg.

Døme

  • Velferdspermisjon etter hovudtariffavtalen kap. 1, § 14, 14.1, 2. ledd.
Skjema for permisjonssøknad

«Næraste familie/ i slekt med arbeidstakaren»

Ektefelle, sambuar, barn/fosterbarn, sambuars barn, barnebarn, foreldre, besteforeldre, oldeforeldre, søsken, svigerinne, svoger, svigerforeldre og svigerbarn.

Som sambuar blir rekna person som har felles bustad og felles barn med arbeidstakaren, eller som ved stadfesting frå folkeregisteret kan dokumentere at sambuarforholdet har vart i dei 2 siste åra.

Likt med ekteskap blir rekna partnarskap etter lov av 30.04.93

 
1.4 Mynde til å saksbehandle søknad om permisjon.

Hovudprinsippet for saksbehandling av melding eller søknad om permisjon:

Melding eller søknad om permisjon blir retta mot næraste leiar med personalansvar.

Enkelte avgjerder krev likevel saksbehandling på eit overordna nivå:

  • Hovudsamarbeidsutvalet avgjer prinsippspørsmål
  • Fylkesrådmannen avgjer tolkingsspørsmål

I dei vidaregåande skolane gjeld følgjande:

  • Rektor har mynde til å avgjere søknader om permisjon i inntil eit år.

I tannehelsedistrikta gjeld følgjande:

  • Overtannlege i samråd med fylkestannlegen har mynde til å avgjere søknader om permisjon i inntil eit år.

I sentraladministrasjonen gjeld følgjande:

  • Avdelingssjef har mynde til å avgjere søknader om permisjon innafor si verksemd/driftseining i inntil eit år.
  • Fylkesrådmannen avgjer permisjonssøknader frå avdelingssjefane i sentraladministrasjonen.

Gjeld alle:

  • Ved permisjonar ut over eit år skal fylkesrådmannen konsulterast.
 
1.5 Saksbehandling av permisjonssøknad

Søknad om permisjon skal vurderast med omsyn til følgjande forhold:

  • konsekvensar for gjennomføring av verksemda sine planer
  • økonomiske konsekvensar
  • arbeidstakaren sine behov

Avgjerd om permisjon ein ikkje har krav på med heimel i lov eller avtale, er ikkje eit enkeltvedtak etter forvaltningslova § 2, andre ledd, og det er ikkje høve til å anke avgjerd om slik permisjon.

 
1.6 Unntak frå permisjonsreglane Administrativ leiar kan i samråd med samarbeidsutvalet/arbeidsmiljøutvalet trekkje opp retningslinjer for praktisering av reglementet og gjere unnatak i særskilte saker.  
1.7 Delegering av mynde

Hovudsamarbeidsutvalet kan gjere mindre endringar i reglementet.

Fylkesrådmannen har fullmakt til å delegere avgjerdsmynde etter dette reglementet. Dei tillitsvalde skal gjerast kjent med endringar i delegasjon av mynde etter dette reglementet.

 
1.8 Lønn og lønnsansiennitet

Med lønn forstår ein den løna som ein arbeidstakar skal ha etter HTA/regulativet, medrekna eventuelle personlege tillegg, men ikkje overtidstillegg og tillegg som er rekna å vere kompensasjon for særlege ulemper ved arbeidet.

Permisjon med lønn avbryt ikkje opptening av lønnsansiennitet.

Arbeidstakarar som ikkje har opparbeidd rett til lønn under tvungen verneplikt, skal likevel godskrivast lønnsansiennitet, jfr. Hovudtariffavtalen kap. 1, § 12.1.1

Permisjon utan lønn i samband med omsorgsteneste for barn eller pleie av eldre eller sjuke, jfr. Hovudtariffavtalen kap. 1,§ 12.1.1 blir medrekna inntil 3 år i lønnsansienniteten.

Permisjon utan lønn i samband med foreldrepermisjon eller utdanning blir medrekna med inntil samla 2 år i lønnsansienniteten, jfr. Hovudtariffavtalen kap.1, § 12.1.2

Permisjon med lønn eller der lønna blir dekt av den andre part for å utføre offentlege verv/ombod og ombod i arbeidstakarorganisasjonar, blir rekna med i lønnsansienniteten.

HTA, kap. 1,

 § 8,

§12

og §14.

1.9 Feriepengar Sjå lenke Hovudtariffavtalen kap.1 § 8.1 og Ferielova, kap. III, § 10 http://www.lovdata.no/all/tl-19880429-021-003.html
1.10 Pensjonsmedlemskap

Arbeidstakar som er gitt permisjon med lønn, blir ståande i pensjonsordninga.

Arbeidstakar som er gitt permisjon utan lønn for lengre tidsrom enn ein månad, blir meldt ut av pensjonsordninga.

Gjeld berre KLP-området:

Arbeidstakaren vil samstundes få tilbod om frivillig medlemskap etter dei reglar som gjeld i dei respektive pensjonsordningar.

For undervisningspersonale:

Undervisningspersonale som er medlem i Statens Pensjonskasse har ikkje slik rett til frivillig medlemskap.

Lenke til info om pensjonar