Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

6. Andre permisjonar

Permisjon med søknad utan rett med heimel i lov eller avtale. Arbeidstakar søker om slik permisjon til næraste leiar.

  Tema Kommentar
6.1 Overgang til ny stilling

Det blir som hovudregel ikkje innvilga permisjon i samband med overgang til ny stilling, med mindre behovet for slik kompetanse er eit mål i kompetanseplanen for verksemda.

Det vil likevel være høve til å gi slik permisjon utan lønn når viktige velferdsgrunner tilseier det eller i samband med mellombels arbeid hos ein annan arbeidsgivar, når slikt arbeid vil gi kompetanse som kan komme Møre og Romsdal fylkeskommunen til nytte.

Det er framleis slik at permisjon ikkje skal føre til store driftsmessige konsekvensar, og permisjonstida skal ikkje vere mer enn 1 år.

6.2 Internasjonalt arbeid Tilsette som blir engasjerte i hjelpetiltak i ein frivillig organisasjon (NGO), til internasjonalt arbeid og tvangsoperasjonar, eller skal vere med ektefelle/sambuar/partnar på slikt oppdrag, kan få permisjon utan lønn i inntil 2 år.
6.3 Deltaking i hjelpkorps og liknande organisasjonar Tilsette som er knytta til hjelpekorps eller liknande, kan få permisjon med lønn i samband med utrykking. Det same gjeld for tilsette som tar del i redningsaksjonar o.l.
6.4 Utsending til nominasjonsmøter Arbeidstakar som blir valgt som utsending til nominasjonsmøter ved stortingsval, fylkestingsval eller kommuneval får permisjon med lønn.
6.5 Funksjonær i arbeidstakarorganisasjon For arbeidstakarar som blir tilsette som funksjonær i ein arbeidstakarorganisasjon, sjå punkt 6.1 "Overgang til ny stilling"
6.6 Offentlege verv med heimel i AML § 12-13 og Hovudtariffavtalen kap. 1 §14,14.1

HTA kap. 1, § 14, 14.1

«Arbeidstaker som er pålagt å utføre kommunale eller andre offentlige verv, gis permisjon og kan etter søknad få beholde sin lønn. Arbeidstakeren plikter på forhånd å gjøre henvendelse til nærmeste overordnede om permisjon.»

Møre og Romsdal fylkeskommune gir som hovudregel ulønna permisjon til arbeidstakar som er pålagt å utføre kommunale eller andre offentlege verv.