Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Retningslinjer for Stillingsbanken

I samband med oppseiingar er fylkeskommunen å sjå som ei verksemd. For å få ei samla oversikt over ledige stillingar og overtallig personale, er det oppretta ein stillingsbank i personalseksjonen i administrasjonsavdelinga og ein i utdanningsavdelinga. Stillingsbankane rapporterer til kvarandre slik at dei samla ivaretek alle tilsette i fylkeskommunen.

Formål:
Stillingsbanken skal sikre at alle tilsette som må skifte arbeid grunna omstilling eller grunna attføring, får fortrinnsrett til ledige stillingar dei er kvalifiserte for.

Lover/avtalar og retningslinjer som regulerer dette arbeidet finn ein i:

Arbeidsmiljølova:
    - § 15-7 "Vern mot usakleg oppseiing" 
    - § 14-2 "Fortrinnsrett til ny tilsetting"

Fylkeskommunens eigne retningslinjer:
    - Saksbehandlingsreglar ved oppseiing og avskil
    - Retningslinjer for bedriftsintern attføring
    - Tilsetjingsreglementet

Generelle personalpolitiske verkemiddel ved omstillingar i fylkeskommunen.

Prosedyrereglar for rapportering og tilbod til stillingsbanken:

1. Alle fylkeskommunale verksemder skal melde frå om tilsette som grunna 
    omstilling eller attføring har behov for omplassering.

2. Alle fylkeskommunale verksemder skal rapportere inn alle ledige
    stillingar som er:
         - faste stillingar
         - oppseielege pedagogiske stillingar
         - mellombelse stillingar som varer frå og med 6 månader

3. Ved rapportering skal det opplysast om arbeidsoppgåver og 
    kvalifikasjonskrav til stillinga, stillingskode, stillingsstorleik og om stillinga er
    fast eller mellombels.
    Rapportering kan skje skriftleg.

4. Rapporterte ledige stillingar blir vurderte i høve til overtallig personale, jfr.
    retningslinjer for oppseiing og avskil, pkt. 1B: 
    Vilkår/retningslinjer/framgangsmåte ved oppseiingar grunna rasjonalisering/
    driftsinnskrenking.

    Når det er tvil om den som er overtallig er kvalifisert for ei ledig stilling, skal
    han/ho innkallast til intervju på arbeidsplassen.

5. Tilbod om stilling går ut frå sekretariatet for stillingsbanken. Arbeidsavtale blir
    skrive ut av tilsetjingsorganet.

6. Stillingsbanken kan om det er overtallige som kan gå inn i stillinga, stoppe
    tilsettingsprosessen fram til tilsettingsvedtak er gjort.

7. Dersom det ikkje er overtallig personale som er kvalifisert og det ikkje er 
    planlagt bemanningsreduksjonar i nær framtid, kan stillinga frigjerast til
    ordinær tilsettingsprosedyre.

Stillingsbanken blir administrert av:
    - personalseksjonen i organisasjonsavdelinga
    - personalseksjonen i utdanningsavdelinga