Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Rundskriv 18/2004

Jrn./Arkiv: Molde, 04.08.2004
MR 12046/2004/A00
Til:
Dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal

Rundskriv 18 / 2004

ARBEIDSTØY

Jrn./Arkiv: Molde, 04.08.2004
MR 12046/2004/A00

Til:
Dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal

Rundskriv 18 / 2004

Overskrift
ARBEIDSTØY

Innhald
Vi viser til særavtale mellom KS og arbeidstakarorganisasjonane SGS nr 1002 Arbeidstøy (sjå under Personal/Møre og Romsdal fylke). Reglane for lærar fins i vedlegg 3 i B-rundskriv 7/2004.

Etter avtalen skal arbeidsgivar, dersom det er behov, stille arbeidstøy til disposisjon for arbeidstakar. Er det lokal semje om at det er mest føremålstenleg at arbeidstakar sjølv held arbeidstøy, skal arbeidsgivar refundere faktiske utgifter. Er det usemje om behovet, skal lokal nemnd ta avgjerd.

Det har til no vore sett ei grense for kor mye som kan refunderast i fylket for tilsette etter kommunalt avtaleverk. Behovet for arbeidstøy og kostnader kan variere, derfor opphevar vi denne grensa.

Ny avtale skal såleis inngåast på den enkelte arbeidsplass. Som utgangspunkt for avtale på den enkelte arbeidsplass bør ein legge til grunn den praksis som er etablert, med omsyn til kven som har behov og kva type arbeidstøy det er behov for.

Dette rundskrivet omfattar begge personellgruppene.

Per Hoem

Inger Helene Vestre

Gjenpart:
Fylkesdirektøren
Fylkesordføraren
Økonomistaben
Lærarorganisasjonane
Utdanningsutvalet
Yrkesopplæringsnemnda