Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Intranett > Arbeidsgivar HR > Nyheiter > 90 medarbeidarar deltok på introduksjonsdag for nye tilsette

Kontaktpersonar

Dag Lervik Dag Lervik
Prosjektleiar Omstilling 2020
71 28 01 75 /
Mob. 951 73 038
Send e-post
Marianne Bye Marianne Bye
Rådgivar
71 28 01 76
Send e-post

90 medarbeidarar deltok på introduksjonsdag for nye tilsette

Årleg gjennomfører Møre og Romsdal fylkeskommune ein introduksjonsdag for nye medarbeidarar i organisasjonen. I år var 90 nye medarbeidarar samla Hotel Alexandra i Molde.

Dei nye medarbeidarane var inviterte for å få kunnskap om organisasjonen og verdigrunnlaget til fylkeskommunen og vart ønska velkommen av fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik.

Felles referansar og språk

-Vår oppgåve er å sjå heilskapen. Der kommunane er små, er vi store. Vi løyser oppgåver som vegbygging, næringsutvikling, vidaregåande opplæring, fagskoleopplæring og tannhelse, sa Guttelvik. Guttelvik sa at kvar dag møter vi innbyggarane i Møre og Romsdal. For eksempel er 80 000 pasientar er inne til tannbehandling kvart år.

Etterpå var det tid for introduksjonsfilm om fylkeskommunen, etterfølgt av ein kahoot for å teste kunnskapane om organisasjonen i salen.

Organisasjonssjef Nils-Gunnar Solli hadde ein presentasjon av organisasjonssstrukturen og prosjekta og Møre og Romsdal som region mot 2025 og omstilling 2020, før personalsjef Dag Lervik snakka om fylkeskommunen som arbeidsgivar og forventningar vi har til våre tilsette. Her fekk dei presentert arbeidsgivarpolitikken og diskuterte oppgåver i grupper korleis den enkelte kan medverke til kultur for deling og utvikling på eigen arbeidsplass.

–Kvifor har vi ein dag for nytilsette der de får høyre om arbeidsgivarpolitikken? Vi vil at uansett kor du arbeider i organisasjonen vår, så skal vi ha felles referansar og språk, sa Lervik.

Siste innlegg på fellesdelen vart presentert av kommunikasjonssjef Inger Moene og IT-sjef Dagfinn Grønvik. Her vart kommunikasjonsstrategien presentert, med vektlegging på nettressursar og sosiale medium, og dei vart presentert for IT-system, samhandling og sikkerheit.

IT-sjefen kom med tre sikkerheitstips for bruk av e-post og PC:

  • Tenk deg om før du trykker på lenka
  • Passord alltid personlig. IT spør aldri om passord, og du skal oppgi dette til andre
  • Hugs å låse PC-en før du går frå kontoret

Under den siste delen av dagen, vart dei tilsette delt inn i grupper for utdanning, tannhelse og sentraladministrasjonen.

Bilde av fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik under introdag for nytilsette

Fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik snakka om samfunnsrolla til fylkeskommunen

 
Bilde av kahoot på introdag for nytilsette

Deltakarane vart testa på kunnnskapen sin om fylkeskommunen i kahoot

     
Bilde av personalsjef Dag Lervik som viser fram AGP-huset

Personalsjef Dag Lervik gav ein introduksjon til arbeidsgivarpolitikken (AGP)

 
Bilde av IT-sjef Dagfinn Grønvik og kommunikasjonssjef Inger Moene

IT-sjef Dagfinn Grønvik og kommunikasjonssjef Inger Moene