Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Intranett > Arbeidsgivar HR > Nyheiter > Aktuelle tema på årets AGP-konferanse

Kontaktpersonar

Dag Lervik Dag Lervik
Prosjektleiar Omstilling 2020
71 28 01 75 /
Mob. 951 73 038
Send e-post
Marianne Bye Marianne Bye
Rådgivar
71 28 01 76
Send e-post

Dokument

Program trykk AGP-konferansen 2018
PDF-dokument - 737,06 kB

Spanande og aktuelle tema på årets AGP-konferanse

Programmet for årets AGP-konferanse er no klart. Hovudtema for årets konferanse er digitalisering og utvikling i vår organisasjon i lys av rolla som samfunnsutviklar og regionreforma.

For første gong vil konferansen bli streama på intranett, slik at alle tilsette kan følgje foredraga. 

Vi kan presentere eit spanande og aktuelt program med dyktige eksterne og interne innleiarar. Konferansen tek opp tema som er sentrale for alle tilsette og som vil vere sentralt for vidare utvikling av organisasjonen vår.

 

Du kan sjå heile programmet og lese meir om innleiarane her.

 

Streaming på intranett

Tilsette som ikkje er i målgruppa for konferansen kan følge konferansen på streaming. Denne vil berre vere tilgjengeleg ved pålogging på mi side på intranettet.

Konferansen blir derfor for første gong streama på internt nett. Det betyr at alle tilsette som ikkje skal delta kan følge foredraga og presentasjonane på eigen pc.

Påmelding og praktisk informasjon

Fristen for påmelding er 26. februar.

Konferansen er snart fullteikna. Over 250 deltakarar er no påmeldt. Lokala har plass til 300 deltakarar. Ved fleire påmeldte enn dette vil det bli venteliste. Målgruppa er alle  leiarar, tillitsvalte og verneombod i fylkeskommunen.