Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kontaktpersonar

Nils Gunnar Solli Nils Gunnar Solli
organisasjonssjef
71 28 01 60 /
Mob. 913 28 067
Send e-post

Dokument

Fjernarbeid retningslinjer
PDF-dokument - 238,10 kB
Bruksavtale for Utvida fjernarbeid
PDF-dokument - 97,55 kB
PC-plakat 2012
PDF-dokument - 123,48 kB
Avtale om regelmessig fjernarbeid (odt)
ODT-dokument - 12,13 kB
Avtale om regelmessig fjernarbeid (pdf)
PDF-dokument - 165,04 kB

Nye reglar om fjernarbeid

Vi har fått nye reglar for fjernarbeid. Her går det fram kven som kan komme inn under denne ordninga og kva krav som blir stilt.

Som ein hovudregel skal arbeidstakar utføre sine oppgåver på arbeidsstaden.  I ulike situasjonar og livsfasar kan du som arbeidstakar likevel ha behov for å løyse jobboppgåver utanfor den faste arbeidsstaden. Ordninga er mest aktuell å nytte når vi har særlege rekrutteringsutfordringar i høve kompetent arbeidskraft.

Møre og Romsdal fylkeskommune har som arbeidsgivar utvikla ordningar og retningslinjer for dette. Fjernarbeid er ei alternativ organisering av arbeidet og er arbeid som blir utført på ein stad som er geografisk skilt frå den ordinære arbeidsstaden (oppmøtestaden). Det er oppretta fjernarbeidskontor i Ålesund og Kristiansund.  I tillegg vil Fylkeshuset i Molde vere fjernarbeidssenter i Romsdalsregionen for einingar utanom sentraladministrasjonen.

Fjernarbeid kan for nokre vere ei god løysing i avgrensa omfang, men gir erfaringsvis også ein del kommunikasjonsutfordringar. Den daglege kontakten på arbeidsstaden, formelt og uformelt, er viktig både fagleg og sosialt. Det er viktig at fjernarbeidsløysingar skjer i god dialog med din leiar. Det er også etatsjef/rektor som avgjer søknader om fjernarbeid.

Tilgjenge via mobiltelefon og e-post i samband med tenestereiser og liknande er ikkje rekna som fjernarbeid etter retningslinjene, men må avtalast direkte med nærmaste leiar.

Det er knytt ein del tryggleiksmessige utfordringar til å jobbe utanfor fast arbeidsstad.

Informasjon om korleis du går fram for å få tilgang til fjernarbeid-ordninga, vilkår og tekniske løysingar finn du her

 

Reglement for fjernarbeid finn du på reglement-oversikten under Arbeidsgivar HR sidene

   

Nivå for fjernarbeid-tenester

Nivå Tenester Målgruppe Teknisk krav
Basispakke - Vevpost / Lotus Notes “pass through”
 - Tidbank
 - Intranett
- Reiserekning
Tilsette som vil gjere basisoppgåver utanfor arbeidsplassen. Ingen spesielle. Ein kan bruke både private PC-ar og arbeidsstasjonar levert av fylkeskommunen
Utvida tilgang (“Skrivebord”) Dei same tenestene som den tilsette har på kontoret Tilsette som har behov for tilgang til fagsystem ( t.d. Extens, ePhorte, Visma) - PC levert av arbeidsgivar- Windows 7 med kryptering
 - Ikkje administrative rettigheiter PC-en
 - Ein må være medlem av MRFKs AD- domene
 - Gjeldande klientsikkerheitsreglar
 - Mobiltelefon (for 2-faktor autentisering)
- Citrix klient