Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Tannhelse

Her finn du intranettsidene til tannhelsesektoren i Møre og Romsdal fylkeskommune. Sidene er primært laga for eigne tilsette i fylkeskommunen, men er tilgjengelege for alle nettbrukarar. Her finn du også nyttig informasjon om IT-systema som nyttast innan tannhelse, med brukarrettleiingar, spørsmål og svar og relevante kontaktpersoner.


Årsrapport 2016 for den offentlege tannhelsetenesta

Årsrapporten for tannhelsetenesta beskriv mål- og produksjonstal for tannhelsearbeidet og prioriterte oppgåver i 2016.

Les meir

Fylkestannlegens etatssamling 31. mai og 1. juni

Vi ønskjer alle medarbeidarar i tannhelsetenesta velkommen til inspirerande dagar med fagleg påfyll og sosialt samvær !

Etatssamlinga er lagt til Scandic Seilet Hotell i Molde. Påmeldingsskjema, program og praktiske opplysningar finn du her: https://mrfylke.no/Kalender/(event)/875946

Les meir

Opus - i praktisk bruk

Tannhelsesekretærane Marie Harstad og Alise Hide Klausen har laga den ultimate "Opus-guiden", med rettleiing, tips og råd om grunnleggande funksjonar i Opus Dental.

Les meir

"Grusomme meg" friskar opp venterommet

Tannlegeassistent Cecilie Adensfield (44) frå Kristiansund var ein av initiativtakarane bak fornying av venterommet på DTK Kristiansund.

Les meir

Laserspesialisering

Overtannlege i Ålesund kompetanseregion, Are Kristofer Hjeltnes, har i haust tatt graden "Master of Science in Lasers in Dentistry".

Les meir

Kristiansund kompetanseregion på Opuskurs

Denne veka det kurs i Kristiansund kompetanseregion. Deltakarane var samla for tips og triks til en betre kvardag med Opus.

Les meir

Tannlegar deltek på leiarutviklingsprogram

Konstituert overtannlege i Molde kompetanseregion, Folkert Seetzen, klinikkleiar ved DTK Bjørgvin Åse Steinsbu, og klinikkleiar Markus Haberberger ved DTK Valldal er i det femte kullet som gjennomfører leiarutviklingsprogram, eit studie på masternivå som utgjer 15 studiepoeng i regi av Høgskolen i Østfold og Akershus, personalseksjonen og Agenda Kaupang.

Les meir

Nytilsett tannhelsesekretær og tannlege på DTK Kristiansund

Tannhelsesekretær Cathrine Bjerkan (19) og tannlege Mariam Ahmad (27) jobbar på DTK Kristiansund. Cathrine er frå Kristiansund, og Mariam kjem frå Lillestrøm utanfor Oslo. Dei er begge tilsett siste året, og trivst på klinikken.

Les meir

Arbeidsveke på DTK Kristiansund

Thomas Alexander Waksvik Lyder (14) har hatt arbeidsveke på DTK Kristiansund denne veka. Han har jobba med dei tilsette på klinikken 08.-15.30 kvar dag.

Les meir

Trønder på Nordvestlandet

Anders Sørhuus er 24 år og nytilsett tannlege som jobbar på to tannklinikkar i fylket: DTK Averøy og DTK Kristiansund. 

Les meir