Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kontaktpersonar

Anthony Normann Valen Anthony Normann Valen
Fylkestannlege
71 28 02 01
Send e-post
Eva Refsnæs Eva Refsnæs
Konsulent.
71 28 03 00 /
Mob. 414 18 822
Send e-post

Særavtale om lønnsmessige tiltak

Partane har i desember 2010 inngått eigen særavtale om lønnsmessige tiltak i tannhelsesektoren.

Avtalen er ei oppfølging av den arbeidsgivarpolitiske satsinga i fylkeskommunen (jf. “Arbeidsgivarpolitikk for framtida”, sak T-7/09) og må sjåast i lys av tidlegare lokal særavtale “Bonusavtale for tilsette i den offentlege tannhelsetenesta i Møre og Romsdal” som vart sagt opp med verknad frå 1.1.2010.

Særavtalen omfattar lønnsmessige tiltak som skal verke rekrutterande og stabiliserande på tannhelsepersonell og styrke den faglege kvaliteten på den offentlege tannhelsetenesta i Møre og Romsdal. Tiltaka skal stimulere til auka produktivitet og effektivitet og bidra til å auke tilbodet til vaksne betalande pasientar både i distrikts- og byklinikkane.

Dei lønnsmessige tiltaka er i hovudsak produksjonsbaserte og omfattar ein provisjonsdel som regulerar honorarinntekter for tannlege- og tannpleiarbehandling og ein funksjonsbaserte del som omfattar ulike funksjonstillegg. Tiltaka omfattar også særskilte kompetansebaserte funksjonstillegg.

Individuelle arbeidsgivarpolitiske tiltak, basert på arbeidsgivar og medarbeidar sine behov (livsfasetilpassa arbeidsmessige-, lønns- og kompetansehevande tiltak skissert i medarbeidar-/ utviklingssamtalen), er ikkje ein del av denne særavtalen.