Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Intranett > Fagavdelingar > Tannhelse > Nyheiter > Bilder og presentasjonar frå etatssamlinga 2019

Kontaktpersonar

Anthony Normann Valen Anthony Normann Valen
Fylkestannlege
71 28 02 01
Send e-post
Morten Larsen Morten Larsen
Administrasjonsleiar
71 28 02 03
Send e-post

Bilder og presentasjonar frå etatssamlinga 2019

185 tilsette i den offentlege tannhelsetenesta var samla til fagleg påfyll, erfaringsutveksling og triveleg samvær på Scandic Parken i Ålesund 17. og 18. september. 

Vi øver på motiverande samtale.

Programmet sette fokus på mange av utfordringane dei tilsette møter i kvardagen på tannklinikkane.

Fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik understreka i si opningstale tannhelsetenesten sitt unike samfunnsoppdrag. Produksjonsmåla som er sett for behandlingsomfanget har blitt nådd dei siste åra, og fylkesrådmannen ga dei dei tilsette honnør for god innsats. Fylkestannlege Anthony Valen snakka om tannhelsetenesta sine oppgåver i eit samfunnsperspektiv - i spenningsfeltet mellom omsorg og effektivitet.

Tannlege dr. odont. Karin Sjøgren ga innføring i motiverande intervju som samtalemetode for å motivere til åtferdsendring. Overtannlege Siv Lilleholt tok for seg temaet omsorgssvikt og utfordringar rundt tannhelsepersonells meldeplikt. Rune Sundt frå Fossumkollektivet snakka om korleis vi kan møte rus, psykiatri og frykt. Barnevernsproffane frå Forandringsfabrikken utfordra oss på å høyre i dybden på barn og unges opplevingar i møte med tenestene. Vi fekk også innføring frå prosjektleiar Dag Lervik og fylkestannlegen i det krevjande omstillingsarbeidet i fylkeskommunen og korleis dette kan påverke organisering og struktur i tannhelsetenesta. Den nyåpna kompetanseklinikken vart presentert av overtannlege Are K. Hjeltnes, og mange fekk med seg omvising på klinikken.

Programmet og presentasjonane (fleir kjem etterkvart) frå samlinga er tilgjengeleg i høgremenyen.

DSCF6151
DSCF6154
3
3
5
6
7
DSCF6178
DSCF6181
DSCF6183
DSCF6186
DSCF6193
DSCF6187
DSCF6189
DSCF6190
DSCF6192
DSCF6198
DSCF6202
DSCF6203
DSCF6204
DSCF6206
DSCF6208
DSCF6191
DSCF6210
DSCF6212
DSCF6216
DSCF6218
DSCF6219
DSCF6220
DSCF6221
DSCF6228
IMG_1984
IMG_1983
DSCF6237