Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Intranett > Fagavdelingar > Tannhelse > Nyheiter > Tannhelsesekretærutdanning for vaksne

Kontaktpersonar

Wenche Muren
Leiar
71 28 12 14 / Mob. 995 97 673
Send e-post
Margit Ing-Marie Sundqvist
Tannpleier
71 28 46 20
Send e-post
Morten Larsen Morten Larsen
Administrasjonsleiar
71 28 02 03
Send e-post

Tannhelsesekretærutdanning for vaksne

Fylkeskommunen tilbyr no gratis vaksenopplæring for dei som kan tenkje seg ei framtid som autorisert tannhelsesekretær. Utdanningsløpet er komprimert og tilpassa vaksne som er i arbeid, med oppstart hausten 2014 og eksamen våren 2015. Opplæringa fører fram til ein tverrfagleg eksamen på VG3-nivå.

Omsorg

Som tannhelsesekretær må du ha god kommunikasjonsevne. (Ill.foto: Kreatoriet.no)

I den overordna tannhelseplanen for fylket, Regional delplan tannhelse, vedtatt av fylkestinget i oktober 2013, er eit av resultatmåla å lage eit utdanningsprogram for å sikre tilgangen på tannhelsesekretærar.

For fylkestannlegen er det viktig at alle som arbeider med pasientbehandling i den offentlege tannhelsetenesta er autorisert tannhelsepersonell. I dei komande åra vil det bli eit stadig aukande behov for nye tannhelsesekretærar.

I tillegg til dei som i dag allereie arbeider i den offentlege tannhelsetenesta utan autorisasjon, er utdanninga open for alle med vaksenrett, som har eit ønskje om å bli tannhelsesekretær. Alle søkjarar må ha fylt 25 år innan utgangen av 2014. Opplæringa fører fram til ein tverrfagleg eksamen på VG3-nivå. Fagsamlingane vil gå over 3 dagar (torsdag-fredag-laurdag), og vil vere lagt til både Molde og Ålesund.

Det er BORK Karriere & Kompetanse ved Borgund Vidaregåande skole som har det faglege og administrative ansvaret for utdanningstilbodet. Tannpleiar Ing-Marie Sundqvist ved kompetanseklinikken St. Carolus i Molde blir undervisningsansvarleg.

For tilsette i tanhelsetenesta utan autorisasjon vil det bli lagt til rette med permisjon med lønn for dei arbeidsdagane som går med til 6 faglege samlingar, dekning av reiseutgifter og lån av pensumlitteratur.  

Hovudpunkta i det komprimerte utdanningsløpet ser slik ut:

Opplegget

Utdanninga er lagt opp med ein kombinasjon av førelesningar, eigenstudie, nettbasert undervisning/oppfølging samt arbeid i grupper og individuelt. Det er lagt opp til fellessamlingar hausten 2014 og våren 2015. Utdanninga blir avslutta med tverrfagleg praktisk eksamen på vg3-nivå i mai/juni 2015. Det er BORK Karriere & Kompetanse ved Borgund Vidaregåande skole som har det faglege og administrative ansvaret for utdanningstilbodet. 

Dette er milepælane i utdanningsløpet: 

  • I veke 14 vil dei som blir tatt opp på utdanninga få delta på ei introduksjonssamling. Her vil det bli gitt informasjon om det vidare kursopplegget. Det blir lagt opp til individuelle samtaler der vi kartlegg kvar enkelt deltakar sin bakgrunn og kompetanse, sett opp eit opplæringsløp tilpassa den enkelte og legg eventuelt planer for realkompetansevurderingar der det er føremålsteneleg. 
  • 3 samlingar hausten 2014
    • 28.-30. august
    • 16.-18. oktober
    • 11.-13. desember 
  • 3 samlingar våren 2015
    • 26.-28. februar
    • 16.-18. april
    • 21.-23. mai
  • Mai/juni 2015: Eksamen. 

Fagsamlingane vil gå over 3 dagar (torsdag-fredag-laurdag), og vil vere lagt til både Molde og Ålesund. 

Korleis melde seg på ?

Registrer søknaden din på www.vigo.no seinast innan 23.03.14.

Det er viktig at denne registreringa blir så nøyaktig og korrekt som mogleg. Hugs også å sende «rett kopi» av attestar og vitnemål i posten til: BORK/Borgund vgs, Yrkesskolevegen 20, 6011 Ålesund.

Meir informasjon

Kontaktperson v/BORK er: Wenche Muren, tlf 70 17 00 00, epost: wenche.muren@mrfylke.no

På heimesida til BORK finn du også meir informasjon om utdanninga: http://www.borgund.vgs.no/Borgund-VGS/Utdanningstilbud/Voksenopplaering/BORK-Karriere-Kompetanse/Tannhelsesekretaer 

Du kan også få meir informasjon om utdanninga hos tannpleiar og undervisningsansvarleg Ing-Marie Sundqvist ved St. Carolus, tlf. 71 25 83 04 el. 984 99 671, e.post: ing-marie.sundqvist@mrfylke.no