Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Intranett > Fagavdelingar > Tannhelse > Rundskriv > 2012 > Rundskriv 16/2012 Plan for kompetanseutvikling i tannhelsetenesta - Strategi, mål og rammer 2013-2014

Kontaktpersonar

Anthony Normann Valen Anthony Normann Valen
Fylkestannlege
71 28 02 01
Send e-post
Morten Larsen Morten Larsen
Administrasjonsleiar
71 28 02 03
Send e-post

Rundskriv 16/2012 Plan for kompetanseutvikling i tannhelsetenesta - Strategi, mål og rammer 2013-2014

Til distriktstannklinikkane.

Samarbeids- og arbeidsmiljøutvalet i tannhelsetenesta godkjente i møte 15.11.2012, sak 16/2012, plan for kompetanseutvikling i tannhelsetenesta.

Overordna mål
Den offentlege tannhelsetenesta gir eit tenestetilbod som krev høg og spesialisert kompetanse, og tilhøva må leggjast til rette for at alle tilsette kan vedlikehalde og vidareutvikle sin kompetanse i takt med den faglege utviklinga innanfor tannhelsefaget. Vi må tenke strategisk riktig kompetanse i tråd med framtidige behov og krav til kvalitet på tenestene. Kompetanseutvikling i tannhelsetenesta handlar om å utvikle medarbeidarane sin kompetanse som organisasjonen treng for best mogleg måloppnåing.

Lærande organisasjon - kunnskapsbasert praksis
Tannhelsetenesta ønskjer å vere ein lærande organisasjon med kultur for læring, der dei tilsette lærar av kvarandre i fellesskap og får vidareutvikla sine evne i refleksjon over eigen praksis. Med fokus på oppdatert kompetanse og rett arbeidsfordeling, skal fagprofesjonane innan tannhelsetenesta samhandle om det best moglege behandlingstilbodet for pasientane.

Kompetanse - eit arbeidsgivarpolitisk satsingsområde
Fylkeskommunen sin arbeidsgivarpolitikk “Arbeidsgivarpolitikk for framtida”, legg premissar for nyskaping og utvikling av tilsette og organisasjonen. Møre og Romsdal fylkeskommune skal vere ein organisasjon med ein indre vilje til kontinuerleg utvikling og med tydeleg kultur for læring. Kompetanseutvikling og utviklingsarbeid inngår i  kjerneverksemda i Møre og Romsdal fylkeskommune som ein kontinuerleg prosess. Dette stiller krav til å ta i bruk ny teknologi og nye arbeidsformer med betre deling av informasjon og kompetanse.

Kompetansestyring
Kompetansestyring inneber målretta og heilskapleg satsing på kompetanse, med vekt på planlegging, gjennomføring og evaluering av tiltak for å sikre at den tilsette og organisasjonen når sine mål.

Ei analyse av kompetansebehovet skal skje i kvar av dei 5 tannhelsedistrikta og vere grunnlaget for distriktet sin kompetanseplan. Kompetansekartlegging er viktig for å bli bevisst kva for ressursar organisasjonen innehar, og kva vi treng av påfyll. Den enkelte tilsette skal sjølv registrere sin kompetanse (både formal og realkompetanse). Den årlege medarbeidar-/utviklingssamtalen skal ta opp i seg kompetanseperspektivet, og identifisere opplæringstiltak saman med andre tiltak som krev oppfølging etter samtalen.

Kompetansehjulet II

Kompetansehjulet i tannhelsetenesta med framdrift og fristar.

Vi tar planen i bruk

Planen består av fem delar med vedlagte malar/verktøy (lastast ned i høgremenyen). Planen tar for seg overordna mål, føringar og prinsipp for kompetanseutvikling (del 1 og 2), inneheld døme på kompetansetiltak (del 3) og klargjer  vilkår og rammer for individuell deltaking på kompetansetiltak (del 4). Økonomiske rammer framgår av del 5. Planen inneheld dessutan mal for dei distriktsvise kompetanseplanene som skal rullerast åreleg. Hovudelementa for iverksetting av planen følgjer nedanfor:

Kompetanseregistrering og -kartlegging (jf. s. 7 i planen)
Den enkelte tilsette registrerer sjølv sin kompetanse (både formal og realkompetanse). Kartlegginga skjer i Visma kompetansemodul.  Brukarnamn og passord for innlogging til kompetansemodulen er distribuert til alle tilsette per e-post tidlegare. Følgj denne rettleiinga for oppdatert informasjon, eller dersom brukarnamn og passord er gløymd: http://mrfylke.no/Intranett/Stoettefunksjonar/IT/Rettleiingar/IT-tenester-heimanfraa (Same oppskrift gjeld både for pålogging på jobb eller heimanfrå). Vi ber om at alle tilsette oppdatererar sin kompetanse innan utgangen av januar 2013.
Medarbeidar-/utviklingssamtale (jf. s. 6 i planen)
Overtannlegen (eller klinikkleiarane for større klinikkar) skal kvart år gjennomføre medarbeidar- og utviklingssamtale med sine tilsette som grunnlag for medarbeidarutvikling. Gjennom kompetansemodulen vil vi kartlegge kompetansebehaldninga og kople tilsette sine behov og ønskje for kompetanseutvikling tettare og meir forpliktande opp til gjennomføring av medarbeidar-/ utviklingssamtalen. Kompetansekartlegginga vil difor inngå som tema i den årlege medarbeidar-/utviklingssamtalen. Etter medarbeidar-/utviklingssamtalen skal det lagast ei oppsummering der kompetanseutviklingstiltak blir nedfelt saman med andre tiltak som krev oppfølging etter samtalen.
Distriktet sin kompetanseplan (jf. s. 7-8, 23-26 i planen)
Ei analyse av kompetansebehovet skal skje i kvart distrikt og vere grunnlaget for distriktet sin kompetanseplan. Eit klinikkleiarmøte i etterkant av gjennomførte medarbeidar-/utviklingssamtalar i distriktet, vil difor vere ein naturleg arena for overtannlegen for å utarbeide kompetanseplanen for distriktet. Kompetanseutviklingstiltak kan vere aktuelle for to eller fleire distrikt. Fylkestannlegen, gjennom overtannlegemøtet, identifiserer og samordnar distriktsovergripande kompetansetiltak. 
Kompetansestipend og utgiftsdekking (jf. s. 13-18 i planen)
Tildeling av kompetansestipend skal vere eit ledd i den strategiske kompetanseutviklinga og spegle tannhelsetenesta sitt behov for kompetanseutvikling i samsvar med prioritert kompetanse i distrikta sine kompetanseplanar. Vilkår og rammer for individuell deltaking på kompetansetiltak er klargjort i planen. Den tilsette sender søknadsskjema (s. 13 i planen) til overtannlegen for godkjenning før kompetansetiltaket (kurs, studium etc.) tar til. Etter gjennomført kurs/studium sendast reiserekning med alle originalbilag til overtannlegen for godkjenning. 
Finansiering (jf. s 19 i planen)
Fylkestinget har styrka kompetansebudsjettet i tannhelsetenesta med kr. 350.000,-for økonomiplanperioden 2013-16, og i alt kr. 1.150.000 blir fordelt årleg på distriktsnivå (inkl. kompensasjon for ekstra store reiseutgifter). Utgifter til reise og kostgodtgjersle for dei tilsette i samband med kurs skal gå av det beløpet distrikta har fått tildelt til kompetanseutvikling. Fylkestannlegen fører utgifter til kompetansetiltak på eit eige prosjektnummer; 1149 kompetansemidlar, slik at utgiftene til kompetansehevande tiltak blir synleggjort i rekneskapet på ein oversiktleg måte. Fylkestannlegen vil 2. kvar månad gi overtannlegane oversikt over kor mykje som er nytta av kompetansemidlane på distriktsnivå.