Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjernen&Hjertet

Hjernen&Hjertet

Hjernen&Hjertet er ny kvalitetsplattform for vidaregåande opplæring. Den nye kvalitetsplattforma er utvikla av Rambøll på oppdrag frå 17 fylkeskommunar.

I Hjernen&Hjertet får skoleeigar og skole samla kvalitets- og styringsdokument, resultat frå brukarundersøkingar som til dømes elevundersøkinga, lærling- og lærebedriftsundersøkinga og undervisningsevalueringa. Alt med tanke på å understøtte eit systematisk kvalitetsarbeid i den vidaregåande opplæringa.

Hjernen&Hjertet er ei IT-plattform som bygger på pedagogisk kunnskap og forsking om kva som er god praksis for skoleutvikling. I Hjernen&Hjertet blir innsamla data for alle nivå publisert på ein meiningsfylt, kvalifisert og handlingsorientert måte – med tanke på å understøtte kvalitetsutviklingsprosessar og dialog mellom dei ulike nivåa.