Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Office365

Skuleeigar hadde i skuleåret 15/16 uttesting av Office 365 og Google Apps for education. Fleire skular var involvert i testinga, som vart ein suksess. Skulane rapporterer at bruken har gitt gode resultat i kommunikasjon mellom lærarar og elevar, og at det fremjar læring og gir tilpassa opplæring.

web-o365

Vi ønskjer å tilrettelegge for bruk av både Office 365 og G-suite (før kjend som GAFE) for skulane våre frå og med skuleåret 2016/2017.

Innlogging er med Feidebrukar.

Det er viktig at skulane planlegg kva dei ønskjer å oppnå med og bruke desse systema, og det er tenkt som eit supplement til system vi har fra før.

Skuleeigar ønskjer å tilby tilråingar i bruk og kurs i desse pedagogiske verktøya, så ta gjerne kontakt ved behov og innspel.

Her er eit blogginnlegg om bruk av klassenotatbok (Onenote, O365): https://evabra.wordpress.com/2016/03/10/klassenotatblokk-onenote/

PS: Hugs personvernet ved bruk av skytenester (Personvernskolen.no).

Kontaktpersonar

Anders Aarø
Rådgivar
71 28 03 96 / Mob. 940 59 997
Send e-post
Gry Rishaug Hansen Gry Rishaug Hansen
Rådgivar
71 28 03 98 /
Mob. 416 43 033
Send e-post