Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ansvarsområde ved eksamen

Fylkesutdanningssjefen v/rådgivarar for eksamen har det overordna ansvaret for koordinering, gjennomføring og kvalitetssikring av eksamen. Skolane er ansvarlege for koordinering, gjennomføring og kvalitetssikring av eksamen på eigen skole.

Rådgivarar for eksamen sitt ansvar

  1. Trekke ut parti etter framlegg frå skolane.
  2. Nemne opp sensorar til dei munnlege, munnleg-praktiske og praktiske eksamenspartia til både dei offentlege og private vidaregåande skolane.

Rektor på vidaregåande skole sitt ansvar

  1. Sørge for at alle på skolen som er involvert i eksamensarbeidet kommuniserer fortløpande.
  2. Oppdatere sensorregisteret til lokalt gitt eksamen i Extens innan 22. februar (munnleg, munnleg-praktisk og praktisk).
  3. Foreslå sensorar til skriftleg eksamen i PAS-eksamen innan 1. oktober og 1. mars
  4. Registrere framlegg til eksamensparti for alle eksamensformar i eksamensmodulen i Extens innan 22. februar.
  5. Registrere eksamenskandidatar i PAS, til sentralt og lokalt gitt skriftleg eksamen innan 1. mars for våreksamen og 1. oktober for hausteksamen.
  6. Nemne opp sensorar til alle obligatoriske lokalt gitte eksamenar på eigen skole.
  7. For eleveksamen innan fag som finns berre på ein skole, finn skolen sjølv ekstern sensor.
  8. Sørge for at det blir utarbeidd eksamensoppgåver i fag med lokalt gitt eksamen (munnleg, munnleg-praktisk og praktisk). Oppgåvene skal leverast rektor innan 1. mai.
  9. Kvalitetssikre eksamensoppgåvene i fag med lokalt gitt eksamen (munnleg, munnleg-praktisk og praktisk) og sjå til at desse er utarbeidd i samsvar med forskrift og læreplan.
  10. Skolane gir informasjon til elevane ang eksamensreglement og klagefristar, samt rettleiing for eksaminandar.
  11. Sørge for at IT-avd. skole testar ut trådlaust nettverk, lokalt nettverk og liknande. Avvik løysast lokalt, eller meldast til IT-support.
  12. Eksamensoppgåver og anna informasjon vedrørande munnleg, munnleg-praktisk og praktisk eksamen, sendast frå skolen slik at sensor har dette i hende seinast 10 dagar før eksamen.
  13. Sørge for at sensorane samarbeider i forkant av eksamen.
  14. Ha gode rutinar for gjennomføring av skriftleg, munnleg, munnleg-praktisk og praktisk eksamen.
  15. Sørge for at svara for skriftleg eksamen leverast i PGS.

Rektor på fagskole sitt ansvar

Som eit generelt prinsipp skal eksamen leggjast så nært opp til skoleslutt som mogleg. Dette gjeld både munnleg og skriftleg eksamen. Rektor ved den einskilde skole har ansvar for:

  1. Å trekkje ut elevar
  2. Å sjå til at det blir laga eksamensoppgåver og kvalitetssikre desse
  3. At eksamen blir gjennomført på rett måte