Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Klage på eksamen

   
   

Skriftleg eksamen  

Klage på karakter til skriftleg eksamen er regulert i forskrift til opplæringslova § 5-9.

Vi viser til Utdanningsdirektoratet si heimeside for informasjon om klagefrist og saksbehandling:

https://www.udir.no/eksamen-og-prover/eksamen/administrere-eksamen/

Registrering og sending av klage

Skolen skal registrere alle klagene i PAS-eksamen. IKT-baserte svar blir tilgjengeleg for klagenemndene som ved primærsensuren.

Om skolane har sendt inn papirsvar, skal originalsvaret sendast saman med ein følgjeseddel som blir skriven ut frå eksamenstenesta under "Kandidatstatus, karakter og klage". Skolen blir oppmoda om å ha ein kopi av svaret. Dokumenta må sendast som registrert post med sporing (t.d. «Ekspress over natta») til mottakaren. Oversikt over kven som har ansvar for klagebehandlinga finn ein i eksamenstenesta under menypunktet Klageansvar. Merk konvolutten med: Klagebehandling.

Hurtigklager

Kandidatar som ønskjer rask behandling av si klage i eit fag der det er mogleg, må rekne med å få ein forkorta klagefrist. Vi ber skolane spesielt informere kandidatane om dette.

Resultat av klagebehandlinga

Skolen finn klagenemnda si grunngiving og endeleg karakter i PAS-eksamen. Skolen er ansvarleg for at klagaren får melding om resultatet av klagebehandlinga.

Munnleg eksamen og andre ikkje-skriftlege eksamenar

Klage på munnleg eksamen og andre ikkje-skriftlege eksamenar er regulert i forskrift til opplæringslova §§ 5-10 og 5-11.

Utan dokumentasjon som kan vurderast

For eksamenar der det ikkje ligg føre dokumentasjon som kan vurderast av ei klagenemnd, kan det berre klagast på formelle feil som kan ha noko å seie for resultatet. Klaga må fremjast skriftleg og sendast Utdanningsavdelinga snarast mogleg. Klaga og fråsegna sendast til Utdanningsavdelinga elektronisk i ePhorte, kopi av fråsegnene sendast per post til klagaren.  Sjå rutine.

Hugs å leggje ved:

  • klage frå eleven
  • fråsegn frå sensor
  • fråsegn frå eksaminator
  • fråsegn frå rektor

Med dokumentasjon som kan vurderast

Dersom ein slik eksamen resulterer i dokumentasjon som kan vurderast fagleg av ei klagenemnd, skal skolane sende klaga til Utdanningsavdelinga så snart som mogleg. Gult klageskjema skal nyttast. Klageskjema sendes til Utdanningsavdelinga elektronisk i ePhorte. Sjå rutine.

Dokumentasjon som ikkje kan skannast, t.d. produkt, sendast som registrert post med sporing (t.d. «Ekspress over natta») til Utdanningsavdelinga.

Kontaktpersonar

Ann-Christin Hoel Lervik Ann-Christin Hoel Lervik
Rådgivar
71 28 04 04 /
Mob. 414 18 862
Send e-post
Einar Hoem Einar Hoem
Rådgivar
71 28 03 97 /
Mob. 934 95 873
Send e-post

Dokument