Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Intranett > Fagavdelingar > Utdanning > Eksamen > Tiltak i samband med eksamensgjennomføring og IT-system

Tiltak i samband med eksamensgjennomføring og IT-system

Skolar: Dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal fylkeskommune har primært ansvar for å teste ut naudsynte IT-tenester og melde frå om avvik til rett kontaktpunkt i Utdanningsavdelinga og IT-seksjonen.

 

IT-avd. skole: Testar ut trådlaust nettverk, lokalt nettverk, aksess til tenester i datasenteret, Fylkeshuset, aksess til internett og eksternt hostede IT-tenester. Avvik løysast lokalt, eller meldast til IT-support.

 

Skoleleiing: Testar ut PGS, eksamensadministrasjonssystem, FEIDE og Tilgangskontroll – Internett. Avvik meldast Utdanningsavdelinga, med unntak av den siste, hvor IT-seksjonen er kontaktpunkt.

 

Utdanningsavdelinga: Ansvarleg for eksamensavviklinga i Møre og Romsdal fylkeskommune, og er skolane sitt kontaktpunkt for Utdanningsdirektoratets eksamensportal og Skoleadministrasjon ovanfor skolane. Fylkesmannen er utdanningsavdelinga sitt kontaktpunkt om problemstillingar med PAS/PGS.

 

IT-seksjonen: Har det tekniske driftsansvaret for alle IT-tenester, og som eit ledd i denne testrutina så stiller IT-seksjonen med rett kompetanse tilgjengelig kvar eksamensdag kl. 08:00, og skal vere tilgjengeleg på telefon kl. 07:00 kva angår løysningsekspertise, for å kunne raskast mogleg få normal drift om nokon IT-tenester fell heilt eller delvis ut. Sekundært bidra til at evt. naudløysingar vert sett i drift.

 

Kritiske periodar i samband med våreksamen er frå 19. mai til 6. juni. For hausteksamen er perioden ca. 18. november til og med ca. 7. desember (NB! Skilnad på privatistskolar og andre skolar).

Det er i eksamensperiodar viktig å teste relevante system og det må være hurtig kommunikasjon mellom eksamensleiar – rektor – IT skole - eksamensrådgivarar – IT seksjon.