Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kommunikasjonsarbeid i vgs

Kommunikasjonsarbeid i vgs

Her finn du retningsliner for kommunikasjonsarbeid for dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal fylkeskommune. Du finn meir utfyllande informasjon i kommunikasjonsstrategien, som vart vedteken i mars 2015. 

Om pressekontakt:

Rektor skal, og kan uttale seg på vegner av skolen, og står fritt til å avgjere i kva grad tilsette ved skolen kan uttale seg til pressa. Kontroversielle saker skal klarerast med utdanningsavdelinga på førehand. I samband med dette, skal ein rutinemessig varsle informasjonsseksjonen. I krisesituasjonar kan informasjonsseksjonen bistå med mediehandtering.

Pressemeldingar:

I motsetnad til sentraladministrasjonen, står skolar fritt til å sende ut pressemeldingar på eiga hand. Pressemeldingar blir sendt med kopi til info@mrfylke.no og utdanningsavdelinga. Kommunikasjonsseksjonen kan gi råd når det gjeld bodskap og utforming, og har oppdaterte e-postlister til media.

Saker på eigne nettsider:

Rektor har redaktøransvar for eigne sider. Alle saker som kan vere av regional interesse og/eller av interesse for ungdom, skal krysspubliseras til mrfylke.no.

Grafisk profil:

Skolar skal ha rom til å differensiere seg noko frå Møre og Romsdal fylkeskommune si overordna grafiske profil, det er difor laga eigne grafiske element for kvar skole. Alle skolane har logo som er basert på Møre og Romsdal fylkeskommune sin logo – logoen består av fylkesvåpenet + skolenamn. Alle skolar skal nytte same profilfargar og same typografi som fylkeskommunen, dette er definert i skolen sin profilmanual. Det er rom for å velge seg ei eller fleire hovudfargar blant profilfargane, slik at skolen får sine "eigne" fargar/fargekombinasjonar.

Nett:

På nett skal dei ulike skolane nytte same tekniske plattform, og det same overordna malsettet.

Profileringsartiklar:

Skolar har fridom til å bestille eigne profileringsartiklar, så lenge ein held seg innanfor innkjøpsregelverk og dei overordna retningslinene til skolen, samt fylkeskommunen sin grafiske profil.

Brevmalar:

Skolane skal nytte standard brevmalar, men kan om dei ønskjer nytte eigen logo, i tillegg til fylkeskommunen sin logo.

Annonsar:

All annonseproduksjon skal gå gjennom kommunikasjonsseksjonen. På intranett finn du bestillingsskjema for å bestille annonser. Alle stillingar blir no annonsert kun digitalt, og dei fleste kunngjeringar blir også kun annonsert digitalt.

Skilting:

Ny skilting skal følge overordna retningsliner til fylkeskommunen. Det vart utarbeida ein ny skiltmal i 2015, som viser korleis nye skilt skal setjast opp. Gamle skilt med einskapslogo må skiftast ut av skolen.