Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Intranett > Fagavdelingar > Utdanning > Rundskriv > 2005 > Rundskriv 10/06 Innhenting av standpunkt- og eksamenskarakterar skoleåret 2004/2005

Rundskriv 10/06 Innhenting av standpunkt- og eksamenskarakterar skoleåret 2004/2005

 
Jrn./Arkiv:                                Molde, 07.06.2005
MR 11573/2005/A40
 
Til:
Dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal

INNHALD

Så er vi klare for innhenting av standpunkt- og eksamenskarakterar for skoleåret 2004/2005.

Før skolane melder frå til utdanningsavdelinga om at data er klare for eksport, så skal data vere kontrollert og eventuelle feil vere retta opp. Skolane skal kvalitetssikre sine data etter retningslinjer som er utarbeid for IST Extens.

Sjå og kursmateriell utdelt på "ryddekurs" 10. og 15. mars i år. Ta kontakt med dei som var på kurset, for å sjå kursmateriell. Dei skolane som ikkje var på kurset, får heftet vedlagt dette brevet. Bruk også hjelpedokumentet på Extens.

Vedlagt finn de ei rettleiing for dette arbeidet samt forslag til sjekkar som bør vere gjort.

Kva gjer vi med søkjarar til VKI, VKII eller lærefag - som ikkje er kvalifisert til å gå vidare?Som de er kjent med frå tidlegare innhentingar av karakterar, så er vi grunna korte tidsfristar i samband med inntak, avhengig av hjelp frå skolane for å kunne stoppe søkjarar som ikkje er kvalifisert.

I fleire år har vi hatt problem med at elevar søkjer høgare nivå utan å vere kvalifiserte, og kome inn på ledige plassar. Det er Forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling av lærlingar og lærekandidatar til lærebedrifter, §§6-22 og 6-23 som regulerer dette forholdet.

I forskrifta går det fram at skolen etter intern vurdering likevel kan vurdere at ein elev kan gå vidare dersom det er dokumentert at søkjaren har kunnskapar til å følgje undervisninga. Dette altså sjølv om eleven har 1, 0 eller er utan karakter i fag det blir bygd vidare på. Utgangspunktet er likevel at ein må ha bestått i fag det blir bygd vidare på i det vidaregåande kurset.

Dersom ein elev går vidare utan bestått i alle fag vil han/ho måtte ta opp desse faga dersom målet er full kompetanse. Når det gjeld elevar som har mål om å ta fag/sveinebrev så er det Forskrift om vurdering i vidaregåande opplæring §§ 4-50 – 4-52, som omhandlar kva krav som må vere oppfylte før ein kan framstille seg til fag/sveineprøve. Dersom ein har ikkje bestått i meir enn to av dei felles allmenne faga, så får ein ikkje framstille seg til fag/sveineprøve. Dersom ein har ikkje bestått i inntil to av faga, kan ein i visse tilfeller søke om dispensasjon.

Ukvalifiserte søkjarar blir ikkje stoppa i Vigo – Skolen må ta ansvar

Sjølv om utgangspunktet altså er at desse elevane som ikkje har bestått, ikkje er kvalifisert til å gå vidare, så klarar ikkje inntaksprogrammet vårt å vurdere dette. Så lenge dei har karakterpoeng nok, så vil dei altså vere med i inntaket.

Send oss ei oversikt over dei elevane de meiner ikkje er kvalifisert til å gå vidare

Vi ber om at skolen sender oss ein oversikt over dei elevane som skolen meiner ikkje er kvalifiserte til å gå vidare. Skolane må då ta ansvar for at desse elevane får/har fått informasjon om at dei er ukvalifiserte til å gå vidare, og at han/ho vert oppfordra til å sende inn endring av søknaden til eit kurs som søkjaren er kvalifisert til.

NYTT: Alle elevar overføres til sluttskole – Bruk av basisgruppekode

På grunn av krav om rapportering til SSB og Statens lånekasse, har IST kome med ei anbefaling om at alle elevar blir overført til sluttskolen når skoleåret er slutt, samt at basisgruppekoden startar med skoleåret. Dette betyr at elevar som har gått eit tre-årig løp er "dobbeltelev" med 3 kort når ho/han er ferdig. På alle desse 3 korta vises alle fag for alle tre år, men felta enhet og utdanning i aktivitetsfliken vil vise på kva for år og kurs dei er tatt.

De finn meir informasjon om oppflytting til sluttenhet og fagtildeling i eit eige skriv. Dette er sendt på e-post til kontaktperson (-ar) for IST Extens og leiinga ved skolen (frå Guttorm Vik).

I eksempla som IST bruker vil de sjå at ny basisgruppe har fått eit format med 10 teikn.

På grunn av avgrensing i Vigo, må skoleår + basisgruppe ikkje overstige 8 teikn. Om det blir lagt inn fleire enn 8 teikn, vil det føre til feilmelding ved innlasting til Vigo og berre dei 8 første teikna vil vise i Vigo.

Vi ber om at skolane bruker denne malen for oppretting av Ny basisgruppe:

skoleår (4 teikn) + basisgruppe (4 teikn)

Eksempel: 05062AFB

Det er viktig at skolane ikkje flyttar elevar over til sluttskole, før skoleåret og endeleg karakterinnhenting er avslutta.

Klage på karakterar:

Dersom det er elevar som får medhald i klagar på karakterar i løpet av sommaren, så er det viktig at de sender oss melding om ny karakter så snart det er klart.

Startdato i skole(Inntaksfliken) – skal berre fyllast ut (av skolen) for elevar som startar etter at inntaket er lasta inn frå Vigo, elles skal den vere tom. Sjå hjelpedokumentet i Extens. Elevar som har fått norsk fødsels- og personnummer:

Meld frå om desse før vi skal laste inn karakterane, slik at vi kan rette opp i Vigo først.

Teknisk fagskole:

Som de er kjent med har vi krav om rapportering av desse elevane både til SSB og Lånekassa. For at vi skal sleppe å ta dei att på eit seinare tidspunkt, ber vi om at kontrollrutinane som er laga også vert nytta for desse elevane.

Elektroniske inntaks- og ventelister

Rutinar for elektronisk inntaks- og venteliste vil bli sendt ut seinare.

Tidsfrist for tilbakemelding om at karakterdata er klargjort for overføring til VIGO

Så snart karakterdata frå skolen er kvalitetssikra i forhold til overføring til VIGO, gje melding på e-post til denne adressa:

inntak@mrfylke.no

Dette skal vere med i tilbakemeldinga:

  Karakterdata klar til overføring
  Oversikt over elevar som er ukvalifiserte til å gå vidare
  Melding om ny karakter ved klage
  Melding om ny karakter ved forbetra prøve
  Fritatt på grunn av tidlegare fullførte fag; send inn desse på papir.

Skolane får frist på seg til fredag 24. Juni 2005 med å klargjere data for eksport. Første gongs inntak vert kjørt 6. juli 2005.

 

Per Hoem

Anita K. Waatvik