Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Rundskriv 11/05 Skoleval 2005

 
Jrn./Arkiv:                                Molde, 07.06.2005
MR 11165/2005/A40
 
Til:
Dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal
Vestborg vgs
Folkehøgskolane i Møre og Romsdal

Innhald

Vi viser til brev frå Utdanningsdirektoratet av 07 04 05 om "Stortings- og sametingsval 2005 – Prøveval på vidaregåande skular", og til e-post til skolane med framlegg til plan for debattmøta i år.

Utdanningsavdelinga hadde 01 06 05 møte med dei politiske ungdomsorganisasjonane i Møre og Romsdal for å drøfte opplegget framfor valet 2005. Her var 5 parti representert. Det var semje om følgjande :

a) Det er viktig å slutte opp om opplegget slik det er skissert i brev m/vedlegg frå Utdanningsdirektoratet. Skoleval-opplegget er meint å gå i nn som ein del av den planlagde undervisninga, som m.a. skal gi innsikt i samfunnssystemet og motivere til samfunnsansvar og -engasjement. Det er ønskeleg at alle elevane får høve til å delta i opplegget.

b) Av pedagogiske og tidsmessige årsaker er det eit ønske å ha ei avgrensing av talet på parti som skal delta i skolevaldebattane. Det er 13 godkjente vallister i Møre og Romsdal i år. Vi oppfordrar til at deltakinga blir avgrensa til dei 8 partia som er representert på Stortinget. Andre parti som likevel ønsker å delta, må melde frå og varsle om kva for skolar dei eventuelt vil delta på.

c) Partia sa seg fornøgd med framlegget til tidsplan som vart lagt fram, med skolevalmøte i perioden 29 08 – 02 09 05. Utdanningsavdelinga undersøker i kva grad folkehøgskolane ønsker å delta, slik at dette kjem fram på vedlagte tidsplan. (Framleis har ikkje alle gitt svar!)

d) Fylkesvalstyret har bede kommuneadministrasjonane sikre nok røystesetlar også til skolevala. Skolane må såleis samarbeide med kommuneadministrasjonane om å skaffe røystesetlar.

e) Kommunal og regionaldepartementet (KRD) har i brev av 24 05 05 oppfordra kommunane til m.a. å legge til rette for førehandsrøysting på vidaregåande skolar, for å styrke valoppslutninga. Vi kjenner til at dette blir følgt opp i nokre av kommunane i fylket, og oppfordrar skolane og kommunane til å gjere seg nytte av denne moglegheita.

f) Partia vart på møtet oppfordra til – så tidleg som råd – å sende informasjonsmateriell til skolane. Det er ønskeleg å ha tilgang til materiell med ulike fordjuping og vanskegrad. Vi minner elles om at dei fleste partia – og også ungdomspartia - har gode nettsider, der ein kan finne svært mykje informasjon.

g) Partia er ansvarleg for å finne fram til paneldeltakarar og få desse fram til møta i rett tid. Det er ønskeleg at skolane får oversikt over kven som kjem frå dei ulike partia til dei ulike møta, og partia var samde om å ha som mål å sende ein slik oversikt til Utdanningsavdelinga innan 08 08 05 for distribusjon derifrå til skolane. Eventuelle fråfall frå partia må meldast direkte til skolane.

h) FpU har tatt på seg å koordinere informasjon frå/til /mellom partia som skal vere med på debattane. Det er svært viktig at alle partia sender oppdaterte adresselister både til FpU, til Utdanningsavdelinga (v/ Eivind Hasle) og til Fylkesdirektøren (v/juridisk seksjon).

Om gjennomføringa elles
Som det går fram, er det lagt opp til 5 møtedagar. 02 09 er siste dagen, slik at skolane skal kunne rekke å telle opp valresultatet og rapportere til NSD. Møteplanen er lagt opp slik at kvart "politikar-team" kan ha 2 møte pr dag, til dømes Sykkylven og Stranda. Den skolen som står først, skal ha møtet tidleg, ca kl 0900, medan det andre møtet startar ca kl 1200. Det er viktig at skolane hjelper til med å passe tida, slik at politikarane rekk fram til neste møte.

Ungdomspartia ønsker at tidlegare mal for debattane blir følgt, med ei innleiing og avslutning frå partia , og med ordskifte i mellom. Det er viktig å arbeide for å få fram spørsmål frå elevane. Paneldebattane er ein del av opplæringa, og det må derfor leggast vekt på eit seriøst og motiverande opplegg. Spørsmål og interesser hos elevane må komme i første rekke, og ikkje t.d. spørsmål frå lærarar og journalistar.

Skolane bør såleis førebu debattane på best mogleg måte, m.a. gjennom bruk av læringstid. Det må leggast stor vekt på ryddig og upartisk møteleiing, der partia får likeverdig behandling, taletida blir respektert etc. "Skittkasting" bør møteleiar slå ned på. Partia er samde om at dei skal arbeide for å få mest mogleg balanserte panel med tanke på kjønn, erfaring og kunnskapar, og det er ønskeleg med flest mogleg unge og lokale debattantar.

Reint teknisk bør det vere fleire mikrofonar til disposisjon, og tydelege skilt med partinamn slik at elevane kan skilje mellom partia.

Utdanningsavdelinga ønsker elles at skolane stiller seg positivt til at partia før høve til å markere seg på skolane utanom sjølve debattane, både med informasjonsmateriell, stand og partibesøk som ledd i undervisninga. Dette må likevel skje i samråd med skoleleiinga.

Det er ønskeleg at elevane/elevråda blir trekt med i arbeidet så langt som råd, sjølv om skolevala kjem svært raskt etter skolestart.

For detaljar viser vi elles til rundskrivet frå Utdanningsdirektoratet.

 

 

Per Hoem

Eivind Hasle

 

Gjenpart:
Fylkesrådmannen v/ juridisk seksjon
Fylkesordføraren
Informasjonsavdelinga
YN /UTD
Dei politiske ungdomspartia
Dei politiske partia
Massemedia i Møre og Romsdal
 
Vedlagt tekst:
Vedlegg :
- adresseliste for skolane
- adresseliste for partia / ungdomspartia
- tillitsvalde for dei godkjente stortingsvallistene
- tidsplan for skolevala