Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Intranett > Fagavdelingar > Utdanning > Rundskriv > 2005 > Rundskriv 12/05 Klagebehandling - eksamen og standpunkt - 2005

Rundskriv 12/05 Klagebehandling - eksamen og standpunkt - 2005

 
Jrn./Arkiv:                                Molde, 10.06.2005
MR 11889/2005/A40
 
Til:
Dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal

Innhald

1. Generelt
For nærareopplysningar om prosedyrer m.m. syner ein til kap. 5 i forskrift til Opplæringslova.

For alle klager gjeld ein klagefrist på 10 dagar.

Ein ber skolane informere spesielt om følgjande:
- ved klage på standpunktkarakter, karakter ved munnleg eksamen, eksamensresultat ved andre, ikkje-skriftlege eksamenar og klage over karakter i orden og åtferd kan klageinstansen berre vurdere om gjeldande føresegner om karakterfastsetjing er følgde. (Skolane må her merke seg §§ 4-5 og 4-17 i forskrift til Opplæringslova). Det er altså berre eventuelle formelle feil som kan vere grunnlag for å be rektor om å gjennomføre ny vurdering.

-

Klagebehandling er ikkje det same som ny sensur på fritt grunnlag. Ei eventuell klagenemnd (gjeld punkt 3 og 5 nedanfor) skal vurdere om den gitte karakteren er urimeleg. Før ein klage blir sendt, er det ein fordel å rådføre seg med ein faglærar. Dei aller fleste klagene medfører ikkje endring i karakter.
2. Sentral gitt eksamen med sentral sensur
Vi syner til rundskriv frå Utdanningsdirektoratet – 9- 2005, datert 13.05.2005.
 
3. Lokal gitt skriftleg eksamen og sentral gitt eksamen med lokal sensur
- skolane sender frå seg klager så snart som mogleg, og dei må vere hos utdanningsavdelinga innan 15. august 2005
- gult klageskjema skal nyttat
- Hugs å leggje ved eksamensoppgåver
4. Standpunktkarakterar

- skolane sender frå seg klager så snart som mogleg, og dei må vere hos utdanningsavdelinga innan 15. juli 2005
- vedlagte skjema kan nyttast
- Hugs å leggje ved:
o fråsegn frå faglærar (F §5 -12)
o fråsegn frå rektor (F §5-12)
o kopi av eventuelle varslingsdokument (F §4-17)

5. Andre eksamenar

A. Dersom ein slik eksamen resulterer i dokumentasjon som kan vurderast fagleg av ei klagenemnd, kan ein følgje same prosedyren som for skriftleg eksamen (F §5-9 og punkt 3 over).

B. For andre eksamenar gjeld at:

- skolane sender frå seg klager så snart som mogleg, og dei må vere hos utdanningsavdelinga innan 15. juli 2005
- vedlagte skjema kan nyttast
- Hugs å leggje ved:
o fråsegn frå sensor og eksaminator (F §5-10)
o fråsegn frå rektor (F §5-10)
6. Orden og åtferd (F §5-13)

- s

kolane sender frå seg klager så snart som mogleg, og dei må vere hos utdanningsavdelinga innan 15. juli 2005
- Hugs å leggje ved:
o fråsegn frå klassestyrar
o fråsegn frå rektor
o kopiar av ordensreglement for skolen
o utskrift av protokoll som viser korleis skolen har behandla saka
o kopi av eventuelle varslingsdokument (F §4-17).
I ein del tilfelle kan skolen ordne opp utan å sende klagen vidare (t.d. der faglærar eller andre har ført feil karakter).

Spørsmål i samband med klagesaker kan rettast til Oddlaug Hovdenak, Eivind Hasle eller Jan Helge Torp.

 

 

Per Hoem

Oddlaug Hovdenak

 

Gjenpart:
Fylkesdirektøren
Fylkesordføraren
Lærarorganisasjonane
Yrkesopplæringsnemnda
Utdanningsutvalet
 
Vedlagt tekst: 
Klageskjema for standpunkt og munnleg eksamen