Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Intranett > Fagavdelingar > Utdanning > Rundskriv > 2005 > Rundskriv 13/05 Kunnskapsløft og kompetanseutvikling 2005/2006

Rundskriv 13/05 Kunnskapsløft og kompetanseutvikling 2005/2006

 
Jrn./Arkiv:                                Molde, 06.07.2005
MR 11966/2005/A40
 
Til:
Dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal

Innhald

Vi vil gi ei orientering om etterutdanning og kompetanseutvikling skoleåret 2005/06, så langt vi har oversikt no. Den vedtatte Mål- og tiltaksplanen er styrande for aktiviteten. Samtidig arbeider både nasjonale styresmakter og vi med oppfølging og konkretisering av "Kunnskapsløftet", noko som kan påverke prioriteringane framover.

Konkrete tiltak – med hovudvekt på hausten 2005 – og redigert ut frå Mål- og tiltaksplanen

A. TILPASSA OPPLÆRING

a) Leiaropplæringsprogrammet: Siste samling blir i Geiranger 25-27 10, med etikklærande organisasjonar som hovudtema. Vidareføring av leiarutviklingsprogrammet er innarbeidd i planane for Kunnskapsløftet med 1 samling kvart år, pluss nettverk og skolebesøk. 8 skolar på Sunnmøre vil få skolebesøk i september-oktober.

b) Prosjekt gruppeorganisering: Pulje 3 og 4 av kontaktlærarskoleringa skal gjennomførast 20 09 og 09 11, og 21 09 og 08 11.

c) Kunnskapsløftet og faglege nettverk
Det blir i haust etablert faglege nettverk for programfag i vg1 i yrkesfaglege utdanningsprogram, for Idrettsfag/kroppsøving, for Musikk, dans, drama og for Formgjeving (studieførebuande program) og for dei 6 gjennomgåande fellesfaga, i alt ca 25 faglege nettverk. Nettverka vil vere både ein fysisk og ein elektronisk møtestad for lærarar. Arbeidet i nettverka vil i første rekke ha fokus på utvikling av felles læreplanforståing som grunnlag for likeverdig opplæring, fagleg og didaktisk kompetanse-utvikling, og eventuell samordning av læreplanhøyringar. I slutten av august vil skolane bli nærare orientert om arbeidet med etablering og drift av nettverka. Det blir elles lagt opp til ei samling for nettverksleiarar/nestleiarar i Molde 27-28.09. Aktuelle tema : Læreplankunnskap, bruk og drift av elektroniske nettverk, og planlegging av nettverkssamlingar på grunnlag av registrerte kompetansebehov.

Som vedlegg til dette rundskrivet følgjer eit førebels oversyn over nettverka.

d) Strategiplanar / læreplanhøyringar

I tilknytning til Kunnskapsløftet, dei nasjonale strategiplanane og framlegga til nye læreplanar, blir det i haust arrangert følgjande fylkeskonferansar:

I "Kunnskapsløft – kva og korleis ?" – Hotell Seilet, Molde 31 08 (jf eige rundskriv)

II "Fysisk aktivitet og mat i skolen" ( om aktuelle læreplanar, erfaringsutveksling og idear til utviklingsarbeid). Fylkeskonferanse på Alexandra i Molde 14-15 09 (jf eige rundskriv). Vi oppfordrar spesielt Kultur- og nettverksskolane til å delta på samlinga, og vil prøve å få til eit eige møte med desse skolane under samlinga.

III Ny læreplan i norsk ? "Gi rom for lesing" / læreplanen i norsk - konferanse i Ålesund 15-16 11 05 ved Fylkesbiblioteket, Høgskulen i Volda og Nasjonalt senter for nynorsk I opplæringa.

Det må elles nemnast at Utdanningsdirektoratet etter siste planar legg ut nye læreplanar (pulje 1 ) 08 08. Framlegg til læreplanar (pulje 2, hovudsakeleg vg1 yrkesfag) blir sendt på høyring 15.august, med høyringsfrist 1. november. Møre og Romsdal (både fylket og Utdanningsforbundet) har fått eit spesielt ansvar for å følgje opp læreplanane i musikk. Det blir truleg eit arbeidsseminar om læreplanframlegget for Musikk, dans, drama 24.08.

e) Skolebibliotekutvikling

I tilknytning til Kunnskapsløftet blir sett i gang eit kompetansetiltak for å utvikle skolebiblioteka som læringssenter på skolane, og samtidig styrke informasjonskompetansen og arbeidet med lesestrategiar og lesestimulering. Det blir lagt opp til 5 samlingar, (2 hausten 2005, og 3 våren 2006), 2 deltakarar pr skole, og med arbeid på skolane mellom samlingane. Opplegget blir fagleg leia frå Biblioteksentralen, og både Fylkesbiblioteket og utdanningsavdelinga deltar (jf rundskriv 8/05).

f) Elevmedverknad : Dagskurs for elevråd/elevrådsmedlemmar i samarbeid med Elevorganisasjonen. Blir gjennomført i slutten av september.

g) Dei spesialpedagogiske og sosialpedagogiske støttesystema :

  • forskriftsendringar vil bli sendt på høyring h-2005, ma om rådgjevingstenesta
  • PP-systemet er under vurdering, vil bli konkludert hausten 2005
  • Gjennomgang av Oppfølgingstenesta står for tur

Alt må sjåast i samanheng med revidert opplæringslov, og framlegg til nye forskrifter (jf m.a. Opplæringslovas kpt 5 om spesialundervisning)

Det blir lagt opp til eit møte med PP-tenesta i september/oktober m.a. for gjennomgang av rettstryggleiksproblem.

I tillegg blir det 2 informasjonsmøte i november om særskiltinntaket, og truleg informasjonsmøte om ordinært inntak (på grunn av den nye strukturen) i januar 2006.

h) Vurdering : Utdanningsdirektoratet har fastsett tidspunkt for gjennomføring av nasjonale prøver 2005/06. Nye prøver for 10.trinn og grunnkurs (VG1 ) vil ikkje bli gjennomført før hausten 2006.

i) Instruktørkurs – opplæring i bedrift : Det blir lagt opp til 2 kurs for instruktørar i haust, i Molde og Ålesund, truleg i veke 42 og 43. Reforma vil vere eit sentralt tema (jf ny struktur, nye læreplanar, kompetanseplattformene, mappevurdering etc.)

j) Det blir samling for Opplæringskontora 03-04 10 på Åndalsnes.

k) Ungt Entreprenørskap: Entreprenørskapsveka i år er 26-30 09. Det blir arrangert ein kursdag om elevbedrift 28 09.

B. LÆRING OG UTVIKLING

Læringsplakaten, læringsmiljø og sikring av opplæringskvalitet vil vere sentrale tema både i vidareføringa av leiarutviklingsprogrammet og i arbeidet i dei faglege nettverka.

C. DIVERSE

a) Rektorsamlingar : Det blir lagt opp til jamlege rektorsamlingar, spesielt for å samordne arbeidet med Kunnskapsløftet.

Det blir vurdert å gjennomføre ein studietur for rektorane i løpet av skoleåret 2005/06.

b) Nettverket for merkantilt personale legg opp til ei 2-dagars samling i Molde i september/oktober som vi oppfordrar skolane til å legge til rette for deltaking på.

c) Det blir truleg ein skoleringsdag i Extens om registrering av vaksne i løpet av september.

d) Utdanningsavdelinga legg opp til 4 regionale konferansar med kommunane på nyåret 2006: Søre Sunnmøre 24 01 06, Nordre Sunnmøre 26 01, Romsdal 31 01 og Nordmøre 02 02. På desse konferansane er det også ønskeleg at "kontakt-rektor" frå dei vidaregåande skolane deltar. Arbeidet med Kunnskapsløftet vil sikkert vere eit sentralt tema.

e) Internasjonalisering : TV-aksjonen 2005 har tittelen "Drømmefanger" og har vald mot kvinner som hovudtema.

Den er nært kopla saman med Operasjon Dagsverk/Internasjonal veke, som i år har hovudfokus på menneskehandel/ trafficking.

I tillegg må nemnast at Ålesund kommune saman med FN-sambandet og Utanriksdepartementet har eit stort opplegg for internasjonal veke 19.-24.oktober, med FNs tusenårsmål som gjennomgåande tema.

f) Kultur- og nettverksskolane må merke seg spesielt at Kulturtorget dette skoleåret blir 26-28 01 06

g)lokalt utviklingsarbeid

Vi vil gjerne understreke at svært mykje utviklingsarbeid no må skje lokalt, knytt til tenkinga om skolen (den enkelte skole og skolen i nettverk) som lærande organisasjon. Det gjeld t.d. den løpande vurderinga av tiltak for å halde fråfall/bortval på eit lågt nivå, det gjeld utviklingsarbeid knytt til programfag, og det gjeld læreplanarbeid. Det er og viktig at den enkelte skolen i dette arbeidet ser seg sjølv i samanheng horisontalt og vertikalt, dvs. i nettverk med andre vidaregåande skolar og fagmiljø, men også i nettverk med grunnskolen og primærkommunane, og med lærebedrifter og opplæringskontor. Idealet er at den enkelte ungdom/brukar skal oppleve god heilskap og samanheng i læringsarbeidet og livsløpet sitt.

 

 

Per Hoem

Eivind Hasle

 

Gjenpart:
Fylkesdirektøren
Fylkesordføraren
Lærarorganisasjonane
Elevorganisasjonen
Utdanningsutvalet
Yrkesopplæringsnemnda
Høgskolane i fylket