Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Intranett > Fagavdelingar > Utdanning > Rundskriv > 2005 > Rundskriv 14/05 Første gongs inntak - skoleåret 2005/2006

Rundskriv 14/05 Første gongs inntak - skoleåret 2005/2006

 
Jrn./Arkiv:                                Molde, 07.07.2005
MR 13900/2005/A40
 
 
Til:
Dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal

Innhald

Vedlagt følgjer inntaks- og ventelister for første gongs inntak til skoleåret 2005/2006.

Elevane får svar på kva tilbod dei har fått på Internett, og dei skal svare JA/eller Nei til tilbodet på same stad:

www.vigo.no

Alle søkjarane som har opplyst om mobiltelefonnummer på søknaden sin, får i løpet av fredag 8. juli ein SMS med opplysning om at inntaket er kjørt, og at dei kan logge seg på

www.vigo.nofor å få inntaksstatusen sin. Denne SMS inneheld Brukarid og passord for pålogging.

Dei søkjarane som ikkje har oppgjeve mobiltelefonnummer på søknaden sin får seinast mandag 11. juli, svarkort i posten som før. Også desse kan gå inn på Internett å svare. Brukarid og Passord er trykt på svarkortet.

Vi sender ut purremelding (med svært kort svarfrist) til dei som ikkje har svara når svarfristen går ut 18. juli. Purremelding vert sendt ut i posten som tidlegare.

Vi har også i år kjørt vidaresøking av ungdomsrettselevar til VKI og VKII som ikkje har fått tilbod på nokon av kursa dei har satt opp på søknaden sin. Vidaresøkinga er til andre skolar med ledige plassar som har det/dei kursa dei har satt opp på søknaden sin. Dette har vi gjort for at flest mogeleg skal få eit tilbod ved første gongs inntak.

 

Koder på inntaks- og ventelistene:

Skole- og kursinformasjon

Dei øvste linjene viser skolenamn og –nummer, kursnamn og –nummer.

Personalia

Heilt til venstre på lista er søkjarane er merka med kva type rett dei har: U= Ungdomsrett, I= ikkje rett, F=fullføringsrett, V= vaksenrett.

Refnr

. viser til det referansenummeret som søkjaren har på inntaksprogrammet VIGO.

Fødselsnr

. viser fødselsdato og personnummer (11 siffer). Vidare kjem namn, adresse og telefonnummer.

Kom

Viser til kommunenummeret til søkjaren. Alle søkjarar i Møre og Romsdal har kommunenummer som startar med 15.

Avgiver

Viser avgjevarskolen og avgjevarkurset søkjaren går ut frå skoleåret 2004/2005, dersom søkjaren har gått i vidaregåande skole inneverande skoleår.

1. Til dømes ein elev som dette skoleåret går ut frå grunnkurs elektrofag ved Ørsta vidaregåande skule er merka 15031 8620, der 15 er fylkesnummeret, 031 er skolenummeret til Ørsta og 8620 er kurskoden for grunnkurs elektrofag.

2. Avgangselevar frå grunnskolen har avgjevarkode t.d. 15577 8000 (grunnskole). 15 577 er skolenummer til Åndalsnes ungdomsskole og 8000 er kurskoden for grunnskolen.

3. Søkjarar frå OT har fem siffer frå nr. 15251(Kristiansund) til 15263(Vanylven) og står utan kurskode.

4. Søkjarar utan markering går ikkje i ein grunnskole eller vidaregåande skole i Møre og Romsdal dette skoleåret bortsett frå nokre få som er flytta hit til fylket etter at elevane fekk tilsendt Brukarid og passord for å søke.

Mor

Dette er ein kode som viser kva morsmål dei minoritetsspråklege søkjarane har (kvart språk har sin kode).

V = Vedtakskoder for særskiltsøkjarar:

I – Individuelt grunnlag

T - Behov for særskilt tilrettelegging

S - Rett til spesialundervisning

P - Særskilt grunnkurs

 

Fsp

Denne rubrikken gir kode for framandspråk i grunnskolen. For dei fleste elevane i fylket er det enten T for tysk eller F for fransk. Blankt felt tyder at dei ikkje har hatt framandspråk eller ikkje har oppgitt framandspråk frå grunnskolen.

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Dette er internkodefelt som inntakskontoret definerer sjølv, Nokre er til interne oversikter for oss, og noko er informasjon til skolane. Døme på slike koder er:

U

i første posisjon tydar at søkjaren har vedlagt skjema for minoritetsspråklege søkjarar.

T

i fjerde posisjon er ein elev som har vedlagt tilretteleggingsskjema

Ø

Kva for ønskenummer dette kurset er på søknaden.

Dersom det står 90, så er søkjaren vidaresøkt til dette kurset.

V

Statusmelding:

O: Ordinær søkjar.

T: Tilbod særskiltsøkjar

 

Poeng

Søkjarar frå Møre og Romsdal får 300 fylkespoeng i utgangspunktet. Karakterpoeng kjem i tillegg. Det blir ikkje gitt tilleggspoeng for yrkespraksis, skole og alder til dei ordinære kursa i vidaregåande skole.

Søkjarar som er sikra skoleplass av utdanningsavdelinga har 900 poeng i tillegg til karakter-poeng.

Dei som frå før har yrkes eller studiekompetanse blir trekt 200 av fylkespoenga. Dette blir gjort for at vi skal få rett rekkefølge på søkjarane jfr.6-28 Forskrift til opplæringslova. Der det står at dei som frå før har yrkes eller studiekompetanse skal kome bak dei som ikkje har det. Elevar som har sendt inn søknad etter søknadsfristen er trekt 100 poeng.

Tilb.d

På inntakslistene står datoen 06.07 for dei som er tatt inn på 1. inntaket og 01.06 for dei som er tatt inn på særskiltinntaket.

Inntatt

I høgre rubrikk på ventelistene står skole- og kurskoden for det kurset søkjaren på ventelista har fått tilbod på. Dersom det står blankt i denne rubrikken har ikkje søkjaren fått noko tilbod.

Ved vurdering av om det må opprettast nye klassar ut frå stor venteliste, må ein og ta omsyn til kva som vil skje med det kurset/dei kursa som dei som står på venteliste, er inntekne til. Ein må også ta omsyn til om dei som står på venteliste har dette tilbodet som primærønskje.

Plassar, primærsøkjarar, ledige plassar, osb.

Antall plasser skal vise totalt plasstall på kurset samt kvoter fordelt til dei ulike kvotene(ungdomsrett, fullføringsrett, vaksenrett og ikkje-rett)og antall ledige plasser er etter same prinsippet.

Ver merksam på at vi på nokre kurs har solgt plassar til andre fylker. De vil ikkje finne desse personane på inntakslista men det stå Td. Solgt:1

Merknader til ventelistene

Søkjarane er i inntaket prioritert på denne måten:

1. Søkjarar med Ungdomsrett (U)

2. Søkjarar med Fullføringsrett eller Vaksenrett er likestilt i inntaket det er poengsummen som avgjer. (Vog F)

3. Søkjarar med Ikkje-rett

Ventelistene er sortert slik at det er "reelle" ventelistenummer. Ventelistene for alle rettstypane vert difor å sjå på som ei samla venteliste.

Vi har nesten berre sett av plassar til søkjarar med ungdomsrett ved dette inntaket, då det i første omgang er dei som har ein juridisk rett til ein plass. Vi må difor sikre oss at alle dei har fått plass før vi kan frigje til dei andre. Sjølv om det ser ut som det ikkje er fleire søkjarar med ungdomsrett som står på vent på Dykkar skole, kan det vere at det står søkjarar med ungdomsrett på vent på andre skular, som vi må plassere før vi kan ta inn søkjarar med Fullføringsrett/Vaksenrett/Ikkjerett.

Alle plassane på 8053 VKII allmennfagleg påbygging 20/t kurset er sjølvsagt reservert for ikkjerettssøkjarar, då alle dei som søkjer dette kurset skal vere Ikkje-rettssøkjarar. Det er eit krav at dei har bestått tre årig yrkeskompetanse eller fagbrev for å kunne søkje.

Vi kjem ikkje til å gjere endringar på elevane sine søknader mellom 1. og 2. inntak, utan at det er ting som må rettast opp som følge av saksbehandlingsfeil frå vår side. Vi veit av erfaring også at det kan dukke opp ting som krev endring på søknadane, som følgje av tildømes sakkyndig uttale frå barnevernstenesta og liknande. Vi kjem difor til å be dei som vender seg til oss for å få endra søknadane sine om å ta kontakt med den skolen dei ønskjer å endre til, for å be om å få sett seg opp på venteliste. Dvs. at skolen etter at 2.inntaket frå vår side er ferdig, og vi har gitt klarsignal på at det ikkje er fleire som står på venteliste på same kurset ved andre skolar, kan ta inn elevar frå skolen si "eigen" venteliste. Skolen må då ta inn dei med ungdomsrett først, og de må forsikre dykk om at søkjaren er kvalifisert til inntak.

Vi ser at det er nokre kurs som har svært få primærsøkjarar, og som difor kan bli tømt når vi får inn svara frå søkjarane. Vi ser også at det er svært trongt om plassen på grunnkurs samt på nokre VKI kurs. Vi kan difor måtte legge ned og opprette nye klassar mellom inntaka og i verste fall heilt oppunder skolestart 18.august.

Melding om 2. gongs inntak vil kome til søkjarane ca. 8. august, med svarfrist 11. august.

 

 

Per Hoem

Jane Anita Aspen

 

Gjenpart:
Fylkesdirektøren
Fylkesordføraren
Lærarorganisasjonane
Utdanningsutvalet
Yrkesopplæringsnemnda