Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Intranett > Fagavdelingar > Utdanning > Rundskriv > 2005 > Rundskriv 15/05 Hausteksamen 2005 - elevar og privatistar. Organisering og gjennomføring av eksamen

Rundskriv 15/05 Hausteksamen 2005 - elevar og privatistar. Organisering og gjennomføring av eksamen

 
Jrn./Arkiv:
MR 13835/2005/A40                           Molde, 06.07.05
 
Til:
Dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal

Innhald

Vi syner til Rundskriv Utdanningsdirektoratet-8-2005 Sentralt gitt skriftlig eksamen i vidaregåande opplæring hausten 2005 Eksamensplanen. Rundskrivet frå Utdanningsdirektoratet om oppmelding av eksaminandar til sentralt gitt eksamen hausten 2005 er ikkje kome enno, men skolane må gå gjennom dette nøye når det kjem og halde seg til fristar og andre meldingar. Reglane for bruk av hjelpemiddel vil vere dei same som for våreksamen, jf. Rundskriva Utdanningsdirektoratet-8-2004 og Utdanningsdirektoratet-9-2004. Vidare syner vi til Rundskriv SUE/Vg-99-001 Opning av eksamen for alle kategoriar privatistar. I desse skriva frå Læringssenteret og dette skrivet frå Fylkesutdanningsdirektøren er rammene for hausteksamen 2005 gitt.

1. Organisering og gjennomføring av eksamen

Fylkesutdanningsdirektøren v/rådgivar for eksamen har det overordna ansvaret for koordinering og gjennomføring og kvalitetssikring av eksamen.

Lokal gitt eksamen for privatistar

Eksamenskonsulenten har ansvar for:

- samordning av eksamensavvikling
- samordning og utarbeiding av eksamensoppgåver
- sensoroppnemning i samarbeid med skolane
- eksamensplan

Eksamen for privatistar – oppmelding

- som hovudprinsipp melder privatistane seg opp til næraste skole som har fagkrinsen som privatisten vil melde seg opp i. For å samordne eksamensavviklinga må alle skolane registrere oppmeldinga i privatisteininga i Extens-systemet innan 15. september

- oppmeldingsfristen den 10. september er absolutt, berre eksamenskonsulenten kan dispensere ved for sein oppmelding
- informasjon til privatistane vert gitt ved den skolen som privatistane melder seg til
- det skal betalast eksamensgebyr for kvar eksamen som kjem sjølvstendig til uttrykk på vitnemålet/kompetansebeviset
- skolen der privatisten er oppe til eksamen skriv ut vitnemål/kompetansebevis.

Praksiskandidatar og kandidatar til avviksfag VKII – oppmelding

- kandidatane skal melde seg direkte til utdanningsavdelinga, men vidaregåande skolar og opplæringskontor kan òg ta i mot oppmeldingar. Vidaregåande skolar og opplæringskontor skal omgåande vidaresende alle oppmeldingsskjema vedlagt kvittering for betalt avgift til utdanningsavdelinga

- kandidatane vert registrerte i Extens-systemet ved utdanningsavdelinga direkte inn på eksamensskolane. Utdanningsavdelinga tingar eksamensoppgåvene hos Utdanningsdirektoratet og oppgåvene vert sendt direkte til eksamensskolane

- informasjon om eksamen og læremateriell vert gitt av skolen der kandidaten skal gjennomføre eksamen

- eksamensskolen skriv ut kompetansebevis

- rådgivar for eksamen skaffar sensorar

Ny, utsett og særskilt prøve for elevar og lærlingar

- skolen som eleven/lærlingen tilhøyrer (elevstatusen gjeld for ny, utsett og særskilt eksamen) har ansvaret for ny, utsett og særskilt eksamen og gjennomføre den.

Klagehandsaming

- vi syner til eige rundskriv som vil kome frå utdanningsavdelinga

2. Gjennomføring av hausteksamen

- oppmelding skal skje innan 10. september 2005 (denne fristen grunna kort frist for tinging av sentralgitte oppgåver og samordning av lokalt gitt privatisteksamen)

- sentralt gitte prøver er i hovudsak lagt til perioden 14. november – 9. desember

- lokalt gitte prøver skal i hovudsak gjennomførast i veke 46 (munnleg) og i veke 49 og 50 for skriftlege og nokre munnlege fag for elevar som har meldt seg opp til ny, særskilt eller utsett eksamen og alle privatistar

- praksiskandidatar (teoridelen for fag/sveineprøve) skal opp til tverrfagleg eksamen på VKI- og VKII-nivå den 9.12.2005. For avviksfaga på VKII-nivå er eksamensdatoen den 30.11.2005.

- elevar som melder seg til ny, særskilt eller utsett prøve skal bruke skjemaet som skolane skriv ut frå nettet

- originalkvitteringa for betalt prøveavgift skal følgje oppmeldingsskjemaet. Utan slik kvittering er ikkje oppmeldinga gyldig. Elevar og lærlingar som tek ny, særskilt eller utsett prøve skal ikkje betale prøveavgift. Vi syner elles til brev frå utdanningsavdelinga av 18.12.2002 om kven om skal betale avgift og kven som er friteken. Prøveavgifta er no kr. 300 for førstegongsprøve og kr 610 for dei som har karakter i faget frå før.

Fylkesutdanningsdirektøren vil gå ut med annonser i dagspressa i veke 33 og 35.

Kopi av annonseteksta ligg ved dette rundskrivet.

Kopi av rettleiande eksamensplan ligg ved.

3.Økonomi
For privatisteksamen, prøva for praksiskandidatar og avviksfaga VKII skal rekningane frå sensorane/eksaminatorane ikkje belastast budsjetta til skolane, men sendast med underskrift frå skolane direkte til utdanningsavdelinga v/eksamenskonsulenten for utbetaling.

Utgiftene til ny, særskilt og utsett prøve for elevar og lærlingar skal belastast budsjettet til eksamensskolen.

Oppmelingsskjema ligg på nettet under www.mrfylke.no/inntak (under eksamen).

Per Hoem

Oddlaug Hovdenak

 

Gjenpart:
Ressurssentra
Opplæringskontora
Opplæringsringar
Vestborg vidaregåande skole, Stranda
Bjørknes Privatskole AS
Lærarorganisasjonane