Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Intranett > Fagavdelingar > Utdanning > Rundskriv > 2005 > Rundskriv 16/05 2. inntak 2005 - Inntaks- og ventelister

Rundskriv 16/05 2. inntak 2005 - Inntaks- og ventelister

 
Jrn./Arkiv:                                Molde, 04.08.2005
MR 15134/2005/A40
 
Til:
Dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal
 

Innhald

Vedlagt følgjer inntaks- og ventelister for andre gongs inntak til skoleåret 2005/2006. Inntaket blir eksportert til skolane ca. 8. august.

Søkjarar som har opplyst om mobiltelefonnummer, vil få melding på SMS i løpet av fredag 5. august. Meldinga inneheld BrukerID og Passord, og beskjed om å gå inn på www.vigo.nofor å sjå resultatet av inntaket. Sjølv om søkjarane ikkje greier å overhalde den korte svarfristen, vil dei ikkje miste den tildelte skoleplassen.

Søkjarar som ikkje har oppgitt mobiltelefonnummer, vil få svarkort i posten som før. Desse vil bli sendt i posten frå Oslo fredag 5.august, med svarfrist 11. august. Svarkortet inneheld BrukerID og Passord, slik at også desse søkjarane kan svare på Internett.

Koder på inntaks- og ventelistene, sjå rundskriv 14/05.

Rettselevar utan skoletilbod
Etter 2. inntaket har vi framleis søkjarar som ikkje har fått eit tilbod. Vi ber difor om at skolane i første omgang berre tek inn dei som står på den utsendte ventelista frå oss. Så snart skolane får ledige plassar utover desse, må skolen melde frå om dette til utdanningsavdelinga. Utdanningsavdelinga vil nytte desse plassane til søkjarar med ungdomsrett som framleis er utan skoletilbod, eller til dei som står på ordinær venteliste til tilsvarande kurs, på andre skoler i fylket.
 

Kurs med låg søking/ledige plasser og venteliste av søkjarar med fullføringsrett/vaksenrett/ikkje rett
På kurs der det etter 2. gongs inntak er mange ledige plasser, men venteliste av søkjarar utan ungdomsrett kan skolen ta inn desse. Dette gjeld ikkje til grunnkurs, men til vidaregåande kurs. Vi har ikkje frigitt alle plassane frå ungdomsrett til søkjarar med fullføringsrett/vaksenrett og ikkje rett, då vi har søkjarar med ungdomsrett, utan skoletilbod. Er skolen i tvil om de kan fylle opp kurset, ber vi om at det blir tatt kontakt med utdanningsavdelinga.
 

Venteliste
Det er viktig at skolane tek kontakt med dei søkjarane som står på ventelistene etter 2. gongs inntaket sjølv om dei er tatt inn på andre skolar.

NB: Dersom to søkjarar står med same ventelistenummer, skal den med høgast poengsum gå framfor den med lågare poengsum. Ungdomsrett går framfor vaksenrett og fullføringsrett, deretter søkjarar med ikkje rett.

Elevar som ikkje møter 1. skoledag
Elevar som ikkje møter første skoledag, bør førast opp på eiga liste. Når 2. gongs inntaket vart kjørt så seint, og ikkje alle søkjarar med ungdomsrett har fått skoletilbod, så kan det vere elevar som ikkje møter fram første skoledag. Skolen må difor vere sikker på at meldinga er nådd fram til eleven, før han/ho mistar skoletilbodet.
 

Auke kapasitet på kursa etter 2. gongs inntak
Skolar som vil auke kapasitet på kurs, må gje melding om dette slik at klasseordninga blir korrigert.
 

Ajourhald
Vi vil kome tilbake i eige rundskriv med nærare retningslinjer om framgangsmåte om ajourhald av inntaket.

 

 

Per Hoem

Anita K. Waatvik

 

Gjenpart:
Fylkesdirektøren
Fylkesordføraren
Lærarorganisasjonane
Utdanningsutvalet