Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Intranett > Fagavdelingar > Utdanning > Rundskriv > 2005 > Rundskriv 17/05 1.Gongs ajourhald skoleåret 2005/2006

Rundskriv 17/05 1.Gongs ajourhald skoleåret 2005/2006

 
Jrn./Arkiv:                                Molde, 22.08.2005
MR 15857/2005/A40
 
Til:
Dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal

Innhald

Utdanningsavdelinga ønskjer å få inn eit 1. gangs ajourhald ved skolestart. Vi veit at det er store endringar, som er viktig for oss å få ajourført så fort som mogeleg.

Vi ber om at skolen sjekkar at dei elevane som utdanningsavdelinga har tatt inn etter 2. gangs inntak er ført inn på inntakslista. Det er sendt kopi av inntaksbrevet til desse elevane på fax til skolen. Nokre er også avtalt med skolen direkte på telefon.

Bruk inntaks- og ventelistene etter 2. gangs inntak. Merknader på inntaks og ventelistene skal førast på følgjande måte:

For elevar som står på inntakslista, men som har meldt avbod, fører skolen opp bokstaven "S" til venstre på inntakslista.

For søkjarar som er tekne inn frå ventelistene skal bokstaven "I" førast til venstre på ventelistene.

For elevar på ventelistene som får tilbod om plass, men takkar nei, skal bokstaven "N" førast til venstre på ventelista.

Dette er viktig.
Utdanningsavdelinga ber om at skolane ikkje stryk ut elevar som skal ha S eller N. For desse elevane skal det leggjast inn ein eigen kode i ajourhaldet, og vi er difor avhengig av at namn og referansenummer er leseleg.

Elevar som er blitt tekne inn utan at dei står på venteliste frå utdanningsavdelinga, må førast opp på eiga liste med kursnamn, elevnamn, adresse og fødsels- og personnummer. Utan alle 11 siffera er det ikkje råd å få registrert dei nye elevane.

Frist for innsending av 1. gangs ajourhald er sett til fredag 26. august.

NB! Send berre tilbake lister der det er endringar.

Vi skal ha ein runde til med ajourføring, så om ikkje alt kjem med no i første runde tar vi det på neste.

Send listene på fax 71 25 86 99 (legg arket med høgre side inn i faksmaskinen først, slik at vi får med merknader som er ført før ref.nr) eller kopi av listene i posten.

 

Per Hoem

Jane Anita Aspen

 

Gjenpart:
Fylkesdirektøren
Fylkesordføraren
Lærarorganisasjonane
Utdanningsutvalet
Yrkesopplæringsnemnda