Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Intranett > Fagavdelingar > Utdanning > Rundskriv > 2005 > Rundskriv 18/05 Møte med elevråda - val av elevrepresentantar til utdanningsutvalet

Rundskriv 18/05 Møte med elevråda - val av elevrepresentantar til utdanningsutvalet

Jrn./Arkiv:                                Molde, 26.08.2005
MR 16117/05/A40

 
Til:
Dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal
 
 

Innhald

Med utgangspunkt i Opplæringslovas § 11 blir det med dette kalla inn til møte med elevråda, og val av 2 elevrepresentantar med 2 varamedlemmar til utdanningsutvalet. Møtet blir halde på hotell Alexandra i Molde torsdag 29.september kl 09.45 –15.00.

Som bakgrunn for møtet viser vi til Ud-sak 7/00:

Samrøystes vedtak (i Ud-sak 7/00):

Utdanningsutvalet viser til saksutgreiinga og sluttar seg til tilrådinga slik ho er gjort greie for i punkta 1 til 6:

1.  Fylkesutdanningssjefen kallar kvart år i perioden 15-30. september inn leiarane av elevråda ved dei vidaregåande skolane til valmøte. I tillegg deltar Elevorganisasjonen med 2 representantar.

2.   På valmøtet skal veljast 2 representantar med varamedlemmar med møte- og talerett i Utdanningsutvalet (jf § 11-8).

3.   På valmøtet skal og veljast medlemmar av Kontaktforum for elevane. Dette skal samansetjast av 6 personar:

·4 av dei 6 skal veljast av og blant leiarane av elevråda. Av dei 4 skal det vere 2 gutar og 2 jenter, og 2 frå yrkesfaglege studieretningar og 2 frå allmennfaglege studieretningar.

·2 av medlemmane blir valde direkte av Elevorganisasjonen.

Det er i tillegg ønskeleg at medlemmane av kontaktforumet samla sett representerer ulike delar av fylket.

4.      Kontaktforum skal ha minst 4 møte i året.

5.   Tema for møta er

      ··gjensidig informasjonsutveksling

      ··drøfting av problem knytt til elevane sine rettar

      ··innspel i samband med saker som vedkjem elevane sine interesser

      ··tilbakemelding til utdanningsavdelinga (jf m.a. vurdering av læ-ringa og læringsmiljøet)

6. Ordninga med Kontaktforum blir sett i verk frå skoleåret 2000/2001.

7. Kontaktforum skal evaluerast etter 1 år.

Frå 2002 vart det iverksett ordning med at Elevorganisasjonen på årsmøtet sitt om våren skulle velje elevrepresentantane til utdanningsutvalet, og at styret i EO skulle fungere som kontaktutval

(jf Ud-sak 29/02A).

Konkret om valmøtet 29 09 2005

n dei som blir innkalla, er leiarane og nestleiarane av elevråda, evt. ein annan person utpeikt av elevrådet.

n i tillegg har Elevorganisasjonen i M&R rett til å møte med 2 representantar med røysterett. Det er elles ønskeleg at fylkesstyret deltar mest mogleg fulltallig.

n det er ønskeleg at minst 1 av elevrepresentantane frå skoleåret 2004/2005 deltar for å orientere om sine erfaringar frå arbeidet i utdanningsutvalet

Program

0945 Velkomst, namneopprop, presentasjon

1000 Skolen som organisasjon v/fagsjef Eivind Hasle

1100 Medbestemming og møteleiing v/rådgivar Jan Helge Torp

1200-1300 Lunsj

1300 Møteleiing forts. v/Jan Helge Torp

1345 Elevrådsskolering/elevmedvirkning v/fylkesleiar i EO Monica Molvær

1440- 1500 Val av a) 2 representantar og 2 vararepr. til utdanningsutvalet.

b) medlemmar av Kontaktforum for elevane / Skal/bør styret i EO fungere vidare som Kontaktforum ?

c) medlem av styret i Ungt Entreprenørskap (m/vara)

Utdanningsutvalet har i haust fastsett møte til 8. september, 6. oktober og

21. november.

Praktiske opplysningar

Fylkesutdanningsavdelinga spanderer ein lunsj på deltakarane. Skolane må dekke reiseutgifter, og vi ber skolane/deltakarane samordne skyssen så langt som råd. Bruk TIME-ekspressen dei som kan.

Vi ber om at skolane og elevorganisasjonen sender inn melding – innan 23. september - om kven som skal delta, med opplysningar om namn, klassetrinn og studieretning.

Namneliste/deltakarliste vil då bli lagt fram på møtet.

 

Per Hoem

Jan Helge Torp

 

Gjenpart:
Fylkesdirektøren
Fylkesordføraren
Lærarorganisasjonane
Utdanningsutvalet
Yrkesopplæringsnemnda