Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Intranett > Fagavdelingar > Utdanning > Rundskriv > 2005 > Rundskriv 19/05 Endeleg ajourhald skoleåret 2005/2006

Rundskriv 19/05 Endeleg ajourhald skoleåret 2005/2006

 
Jrn./Arkiv:                                Molde, 13.09.2005
MR 17100/2005/A40
 
Til:
Dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal

Innhald

Vedlagt følgjer inntaks- og ventelister etter 1. gongs ajourhald.

Vi reknar med at det enno kan vere ein del endringar i forhold til skolane sine lister over inntekne elevar. Vi ber om at skolane kontrollerer listene grundig og melder ifrå om endringar. Det er viktig at ansvarleg ved skolane kontrollerer at listene det skal gjerast korrigeringar på har dato 12.09.05, nede i venstre hjørne.

Det vi treng er tilbakemelding over elevar som har slutta, starta eller takka nei til tilbod ved skolen, eller gått over til andre kurs i tida etter 1. gogns ajourhald.

For elevar som har slutta ved skolen, ber vi om at sluttdato blir ført opp på inntakslista. Skolen må elles følgje rutiner for melding til Oppfølgingstenesta, dersom det gjeld elevar med ungdomsrett.

Vi ber om følgjande merknader på listene:

Inntaksliste:
Bokstaven S nyttast for elevar som har slutta. Ikkje stryk over namn eller andre opplysningar på lista. Hugs å før opp sluttdatoen.
 
Venteliste:
Bokstaven I nyttast for elevar som er tekne inn frå venteliste.

Bokstaven N nyttast for elevar som har takka nei til tilbod om skoleplass.

Nye elevar som er tekne inn av skolen kan førast opp med referansenummer, fødsels- og personnummer (11 siffer), namn og adresse enten på lista til det aktuelle kurset, eller på eiga liste som ligg ved rundskrivet.

Frist for innsending av endeleg ajourhald er sett til måndag 26. september.

Send listene i posten og IKKJE på faks. Hugs å behalde ein kopi av ferdig korrigerte lister.

NB! Send berre tilbake lister der det er endringar.

 

 

Per Hoem

Laila H.T. Nielsen

 

Gjenpart:
Fylkesdirektøren
Fylkesordføraren
Lærarorganisasjonane
Utdanningsutvalet
Yrkesopplæringsnemnda