Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Intranett > Fagavdelingar > Utdanning > Rundskriv > 2006 > Rundskriv 1/06 - Søknad til vidaregåande opplæring skoleåret 2006/2007

Rundskriv 1/06 - Søknad til vidaregåande opplæring skoleåret 2006/2007

Jrn./Arkiv:                                Molde, 01/04/2006
MR 140/2006/
 

Til: Dei vidaregåande skolane og grunnskolane i Møre og Romsdal
Koordinatorane i oppfølgingstenesta i Møre og Romsdal

Søkjarane til vidaregåande opplæring skal fylle ut sin søknad på Internett. Det gjeld dei som søkjer tilbod i vidaregåande skolar, dei som søkjer formidling til læreplass, det gjeld ordinære søkjarar og det gjeld søkjarar med behov for særskilt tilrettelegging. Også dei som ikkje har planar om å søkje vidaregåande opplæring skoleåret 2006/2007, skal registrere det på Internettsøknaden.
 
Dei einaste som ikkje kan søke på Internett, er dei søkjarane som manglar fødsels- og personnummer. Dei søkjarane må vende seg til Utdanningsavdelinga, så skal dei få tilsendt eit søknadsskjema i papirutgåve.
 
Nettstaden der søkjarane skal fylle ut søknaden sin er www.vigo.no der vil det vere ope for søknadsregistrering frå fredag 13. januar kl 09.00.
 
Utdanningsavdelinga må be skolane sjå til at alle dei av personalet som skal arbeide med innsøking, får ein kopi av rundskrivet. Skolen må ta utgangspunkt i erfaringane frå tidlegare år, og sjølv bestemme korleis de vil legge til rette for at elevane skal få registrere søknaden sin på Internett.
 
 
BrukarID og Passord
For at søkjarane skal kunne registrere søknaden sin treng dei ein BrukarID og eit Passord. Dette får dei i ein lukka konvolutt. Vi sender her konvoluttane samla til skolen, slik at dei kan utdelast til elevane. Elevar som er folkeregistrert i anna fylke skal i utgangspunktet søkje i det fylket dei er heimehøyrande, og vil få tilsvarande konvolutt frå sitt heimfylke.
Dersom skolen har fått tilsendt konvoluttar med BrukarID og Passord på elever som har slutta, eller konvoluttar som er feilsendt, så ber vi om at dei vert returnert til oss, slik at vi kan sende dei til postadressa til vedkommande.
Elevane som er i Oppfølgingstenesta vil få tilsendt sin BrukarID og Passord i posten.
 
 
Informasjon
Vi har trykt opp ei brosjyre med generell informasjon om søknadsfristar og viktige adresser, samt oversikt over skoletilboda i Møre og Romsdal. Den vert sendt direkte frå trykkeriet 6. januar. Rettleiing til utfylling av søknadsskjemaet på Internett og all anna viktig informasjon som elevane treng for å søkje vidaregåande opplæring 2006/2007 finn de på www.vilbli.no 
 
Det er òg viktig at de oppfordrar elevane til å bruke katalogen "Vidaregåande opplæring for deg?". Skolane har i haust fått tilsendt for utdeling dette heftet til dei som skal fortsette på VKI og VKII i gamal struktur. Heftet til dei som no skal starte på VG1 i ny struktur blir utsendt frå trykkeriet 17.januar. Same informasjonen er no å finne på www.vilbli.no
 
 
Søknadsfrist
Fristen for å registrere søknaden på Internett er 1. mars kl 23:59. Dette gjeld for alle ordinære søkjarar til vidaregåande skole og alle som søkjer om formidling til lærebedrift.
 
Alle som søkjer om formidling til læreplass skal registrere søknaden sin på Internett. Dette gjeld sjølv om dei har inne søknad om læreplass, eller har skaffa seg læreplass på eiga hand.
 
Søknadsfrist for søking på særskilt grunnlag er 1. februar kl 23:59. Merk også at søknadsfristen for dei som søkjer full opplæring i bedrift/avvikande lærekontrakt og dei som søkjer om opplæringskontrakt er 1. februar kl 23:59.
 
 
Vedleggsskjema
Det er laga ein del vedleggsskjema til Internettsøknaden. Søkjarane får opp ein link til vedleggsskjema på Internettsøknaden. Ein kan også gå direkte inn på www.mrfylke.no/utdanning/vedleggskjema for å finne vedleggsskjema der. Vedleggsskjema må skrivast ut og naudsynt dokumentasjon leggjast ved, før dei vert sendt i posten til Utdanningsavdelinga.
 
søkjarar skal i tillegg til å fylle ut søknaden sin på Internett, fylle ut eit vedleggsskjema for minoritetsspråklege søkjarar. MinoritetsspråklegeMed minoritetsspråkleg meiner vi søkjarar med anna morsmål enn norsk, samisk, svensk eller dansk. Dette vedlegget skal følgje både ordinær søknad og søknad om inntak med behov for særskilt tilrettelegging.
 
Alle søkjarar til Grunnkurs musikk/dans/drama skal sende inn eit vedleggsskjema der dei opplyser om kva hovudinstrument og biinstrument dei har. Skolen som står som første skoleønskje til dette kurset skal ha skjemaet.
 
Søkjarar til Grunnkurs idrettsfag skal sende inn vedleggsskjema berre dersom dei ønskjer vurdering til inntak på idrettslege prestasjonar. Skolen som står som første skoleønskje til dette kurset skal ha skjemaet.
 
Søkjarar til TAF-tilboda skal sende vedleggskjemaet direkte til den skolen dei har som første skoleønskje til dette kurset.
Melding om vanske som skolen bør vite om (Skjema B)er eit vedleggskjema til ein ordinær søknad, som skal nyttast av søkjar som har behov for å melde frå til skolen om vanskar som det bør takas omsyn til ved planlegginga av opplæringa.
 
Det er ikkje ein søknad om spesialundervisning etter opplæringslova § 5-1, og det vert ikkje tildelt ekstraressursar knytta til desse vanskane.
 
(Skjema A2) kan nyttast av søkjar som er inne i eit behandlingsopplegg på grunn av psykiske vanskar, medisinske vanskar, rusproblematikk osv. Reservert skoleplassSøknad om Her må dokumentasjon frå behandlande instans leggast ved søknaden.
 
Søkjar som er under oppfølging av barnevernet, for eksempel er institusjons – eller foster-heimsplassert, og av slike grunnar ikkje kan ta imot skoleplass utanfor eige distrikt. Dokumentasjon frå barnevern må leggast ved. Reservasjonen gjeld berre plass på bestemt skole, ikkje kurs.
 
Dei som søkjer Inntak på grunn av behov for særskilt tilrettelegging (Skjema A1) skal i tillegg til å fylle ut søknad på Internett sende vedleggsskjema til søknad på papir. Skolane har fått tilsendt dette skjemaet frå Utdanningsavdelinga, men det ligg også saman med andre vedleggsskjema på heimesida til fylkeskommunen. Der ligg det også rettleiing for utfylling av søknadsskjemaet.
 
Det er eit eige vedleggsskjema for dei som søkjer opplæringskontrakt eller avvikande lærekontrakt. Det er eit felles vedleggsskjema. Ein må difor hugse å krysse av for kva ordning ein søkjer.
 
Søkjarar til lærefag som har skaffa seg læreplass sjølv skal sende inn eit vedleggsskjema (melding om avtalt læreplass) som må vere underskrive og stempla av bedrifta det er inngått avtale med.
 
 
Skolemodulen
Rådgjevarane har eit ansvar for at elevane ved skolen har fylt ut søknaden sin. Kor lenge de skal følgje med i innsøkingsprosessen for den enkelte elev, må de bli einige om ved skolen.  Skolemodulen er eit verktøy for skolane til å følgje med på søkinga til sine elevar. Koordinatorar i oppfølgingstenesta vil få tilgang til å følgje med elevane som er registrert i deira OT-region.  Adressa til Skolemodulen er https://www.vigo.no/vigor/servlet/main
 
Her kan de følgje med i søkinga til elevane dykkar, og de kan følgje avgangselevane for å sjå kva tilbod dei får.
Dei vidaregåande skolane vil frå 2. mars få tilgang til å sjå statistikk over søkinga til sin skole fordelt på mellom anna studieretning, kjønn, rett og fag.
 
Rektor har fått eit brukarnamn og Passord til Skolemodulen. Dersom skolen ikkje har endra passordet, så er dette det same passordet som gjeld i år. Det er opp til han/ho å vurdere kor mange ved skolen som bør ha tilgang til dette verktøyet. BrukarID skal vere den same, men Passordet skal endrast med jamne mellomrom, slik at ein hindrar at det vert brukt av uvedkommande. Dersom de manglar BrukarID og passord til Skolemodulen, så skal de få den ved å sende ein e-post til inntak@mrfylke.no
 
 
Tilbod om skoleplass
 for å sjå kva tilbod/venteliste plass dei har fått. Svar på tilbodet skal registrerast der. Det vert sendt ut purring på vanlege svarkort i posten for dei som ikkje har registrert svaret sitt innan svarfristen www.vigo.no  Svar på søknaden kjem ca. 10. juli. Søkjarane som har registrert mobiltelefonnummer på søknaden sin vil få melding via SMS, om at dei kan logg seg inn på 17. juli.  Dei som ikkje har oppgjeve mobiltelefonnummer får svarkort i posten som før. Utdanningsavdelinga vil be skolane informere elevane om at dei må hugse svare innan svarfristen 17. juli anten på Internett for dei det gjeld, eller sende inn svarkortet for dei som får tilsendt slikt. Dei må også hugse å svare sjølv om dei berre får tilbod om å stå på venteliste. Dersom utdanningsavdelinga ikkje har fått svar innan fristen, mister søkjaren automatisk plassen/ventelisteplassen. Søkjaren må syte for at anten han/ho, eller ein annan, kan svare på tilbodet når det kjem.
 
Vi oppmodar søkjarane om registrere førehandssvar på internettsøknaden. Dette kan gjerast e frå 2. mars til 1.juli. Desse vil få melding om kva tilbod dei har fått, men at dei ikkje treng å svare, fordi dei har sendt inn førehandsvar.
 
 
Gjenpart:
Fylkesdirektøren
Fylkesordføraren
Lærarorganisasjonane
Utdanningsutvalet
Yrkesopplæringsnemnda