Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Intranett > Fagavdelingar > Utdanning > Rundskriv > 2006 > Rundskriv 15/06 Kompetanseutvikling hausten 2006 / skoleåret 2006/07 (vgo)

Rundskriv 15/06 Kompetanseutvikling hausten 2006 / skoleåret 2006/07 (vgo)

 
Jrn./Arkiv: Molde, 16.08.2006
MR 12935/2006/062
 
Til:
Dei vidaregåande skolane

Innhald

Vi viser til rundskriv 23/05 Kunnskapsløft og Kompetanseutviklingstiltak 2006 og gir eit kort oversyn over tiltaka hausten 2006 så langt vi har oversikt.

Generelt
Gjennomføring av barnehagereforma og grunnopplæringsreforma/Kunnskapsløftet er dei overordna satsingsområda for utdanningsavdelinga i fylket. For generell ajourføring, oppfordrar vi skolane til å følgje med på aktuelle nettsider, først og fremt Skolenettet og heimesida til Møre og Romsdal fylke (Utdanning, Vidaregåande opplæring og Reform 2006)

Mål- og tiltaksplanen
Mål- og tiltaksplanen vart vedtatt i sak Ud-12/06 Plan- og resultatvurderingssystemet i utdannings-sektoren 11 05, og i Fylkestinget 13 06. Her er det og gjort greie for korleis arbeidet med Mål- og tiltaksplanen er tenkt som ein del av heile plan- og resultatvurderingssystemet.

Mål- og tiltaksplanen er trykt opp i eigen brosjyre, og er også lagt ut på heimesida til fylket, og er utgangspunktet for skolane si konkretisering.

Innan 01 10 skal alle skolane ha lagt ut på heimesida konkretisering av mål- og tiltaksplanen.

Konkrete tiltak – med hovudvekt på hausten 2006 :

a) Grunnopplæringsreforma / Kunnskapsløftet

Møte i Referansegruppa 25 08 og i fylkesgruppa 08 09 og 28 11.

b) Leiarnettverk/leiaropplæring
Blant rektorane i vgo er det valt ut eit rektorutval, som p.t. består av rektor Roar Eide, Herøy, for Søre Sunnmøre, rektorane Arild Sollied, Fagerlia og Aud Folkestad, Stranda for Nordre Sunnmøre, Thorbjørn Myhre, Molde for Romsdal og Anders Talgø, Surnadal for Nordmøre. Desse er også sentrale kontaktpersonar i forhold til kommunane/grunnskolen i sine regionar. I tillegg er følgjande personar i utdanningsavdelinga kontaktpersonar mot kommunane og regionane: Eivind Hasle for Søre Sunnmøre og Nordre Sunnmøre, Ole Arne Opstad for Romsdal og Kjell Saltnes for Nordmøre.

Rektorutvalet har planlagt eit møte 31 08 i tilknytning til Utdanningskonferansen som skal vere i Molde 31 08 om læreplanarbeid og læreplanforståing (jf eige invitasjonsskriv og heimesida)

Rektorkollegiet har i tillegg planlagt eit møte i slutten av september (truleg 27 09 i Ålesund) og eit møte i veke 48 (truleg 30 11 i Molde).

Årets skoleleiarsamling skal vere i Geiranger 31 10 – 02 11, med følgjande hovudtema :

a) Oppfølging av Læringslabbens arbeids- og læringsmiljøundersøking

b) Pedagogisk leiing, bygd på innlegg frå Brundalen vgs (demonstrasjonsskole i Sør-Trøndelag) og frå enkelte av våre eigne leiarar.

c) Personalarbeid/rekruttering

Borgund vgs har som kjent kome med i det nasjonale Program for skoleutvikling. Ester Stephan er kontaktperson i utdanningsavdelinga.

c) Fagnettverk
Det vart hausten 2005 etablert 24 fagnettverk. Etter ei oppsummering og evaluering våren 2006 er desse justert til 18 nettverk, eitt for kvart av dei 9 yrkesfaglege utdanningsprogramma, 5 for dei studieførebuande programma (realfag, samfunnsfag/økonomi, formgjevingsfag, språkfag og engelsk, og for MD og ID, og 2 for fellesfaga norsk og Kroppsøving. Det blir ei startsamling for nettverks-leiarane og utdanningsavdelinga, i Molde 06 09. Vi manglar enda nokre leiarpersonar til dei studieførebuande nettverka i engelsk, framandspråk og samfunnsfag/økonomi – og er interessert i engasjerte og dyktige medarbeidarar !

Fagnettverka skal arbeide med læreplanane etter Kunnskapsløftet ( jf felles forståing, konkretisering, val og bruk av læremiddel og utstyr, differensiert og tilpassa opplæring, koplingar mellom opplæring i skole og i lærebedrift, og fagleg og fagdidaktisk etterutdanning). God samhandling mellom fagnettverka, skoleleiarane og fagmiljøa på skolane, og mellom fagnettverka og utdanningsavdelinga, er avgjerande føresetnader for arbeidet.

Samtidig minner vi om at fagnettverka eit godt utgangspunkt for arbeidet med styrking av den digitale kompetansen. I tilknytning til innføringa av stadig fleire berbare PC-ar, er det også gjort ein del avtalar om felles innkjøp av digitale læremiddel. Den lista må vi oppdatere og komplettere i samråd med fagnettverka.

d) Læreplanhøyringar
Det er ein viktig høyringsfrist 01 09 (jf Skolenettet). I tillegg har Møre og Romsdal eit spesielt ansvar overfor Service og samferdsel, og arrangerer ein nasjonal høyringskonferanse, med utvalde deltakarar frå heile landet , på Gardermoen 28 08. Læreplanhøyringane ser vi på som ein viktig del av kompetanseutviklinga rundt Kunnskapsløftet, og skolane blir oppfordra til å delta aktivt.

e) Eksamen

Kvalitetssikring av vurderingsarbeidet, og oppdatering om endringar i vurderingsgrunnlaget vil vere viktig også skoleåret 2006/07. Vi viser m.a. til informasjon lagt ut på nettet (jf m.a. Nettverks-administrasjonsrommet til fagnettverka)

f) Modellforsøket

Det nasjonale modellforsøket, der 2 av våre vidaregåande skolar har vore med,( Herøy vgs og Romsdal vgs), skal ha nasjonale erfaringskonferanse 02-03 11 06. Den blir truleg lagt til Ålesund.

g) Opplæring i bedrift:

I) Konferanse for opplæringskontora
Den halvårlege konferansen for opplæringskontora skal vere 17-18 10 i Geiranger, i regi av FFY.

II)

Konferansar med opplæringskontor og kommunar for å skaffe læreplassar til det nye helsefagarbeidar-faget, i Ålesund 07 09 for Sunnmøre , og i Kristiansund 03 10, for Nordmøre og Romsdal.

III) Instruktørkurs

: Det blir tatt sikte på å arrangere 2 kurs i haust for instruktørar I lærebedrifter, eitt på Sunnmøre og eitt for Nordmøre og Romsdal (jf eigen informasjon)

h) Entreprenørskap
Hovudvekta i haust vil bli å sjå korleis ein kan arbeide med entreprenørskap innanfor Kunnskapsløftet. Det skjer ei styrking av entreprenørsatsinga inn mot grunnskolen i fylket, med ein person i ¼ -stilling i kvar av dei 4 regionane, og ein eigen person i utdanningsavdelinga som har entreprenørsatsinga i grunnskolen som hovudoppgåve. Å få til gode koplingar og god kunnskapsoverføring mellom grunnskole og vidaregåande opplæring blir viktig.

i) Elev- og lærlingmedverknad
Styrka elev- og lærlingmedverknad er eit klart satsingsområde. Nokre av tiltaka er :

I Eit elev- og lærlingombod

er tilsett: Monica Molvær. Ho har kontor i Utdanningsavdelinga.

II Konferanse/Valmøte

: Utdanningsavdelinga, saman med elev- og lærlingombodet vil arrangere ein 2-dagars konferanse for elevrådsleiarar/nestleiarar i elevråda, på Vestnes 19.-20.september (jf eige invitasjonsskriv). Her skal også veljast nye elevrepresentantar til Utdanningsutvalet.

III Skoleturne

: Elevorganisasjonen saman med elev- og lærlingeombodet vil i etterkant av konferansen gjennomføre ein skoleturne og besøke skolane/elevråda med informasjon og skolering om elevrettar etc.

j ) Kultur- og nettverksskolane:

Det blir tatt sikte på ei dagsamling for dei 9 kultur- og nettverksskolane midt i oktober (truleg veke 41), med hovudvekt på helse- og livsstilssøyla. Det blir elles no viktig å summere opp kvar skolane står i Kultur- og nettverksprosjektet, dvs. om mål og ambisjonar i arbeidet.

Vi viser elles til God Helse-satsinga (jf nettside), og til samarbeid med Folkehelsekoordinatorane rundt om i kommunane. 17 kommunar og 9 vidaregåande skolar er no direkte knytt til God Helse-satsinga. Ei viktig problemstilling er korleis vi også kan integrere dei andre skolane mest mogleg i satsinga, i alle fall på bestemte områder (jf t.d. psykisk helse, rusproblem , fysisk aktivitet)

k)

Bibliotekutvikling / Lesestimulering /Minoritetsopplæring
Utdanningsavdelinga arbeider vidare for å følgje opp det som skjedde skoleåret 2005/06 for å styrke biblioteket som eit sentralt og godt integrert læringssenter i dei vidaregåande skolane. Nærare informasjon vil følgje om det.

Uavhengig av dette er det viktig at alle skolane følgjer opp arbeidet som vart gjort førre skoleår på den enkelte skolen, og held sterkt fokus på arbeidet med informasjonskompetanse, lesestrategiar og lesestimulering.

Det blir ein ny fylkeskonferanse for "Gi rom for lesing !" Den vil bli arrangert i Kristiansund 3-4 10 06.

Vi viser elles til Strategiplanen "Gi rom for lesing" og til koplingar mot arbeidet i fagnettverket i norsk.

Det må også nemnast at Fræna vgs er nasjonal "fokusskole" når det gjeld opplæring til minoritetsspråklege elevar, spesielt med tanke på gode opplæringsmodellar for innvandrarungdom med mangelfull skolebakgrunn.

 

 

Per Hoem

Eivind Hasle

 

Gjenpart:
Fylkesdirektøren
Fylkesordføraren
Lærarorganisasjonane
Utdanningsutvalet
Yrkesopplæringsnemnda