Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Intranett > Fagavdelingar > Utdanning > Rundskriv > 2006 > Rundskriv 17/06 1. gangs ajourhald skoleåret 2006/2007

Rundskriv 17/06 1. gangs ajourhald skoleåret 2006/2007

 
Jrn./Arkiv:                                Molde, 15.08.2006
MR 14962/2006/062
 
 
Til:
Dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal

Innhald

Utdanningsavdelinga ønskjer å få inn eit 1. gangs ajourhald ved skolestart. Vi veit at det kan vere store endringar, som er viktig for oss å få ajourført så fort som mogeleg.

Vi ber om at skolen sjekkar at dei elevane som Utdanningsavdelinga har tatt inn etter 2. gangs inntak er ført inn på inntakslista. Det er sendt kopi av inntaksbrevet til desse elevane på faks til skolen. Nokre er også avtalt med skolen direkte på telefon.

Bruk inntaks- og ventelistene etter 2. gangs inntak. Merknader på inntaks og ventelistene skal førast på følgjande måte:

For elevar som står på inntakslista, men som har meldt avbod eller ikkje møter, fører skolen opp bokstaven "S" til venstre på inntakslista.For søkjarar som er tekne inn frå ventelistene skal bokstaven "I" førast til venstre på ventelistene.For elevar på ventelistene som får tilbod om plass, men takkar nei, skal bokstaven "N" førast til venstre på ventelista. Dette er viktig.

Utdanningsavdelinga ber om at skolane ikkje stryk ut elevar som skal ha S eller N på listene. For desse elevane skal det leggjast inn ein eigen kode i ajourhaldet, og vi er difor avhengig av at namn og referansenummer er leseleg.

Elevar som er blitt tekne inn utan at dei står på venteliste frå Utdanningsavdelinga, må førast opp på eiga liste med kursnamn, elevnamn, adresse og fødsels- og personnummer. Utan alle 11 siffera er det ikkje råd å få registrert dei nye elevane.

 

Frist for innsending av 1. gangs ajourhald er sett til fredag 25. august.

NB! Vi treng ikkje å få tilbake alle listene, send berre tilbake lister der det er endringar.

Vi skal ha ein runde til med ajourføring, så om ikkje alt kjem med no i første runde tar vi det på neste.

Lister som blir sendt på faks har erfaringsvis vore vankelege å lese, så det er fint om De kan sende listene per post.

Dersom De likevel sender listene på faksnr 71 25 87 99, ber vi om at De legg arket med høgre side inn i faksmaskinen først, slik at vi får med merknader som er ført opp før ref.nr.

 

Per Hoem

Laila H. T. Nielsen

 

Gjenpart:
Fylkesdirektøren
Fylkesordføraren
Lærarorganisasjonane
Utdanningsutvalet
Yrkesopplæringsnemnda