Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Intranett > Fagavdelingar > Utdanning > Rundskriv > 2006 > Rundskriv 18/06 Skoleutvala - vidareføring av noverande ordning skoleåret 06-07

Rundskriv 18/06 Skoleutvala - vidareføring av noverande ordning skoleåret 06-07

 
Jrn./Arkiv:                                Molde, 31.08.2006
MR 15961/2006/
 
Til:
Dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal

Innhald

Skoleutvala skoleåret 2006-07
Fylkesutdanningssjefen har bestemt at noverande ordning med skoleutval held fram inntil vidare. Det tyder at de må supplere noverande utval med nye for dei som gjekk ut av utvalet i vår, etter gjeldande reglement. For å få skoleutvala til å fungere etter føresetnadene, ber fylkesutdanningsdirektøren om at skolane vurderer merknadene frå fylkesrevisjonen i høve til planlegging av møtefrekvens og bruk av utvalet i kvalitetsarbeidet ved skolen.

Fylkesutdanningsdirektøren ber dessutan om å få inn rapport om erfaringar med skoleutvala frå forrige skoleår med

1) Synspunkt på og vurderingar av ordninga
2) Framlegg til endringar i vedtektene

Når det gjeld møtefrekvens og saker som er tekne opp, rekner vi med at vi finn opplysingar i referat frå møte som er sendt inn til utdanningsavdelinga.

Frist for innlevering av opplysingar om samansetting av skoleutvalet for dette skoleåret og svar på spørsmåla over blir sett til 1. oktober 2006.

Vurdering av ordninga – fylkesrevisjonsrapport 2005

Nytt reglement for skoleutvala vart vedteke i fylkestinget i sak T-90/02 (U-158/02). Frå og med skoleåret 03-04 skulle skoleutvalet vere samansett av rektor, ein tilsett (2 år), 2 elevar (1 år), 1 føresett til elev på gk-nivå (no vg1) (1 år) og 2 frå det lokale samfunns- og næringslivet (2 år), alle med varamedlemmer. I same sak vedtok fylkestinget at ordninga skulle evaluerast i 2005. Skoleeigar ved fylkesutdanningsdirektøren, oppnemnder/godkjenner representantar frå samfunns- og næringsliv etter framlegg frå rektor. Oversikt over skoleutvala blir årleg lagt fram som referatsak i utdanningsutvalet.

Fylkesrevisjonen gjennomgjekk ordninga i forvaltningsrevisjonsrapport nr 3/05 – mars 2005.

På bakgrunn av denne revisjonsgjennomgangen og pga kapasitetssituasjonen i utdanningsavdelinga, har det ikkje vore gjennomført eiga intern evaluering av ordninga.

Revisjonsrapporten drøfta fleire spørsmål om korleis skoleutvala fungerer i høve til vedteke reglement vhja data frå ei spørjeundersøkjing mellom deltakarane i skoleutvala. Responsen var god for dei fleste gruppene og totalt sett 52%, best frå lokale samfunns-/næringslivsrepresentantar (87%) og lågast for elevane (16%).

§2 Samansetting av utvalet

Ifølge revisorvurderinga er reglementet stort sett følgd ved val av medlemar til skoleutvalet. Svara viste og at storparten er samde i at samansettinga høver til oppgåvene utvalet er sett til å løyse.

§3 Skoleutvalet sitt arbeidsområde
Skoleutvalet skal ha eit spesielt ansvar for kvalitetsarbeidet ved skolen (§1), og det er definert eit ansvar for oppfølging av kvalitetsarbeid ved skolen, godkjenning av mål- og tiltaksplan og årsmelding, samt initiering av utviklingsarbeid. Den nye samansettinga av skoleutvala var tenkt å styrke den utoverretta verksemda ved skolane og bidra til å gjere skolane til regionale utviklingsaktørar i større grad enn før.

Ifølge revisorvurderinga er det eit stykke att før alle skoleutvala fungerer etter denne intensjonen, men det vart funne døme på skolar som har kome eit stykke på vegen her. Ein stor del av utvalsmedlemene som svarte, har opplyst at dei ikkje har fått nytta uttaleretten i saker der utvalet har uttalerett, noko som vart forklart med sakskompleksitet. Arbeidsforma i skoleutvala er ofte orienteringar frå rektor si side.

§4 Møte og sekretariat

I reglementet står at skoleutvalet skal ha minst tre møte i året. Revisjonsgjennomgangen viste at det berre var 8 av 22 skoleutval som fylte minimumskravet skoleåret 03/04.

Låg møtefrekvens vart peikt på som ei årsak til manglande innverknad i kvalitetsspørsmål ved skolen. God kontakt mellom utvalsleiar og rektor er viktig for møtefrekvensen og innhaldet på møta.

Det vil blir gjort ei ny vurdering av ordninga på grunnlag av tilbakemeldingane om erfaringane med skoleutvala, vurdering av styringsstrukturen ved dei vidaregåande skolane og behovet for å sjå skoleutvala og skolemiljøutvala i samanheng.

 

Per Hoem

Anita Steinbru

Gjenpart:
Fylkesdirektøren
Fylkesordføraren
Lærarorganisasjonane
Utdanningsutvalet
Yrkesopplæringsnemnda
Fylkesrevisjonen