Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Intranett > Fagavdelingar > Utdanning > Rundskriv > 2006 > Rundskriv 19/06 Endeleg ajourhald skoleåret 2006/2007

Rundskriv 19/06 Endeleg ajourhald skoleåret 2006/2007

 
Jrn./Arkiv:                                Molde, 27.09.2006
MR 17987/2006/062
 
Til:
Dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal

Innhald

Vedlagt følgjer inntaks- og ventelister etter 1. gangs ajourhald for skoleåret 2006/2007.

Vi reknar med at det enno kan vere ein del endringar i forhold til skolane sine lister over inntekne elevar.

Vi ber om at skolane kontrollerer listene grundig og melder ifrå om endringar. Det er viktig at ansvarleg ved skolane kontrollerer at listene det skal gjerast korrigeringar på har dato 27.09.06, nede i venstre hjørne.

Det vi treng er tilbakemelding over elevar som har slutta, starta eller takka nei til tilbod ved skolen, eller gått over til andre kurs i tida etter 1. gangs ajourhald.

For elevar som har slutta ved skolen, ber vi om at sluttdato blir ført opp på inntakslista.

Vi ber om følgjande merknader på listene:

Inntaksliste:

Bokstaven S førast opp framfor namnet til elevar som har slutta. Ikkje stryk over namn eller andre opplysningar på lista, då vi er avhengige av å kunne lese listene her når vi får dei tilbake. Hugs å før opp sluttdatoen.

Venteliste:

Bokstaven I førast opp framfor namnet for elevar som er tekne inn frå venteliste.

Bokstaven N førast opp framfor namnet for elevar som har takka nei til tilbod om skoleplass.

Nye elevar som er tekne inn av skolen kan førast opp med referansenummer, fødsels- og personnummer (11 siffer), namn og adresse enten på lista til det aktuelle kurset, eller på eiga liste som ligg ved rundskrivet.

Frist for innsending av endeleg ajourhald er sett til fredag 6. oktober 2006.
Send listene i posten og IKKJE på faks. Hugs å behalde ein kopi av ferdig korrigerte lister.
NB! Send ikkje tilbake alle listene, men berre lister der det er endringar.

 

Per Hoem

Laila H. T. Nielsen

 

Gjenpart:
Fylkesdirektøren
Fylkesordføraren
Lærarorganisasjonane
Utdanningsutvalet
Yrkesopplæringsnemnda