Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Intranett > Fagavdelingar > Utdanning > Rundskriv > 2006 > Rundskriv 20/06 Fordeling av VO-midlar våren 2007

Rundskriv 20/06 Fordeling av VO-midlar våren 2007

 
Jrn./Arkiv:                                Molde, 20.11.2006
MR 21390/2006/062
 
Til:
Til ressurssentra i Møre og Romsdal
 

Innhald

Innleiing
Det nærmar seg jul, og vi reknar med at ressurssentra alt er i gang med planlegginga av nye kurs for året 2007. Det er i framlegget til budsjett frå Fylkesdirektøren lagt opp til same rammer som i fjor til vaksenopplæring i vgs. Ut frå dei kurs som vart sette i gang i 2006, er det alt no disponert 4,5 millionar kroner av neste års budsjett. Dette gjer at vi må prioritere strengt mellom dei ulike tiltaka og sørgje for at midlane vert nytta til å oppfylle den lovfesta retten for vaksne.

Som kjend har Fylkesmannen hatt tilsyn på VO-feltet i haust. Den endelege rapporten er enda ikkje klar, men den førebelse rapporten tyder på at vi må endre ein del på våre rutinar for å drive verksemda i samsvar med krav i opplæringslova. Dette blir tema på samling for ressurssentra i januar 2007.

Opplæring som vert sett i gang, skal vere tilpassa dei vaksne sitt behov i høve til tid, stad og innhald. I tillegg skal dei vere basert på ei realkompetansevurdering i høve den gjeldande læreplan. Vi minnar om at vi har plikt til å informere vaksne om at dei kan velje standpunktkarakterar som vurderingsform.

Vi vil ikkje gje førehandsløfte for kurs, før fristen for søkning er ute. I år vert fristen for søknad til kurs med start våren 2007, satt til

10.desember 2006.

Endringar i satsane
Som nemnt i rundskriv 06/06, auka vi timesatsen for yrkesfag på kveldstid til kr. 1000,-, allmennfag til studiekompetanse til kr. 1100,- og opplæring på dagtid til kr. 650,- pr time. Desse satsane vert vidareført til neste år.

Når det gjeld satsen for realkompetansevurdering, ligg denne fast på kr. 350,- inkludert sosiale utgifter pr time til informasjon/ saksbehandling av vaksenretten(1 time pr kandidat), praksisvurdering(1 time pr kandidat) og realkompetansevurdering(1-4 timar).

Kunnskapsløftet- konsekvensar for vaksne
Innføring av nye utdanningsprogram og nye læreplanar vil ha betydning for når siste eksamen etter R94 kan haldast. Overgangsreglane finn vi i forskrifta kap.24: Innføringstakt for læreplaner for kunnskapsløftet og overgangsordningar frå L97 og R94. Siste frist for eksamen etter R94 VK1 vil vere våren 2009 og etter R94 VK2 våren 2010. Dette betyr at ressurssentra må sørgje for at sine elevar har muligheit til å vere ferdig med opplæringa slik at dei kan ta eksamen innan desse fristane. Læreplanane etter R94 trekkast tilbake når dei nye læreplanane vert sette i gang. Vi viser og til referat frå møte med VOX som er videresendt.
 

Prioriteringar
Vi vil i 2007 prioritere å betre rutinar og arbeidsmåtar i vaksenopplæring, slik at krav i opplæringslova blir oppfylt.

Vi vil framleis prioritere opplæring i høve til behov i arbeidslivet, både industri, kommunesektor og servicenæringar. Vi ønskjer å vidareføre omfanget på vaksenopplæring innan helse- og sosialfag. Den nye helsefagarbeidaren er ei utfordring for vaksenopplæringa. Dei siste kursa i hjelpepleie som kan settes i gang, er opplæring på vk1-og vk2-nivå som vert ferdig våren 2008. Vi oppmodar difor ressurssentra til å starte arbeidet med å tilby opplæring i helsefagarbeidaren til vaksne frå hausten av.

Krav til søknadane
I rundskriv 06/06 av 16.05.2006, ønskte vi ei opprydding i søknadsprosessen. Slik det er i dag har dei ulike ressurssentra sendt inn sine søknader til ulike tidspunkt og brukt ulike skjema. Dette har gjort det krevjande å ha oversikt over søknader, endringar i søknader både på e-post og pr brev. Søknadsskjema som legg ved dette rundskrivet, skal brukast til å søkje om midlar. I tillegg skal alle søknadane sendast pr post og merkast sak 06/5292. Dette gjer vi for å sørgje for at alle søknadane vert registrert, mellom anna i høve til tidsfristen.

Spørsmål angående vaksenopplæringsmidlar eller dei ulike kurs kan rettast til Jann Harald Røst på tlf. 71 25 80 19 eller e-mail: jann.rost@mrfylke.no

 

Per Hoem

Anita Steinbru

 

Gjenpart:
Fylkesdirektøren
Fylkesordføraren
Lærarorganisasjonane
Utdanningsutvalet
Yrkesopplæringsnemnda
 
Vedlagt tekst:
Innføringstakt for Kunnskapsløftet.
Søknadsskjema
Referat fra møte i VOX