Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Intranett > Fagavdelingar > Utdanning > Rundskriv > 2006 > Rundskriv 21/06 Innhenting av avgangselevar

Rundskriv 21/06 Innhenting av avgangselevar

Jrn./Arkiv:                                Molde, 21.11.2006
MR 21465/2006/062
 
Til:
Til ungdomsskolane i Møre og Romsdal

Innhald

 

Utdanningsavdelinga er i gang med førebuing av inntak til vidaregåande opplæring for skoleåret 2007/2008.

 

Avgangselevane skal få tildelt BrukarID og passord som skal nyttast til søking på Internett. Alle elevar som våren 2007 blir utskrivne frå grunnskolen, skal meldast inn til Utdanningsavdelinga, også minoritetsspråklege elevar, elevar som på førehand har bestemt seg for å ikkje søkje vidaregåande opplæring eller gå på privatskole.

 

Ved innsending av avgangselevar, ber vi grunnskolane om å nytte det skoleadministrative systemet sitt til å lage ei fil som skal sendast til Utdanningsavdelinga per e-post.

 

OBS! Før De lagar ei ny fil; pass på at De har oppdatert det skoleadministrative systemet til nyaste versjon.

 

For dei skolane som nyttar WIS skole: Siste kjende versjon av WIS skole heiter 21b, og vart lagt ut 27.09.06. Vi ser ikkje bort frå at det har kome ny versjon etter dette, og ber difor om at alle oppdaterer sitt program før De lastar ut elevfila. Oppdatering skjer ved at De velgjer System – Nedlasting – Oppdater. Programmet må startast opp på nytt etter oppdateringa.

 

Skoleår og termin må setjast i programmet før data vert lagt inn, opprett grupper og legg inn elevar. Det er viktig at elevane blir registert gruppevis (f. eks. 10A, 10B, osv), slik at skolane kan få elevane sin BrukarID og passord tilsendt ferdig sortert på kvar gruppe.

 

Det er viktig for Utdanningsavdelinga at det blir registert riktig fødsels- og personnummer (til saman 11 siffer) på elevane.

 

For dei skolane som nyttar WIS som skoleadministrativt system skal data til Utdanningsavdelinga leggast ut på fil ved at De velgjer ”Utskrifter”, og så rapporten ”Inntakskontor elever, fil”. Avgangselevane blir då lagt over i ei fil som kan lagrast i ei mappe eller på datamaskinen sitt skrivebord, og sendast til Utdanningsavdelinga i Møre og Romsdal på e-post. Slett gjerne gamle filer før De oppretter ei ny. Filene får gjerne det same filnamnet, så det kan vere lett å sende feil fil. Filnamnet er sett saman slik: skolenr og 3 bokstavar frå skolenamnet + filtypen, til dømes: 15506bek.vgo (Bekkevoll ungdomsskole). Sjekk at fila har dagens dato. Om De vil sjekke at fila har rett innhald, kan den opnast i ”Notisblokk”. Fila skal berre innehalde elevane sitt fødsels- og personnummer.

 

Dersom nokon av skolane har avgangselevar som ikkje har fått tildelt personnummer frå folkeregisteret, må skolen sende melding om desse skriftleg, gjerne på e-post saman med fila med avgangselevane. Vi treng elevane sin fødselsdato, namn og adresse, og kva for gruppe eleven høyrer til i.

 

Frist for innsending av fila er: tysdag 28. november.

 

E-postadressa som fila skal sendast til er: inntak@mrfylke.no

 

Når De sender e-posten med elevfila; oppgje namn, telefonnummer, evt. mobilnummer til den som har ansvaret for oversending av elevane.

 

Ta kontakt med Laila H. T. Nielsen dersom De har spørsmål, eller treng rettleiing for å sende fila.

 

 

 

 

 

Med helsing    
   
Jane Anita Aspen     Laila H. T.Nielsen
seksjonsleiar     konsulent

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Gjenpart:

Fylkesdirektøren

Fylkesordføraren

Lærarorganisasjonane

Utdanningsutvalet

Yrkesopplæringsnemnda