Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Intranett > Fagavdelingar > Utdanning > Rundskriv > 2006 > Rundskriv 22/06 Kompetanseutvikling våren 2007 / budsjettåret 2007 (vgo)

Rundskriv 22/06 Kompetanseutvikling våren 2007 / budsjettåret 2007 (vgo)

Frå: Til:
Utdanningsavdelinga Dei vidaregåande skolane  
Dato: Ref:
12.12.2006 MR 21907/2006/062

 
 
 
 
 
 

Vi viser til rundskriv 15/2006 som gav oversikt for kompetansetiltaka hausten 2006 – og skoleåret 2006/07 så langt vi hadde oversikt i sommar. Nedanfor gir vi informasjon for 2007, så langt vi no har oversikt.

Generelt
Gjennomføringa av barnehagereforma (Barnehageløftet) og grunnopplæringsreforma (Kunnskaps-løftet) er dei overordna satsingsområda for utdanningsavdelinga i fylket.  I tillegg er det viktig å ha i mente dei vedtaka Møre og Romsdal fylke gjer som regional utviklingsaktør og som i vesentleg grad vedkjem vidaregåande opplæring (jf m.a. ”Ung i Møre og Romsdal” ). For generell ajourføring viser vi til aktuelle nettstader, først og fremst Skolenettet og heimesida til Møre og Romsdal fylke.
 
Mål- og tiltaksplanen
Mål- og tiltaksplanen for 2006-2010 vart vedtatt i Ud-12/06 og i Fylkestinget 13 06. Her er det samtidig også gjort greie for korleis arbeidet med Mål- og tiltaksplanen er tenkt som ein del av heile plan- og resultatvurderingssystemet. Mål- og tiltaksplanen er trykt opp i ein eigen brosjyre, og er lagt ut på heimesida til fylket. Skolane si konkretisering ligg på heimesida til dei enkelte skolane.

Arbeidet med ny mål- og tiltaksplan er sett i gang, og må sjåast i samanheng med undersøkinga som Læringslaben har laga, og arbeidet med ny arbeidstidsavtale. I prosessen blir det lagt stor vekt på  involvering av alle delar av opplæringssystemet i fylket.

Vi viser og til at fylkesdirektøren årleg lagar ein kompetanseutviklingsplan med ein del prioriterte generelle tiltak. Planen for 2007 blir ferdigstilt over nyttår.

Konkrete tiltak – med hovudvekt på våren 2007:

a) Grunnopplæringsreforma / Kunnskapsløftet

Møte i fylkesgruppa  for Kunnskapsløftet 14 03.

b) Leiarnettverk/ leiaropplæring / kvalitetsutvikling

I. I rektorutvalet er p.t. følgjande rektorar med :     

Søre Sunnmøre : Roar Eide, Herøy vgs
Nordre Sunnmøre : Arild Sollied, Fagerlia vgs og Aud Folkestad, Stranda vgs
Romsdal : Thorbjørn Myhre, Molde vgs
Nordmøre : Anders Talgø, Surnadal vgs
Desse personane er også kontaktpersonar når det gjeld kommunane /grunnskolen i sine regionar.

II I tillegg er følgjande personar kontaktpersonar i utdanningsavdelinga mot kommunane og regionane:

Sunnmøre (Søre og Nordre ) : Eivind Hasle Jf reg.nettadresser :www.sjustjerna.no  / www.nskr.nett
Romsdal : Ola Arne Opstad, jf www.romsdalbokorm.no
Nordmøre: Kjell Saltnes, jf www.nettverk-nordmore.no

Utdanningsavdelinga gjennomfører regionale kontaktmøte med kommunane og rektorutvalet for vgo, på Nordmøre 01 02, i  Romsdal  02 02, på Nordre Sunnmøre 06 02 og på Søre Sunnmøre 07 02. 

III Rektorane skal ha samling 30-31 01 07  på Stranda. Her skal også ass.rektorane vere med. Temaet blir arbeid med rulleringa av mål- og tiltaksplan, sett i samanheng med arbeidet med arbeidstidsavtalen.

IV  Det blir  minst 2 rektorsamlingar til i løpet av våren, i mars og i mai/juni.

V  Etter ei samla vurdering av romkapasitet  (for ca 160 deltakarar), reiseavstandar, etc, blir  den store Skoleleiarsamlinga i 2007 planlagt til Geiranger, 3 dagar i veke 43  (24/10-26/10)

VI  Borgund vgs er som kjent med i det nasjonale Program for skoleutvikling (Kunnskapsløftet – fra ord til handling). Ester Stephan er kontaktperson i utdanningsavdelinga.

Det er lagt opp til ein ny søknadsrunde våren 2007, med søknadsfrist 01 03 (open runde) (jf informasjon på Utdanningsdirektoratets nettside).

VII  Skolebesøk : Det blir lagt opp til skolebesøk på 4 skolar våren 2007, der hovudfokus vil bli lagt  på oppfølging av Læringslab-undersøkinga og arbeidet med Kunnskapsløftet.

c) Fagnettverk / Fagleg kompetanseutvikling

I  Dei  fleste av dei 18 fagnettverka har  i løpet av hausten 2006 kome i godt gjenge og har hatt møte i samsvar med intensjonane. 23-24 01 er det planlagt samling for styra i fagnettverka, på Alexandra i Molde (dvs. 2-5 personar pr. nettverk, pluss kontaktpersonane i utdanningsavdelinga). Det blir lagt opp til 1 fellesdag for alle nettverka (23 01), medan dei yrkesfaglege programma også held fram 24 01. På samlinga vil det bli erfaringsutveksling og gitt informasjon og nærare føringar for arbeidet våren 2007.

II Nasjonale strategiplanar : Som kjent er det laga nasjonale strategiplanar innanfor ei rad satsingsområde. Vi nemner nokre tiltak som delvis har tilknytning til desse planane :

a)    ”Gi rom for lesing” : Det blir ein fylkeskonferanse i Kristiansund 21-22 03. Ei spesiell utfordring er å stimulere gutar til meir lesing, spesielt innanfor yrkesfaglege  studieretningar.

b)    ”Realfag, naturligvis” : Det blir lagt opp til ei samling på Smøla 04-05 06 for realfagslærarar og naturfaglærarar, gr.skole og vgo – med hovudvekt på energispørsmål.

Det blir arbeidd for å etablere Vitensentra og/eller Newton-rom rundt om i fylket, og ei eiga sak om dette vil truleg bli lagt fram for fylkestinget våren 2007.

Fylket har skrive 2 avtalar med NAROM (Nasjonalt senter for romrelatert opplæring - Andøya):

I Nordic Teacher Space Camp 2007 (12-17 08) : 1 stipendplass til lærar frå Møre og Romsdal fylke, med interesse for real- og teknologifag. Påmeldingsfrist frå fylket 15 04.

II European Space Camp (24-30 06) : 1  stipendplass for ungdom 17-20 år, må ha fysikk (min 2FY eller tilsvarande), og beherske engelsk godt skriftleg og munneleg. Frist frå fylket 15 04.                                                              

c)    ”Språk åpner dører”:

Det er gjort avtale med Ascehoug forlag om fagkurs. I (andre) framandspråk er kursa på Fagerlia vgs  31 10 og 07 12 2006 og 14 02 2007. Dei 3 fagkursa i engelsk blir i februar – april, lagt til Kristiansund, Fræna og Ålesund. Datoane blir gjort kjent så snart dei er klare.

d)    ”Likeverdig utdanning i praksis” :

Fræna vgs er nasjonal ”fokusskole” når det gjeld opplæring til minoritetsspråklege elevar spesielt med tanke på gode opplæringsmodellar for innvandrarungdom med mangelfull skolebakgrunn.  Det blir arbeidd med planar for ein konferanse om minoritetsspråklege elevar  i løpet avvårhalvåret.  

 e)    ”Program for digital kompetanse”.

Det blir vist til konferansen  ”Praktisk bruk av digitale verktøy i undervisninga” , gjennomført i Ålesund 26 10 06, i samarbeid mellom Ålesund vgs og Stranda vgs. Det blir tatt sikte på  ein tilsvarande konferanse  for Nordmøre og Romsdal snarast råd i 2007.                    

 f)     Det blir ein fylkeskonferanse om ”Fysisk aktivitet og måltid i skolen” i Ålesund 18-19 04.

   (jf Handlingsplan for fysisk aktivitet.)                                             

d) Læreplanhøyringar

Ei viktig oppgåve for fagnettverka er å delta i høyringsprosessen rundt dei nye læreplanane, m.a. som ein viktig del av kompetanseutviklinga. Vi viser elles til Skolenettet. Møre og Romsdal har eit spesielt ansvar innanfor Service og samferdsel, og her er det 8 vg3 planar som skal på høyring våren 2007.

Nettverksmøte / høyringssamling (referansegruppe vg3)  i Service og samferdsel,  16 01 i Molde.

e) Gratis læremiddel: Digitale læringsmiddel /  Biblioteksutvikling ?

I statsbudsjettet er det lagt opp til gratis læremiddel for vg2-elevane frå skoleåret 2007/08. Det blir ei viktig oppgåve våren 2007 å  avklare fagleg og politisk korleis dette skal ordnast, og eit utval vil bli sett ned for å greie ut problemstillingar til den politiske behandlinga som må skje på fylkestinget i april. Slik det i dag ser ut, vil det bli satsa sterkt på digitale læringsressursar, i tillegg til opprustning av skolebiblioteka (jf m.a. nytt biblioteksystem og katalogutvikling). Det blir viktig at alle delar av opplæringssystemet deltar i prosessen rundt dei nødvendige avklaringane. 

f) Tryggleik i verkstaden

Utdanningsavdelinga vil i januar arrangere 2 dagsamlingar om ”Tryggleik i verkstaden  (Risikovurdering av maskiner og utstyr i skoleverkstadene)”. Ei samling blir nord for Romsdalsfjorden 10 01 på hotell Alexandra i Molde, og ei sørom fjorden, på Rica Parken, Ålesund 11 01. Målgruppa er lærarar i ”farlege” verkstadfag.

g) Vurdering / Eksamen / Sensorskolering

Det blir vist til samlinga på Åndalsnes 20-21 11 for eksamens- og dokumentansvarlege. Det vil bli lagt opp til ei samling også i 2007. men truleg ikkje før til hausten, og avhengig av avklaringar om vurdering frå nasjonalt nivå.

I løpet av våren vil det truleg bli gjennomført sensorskolering i enkelte fag.

h) Inntak / Tilpassa opplæring /spesialpedagogikk

12 02 blir det oppstartmøte  på Alexandra hotell, Molde for inntak av søkarar med behov for særskilt tilrettelegging. Målgruppe : spes.ped-ansvarlege/ inntaksansvarlege ved dei vidaregåande skolane.

14 02 blir det leiarsamling for  syns- og audiopedagogtenesta. Målgruppe : leiarar ved Møller kompetansesenter, Tambartun kompetansesenter, leiarane ved PPT i Molde, Kristiansund, Ålesund og Volda, samt representantar frå utdanningsavdelinga.

Prosjekt leksehjelp : Møre og Romsdal er eitt av 4 fylke som er valt ut til modellutprøving for Prosjekt leksehjelp 2006-2008. Romsdal videregående skole har kome med, i tillegg til grunnskolar i Vestnes, Ålesund, Stranda og Kristiansund.

Forskinga viser at omgrepet ”Tilpassa opplæring” framleis blir svært ulikt og upresist forstått (jf m.a. Forskingsrapport nr 62 frå Høgskulen i Volda/Møreforsking).  Dette må vi arbeide med – ikkje minst fordi tilpassa opplæring er ei hovudoverskrift over Kunnskapsløftet. I den samanhengen vil vi også prøve å nytte erfaringar frå utviklingsarbeid som er gjennomført, m.a. modellforsøket som Herøy vgs og Romsdal vgs  har deltatt i.

Utdanningsdirektoratet arrangerer våren 2007 regionale konferansar om tilpassa opplæring i grunnopplæringa. For Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal er Høgskulen i Volda medarrangør, og konferansen blir truleg i Ålesund  10-11 05.

i) Karriererettleiing

Det blir arrangert ein konferanse om karriererettleiing på Rica Parken i Ålesund 09-10 01 07 (jf invitasjonsbrev av 24 11 06). Målgruppa er rektorar og rådgjevarar i ungdomsskolen og vidaregåande opplæring. Det er svært viktig at arbeidet med karriererettleiing blir sett i samanheng med programfag til val for grunnskolen, og der det er naturleg med entreprenørsatsinga i fylket og prosjekt til fordjuping i vidaregåande opplæring. Siktemålet er meir bevisste val av utdanning og yrke, og redusert studieavbrot og fråfall.

j) Entreprenørskap

Fylkesmessa 2007 skal vere i Ålesund 15 03.

Det vil bli arrangert kurs om Jenter og leiing, truleg 26-27 03 eller 24-25 04 på Vestheim.

For lærarar blir det lagt opp til ei samling i veke 15 eller veke 17.

k) Opplæring i bedrift

Det blir samling for opplæringskontora, 15-16 03 i  Kristiansund.

Instruktørskolering: 2 kurs våren 2007, og 2 kurs til hausten.

Møre og Romsdal skal vere vertskap for landskonferansen om instruktøropplæring 12-13 06.

l) Vaksenopplæring / ressurssentra

16 01 blir det samling i Molde for ressurssenterleiarar. 

m) Elev- og lærlingemedverknad

Det blir arbeidd med planar for ei samling for elevrådsleiarar, truleg i februar.

Elev- og lærlingeombodet  vil halde fram med skolebesøka.

n) Kultur- og nettverksskolane / Kulturtorg

Kulturtorget 2007 blir gjennomført 25-27 01.

o) ”God Helse” – satsinga

Utdanningsavdelinga vil saman med God Helse-Rus-gruppa fokusere på kompetansestyrking om førebyggande helsearbeid, med særleg fokus på rus og rusproblem i vidaregåande opplæring. Det blir lagt opp til  kursdagar med fagleg påfyll, nettverksbygging og erfaringsutveksling. Det vil bli lagt stor vekt på at kompetansestyrkinga må sjåast i nær samanheng med kontaktlærarordninga og ei tett oppfølging av den enkelte eleven.

”God Helse” er eit fylkesprogram for førebyggande helsearbeid, med særleg vekt på rus, røyk, psykisk helse, fysisk aktivitet og kosthald. Fylket har skrive partnarskapsavtalar med 19 kommunar (jf eigen logo på heimesida til Møre og Romsdal fylke) , og det er svært viktig at alle dei vidaregåande skolane  engasjerer seg aktivt i det helsefremmande arbeidet. 

Felles studie- og planleggingsdag ?

Skolestart hausten 2007 for elevane er mandag 20 08. I møte med rektorgruppa for vgs er det semje om å reservere ein av planleggingsdagane før skolestart til felles studie- og kompetanseutvikling på tvers av skolane, gjerne  i regi av fagnettverka. Den avsette dagen er torsdag 16 08.

Kompetanseutviklingsmidlar 2007 

d) Kompetanseutviklingsmidlar

Dei økonomiske rammene når det gjeld kompetanseutviklingsmidlar, går fram av det vedtatte budsjettet. I tillegg veit vi at vi vil få  5-6 mill kr av statlege midlar øyremerkt til kompetanseutvikling i Kunnskapsløftet. Statsmidlane skal rapporterast spesielt for, og det skal i løpet av våren lagast plan for skoleåret 07/08. Vesentlege delar av kompetansemidlane vil vere bunden opp av arbeidet i fagnettverka og gjennomføring av felles satsingstiltak og nødvendige vidareutdanningstiltak som vil avteikne seg av dei nye læreplanane.

Også i 2007 vil vi fordele ein vesentleg del av kompetansemidlane i utdanningsavdelinga direkte til skolane, på grunnlag av rapporteringa for 2006 og dokumenterte søknader frå skolane, grunngitt ut frå skolens mål- og tiltaksplan og kompetanseutviklingsplan, og prioritert frå skoleleiinga. Kompetansetiltak for å sikre ei god gjennomføring av Kunnskapsløftet , inklusive dei nasjonale satsingsområda  (jf nasjonale strategiplanar), må  ha topp prioritet. Vi ber samtidig fagnettverka gi signal om spesielle kompetanse-utviklingsbehov, slik at det kan vere med i vurderinga når skolane og vi prioriterer ressursbruken.

På dette grunnlaget ber vi om å få inn 1 samlesøknad pr skole, med følgjande hovudavsnitt:

1.     Individuelle søknader. Vi fordeler i ein søknadsrunde ein samla sum pr skole, ut frå prioriterte framlegg frå skolen. Den enkelte skolen får ansvaret for oppfølging og eventuell justering av fordelinga. Den enkelte stipendmottakaren bør framleis ha rapporteringsplikt på skolen, men for utdanningsavdelinga ber vi om at ei samla rapportering om bruken av kompetansemidlane følgjer opplegget for resultatvurdering.

2.     Skoleutvikling / spesielle satsingsområde – ut frå Mål- og tiltaksplanen til skolen. Her ber vi om at skolane prioriterer behova som er knytt til gjennomføringa av grunnopplæringsreforma.  Tiltak som involverer heile det 13-årige opplæringsløpet, dvs. både grunnskole og vidaregåande opplæring, vil bli positivt vurdert. 

Pr i dag veit vi ikkje kor mykje vi  bør tildele skolane herifrå. Vi arbeider kontinuerleg med å styrke budsjettet til kompetanseutvikling ved å sjå det i samanheng med andre fylkesmidlar og statsmidlar til OU, førebyggande helsearbeid, støtte frå KS og statlege satsingsområde. Vi veit heller ikkje i dag nøyaktig  kor mykje vi vil få av statsmidlar i 2006 til Kunnskapsløftet. Men i tillegg til drifta av fagnettverka vonar vi  at vi kan fordele  5 –6 mill kr ekstra til skolane til individuelle stipend og spesielle skoleutviklingstiltak/ satsingstiltak.

Søknadsfrist : 1.april.Endeleg fordeling i månadsskiftet mai-april.

Rapportering: Skolane rapporterer om bruken av kompetansemidlane i tilknytning til årleg resultatrapportering.

Kontaktpersonar :  Eivind Hasle og Ester Stephan.

 

Med helsing    
   
Per Hoem     Eivind Hasle
fylkesutdanningsdirektør     fagsjef

 

 

 

 

 

 

 

Gjenpart:
Fylkesdirektøren (v/Personalseksjonen)
Fylkesordføraren
Lærarorganisasjonane
Utdanningsutvalet
Yrkesopplæringsnemnda
Fagnettverksleiarane