Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Intranett > Fagavdelingar > Utdanning > Rundskriv > 2006 > Rundskriv 24/06 Gjennomføring av eksamen våren 2007 - elevar og privatistar

Rundskriv 24/06 Gjennomføring av eksamen våren 2007 - elevar og privatistar

I   RUNDSKRIV OG INFORMASJON

Fylkesutdanningsdirektøren viser til brev datert 08.09.2006 frå Utdanningsdirektoratet om sentralgitt eksamen våren 2007 vedlagt eksamensplan.  Rundskriv SUE/Vg-97-001 gjeld framleis og er sentral m.a. for privatisteksamenar.  Rundskriva LS-43-2002 ,LS-64-2002 og LS-78-2002 er sentrale når det gjeld trekkreglar og Rundskriv LS-31-2003 gjev retningsliner for munnleg eksamen med lang førebuingstid saman med Rundskriv 31/2003 frå Fylkesutdanningssjefen.  I tillegg er det ei rekkje rundskriv og informasjon frå SUE, Læringssenteret og Utdanningsdiretoratet som gjeld eksamen og eksamensordningar i einskilde fag og kurs, sjå oversyn på nettet under Utdanningsdirektoratet/rundskriv/eksamen.  Fylkesutdanningssjefen viser til annonser i regionsavisene om våreksamen 2007 (19.12.2006 og 06.01.2007)  Rettleiande eksamensplan for våren 2007 ligg ved dette rundskrivet.

II ORGANISERING OG GJENNOMFØRING AV EKSAMEN

Fylkesutdanningsdirektøren v/rådgivar for eksamen har det overordna ansvaret for koordinering, gjennomføring og kvalitetssikring av eksamen.

EKSAMEN FOR ELEVAR

1. Sentralgitte prøver

Vi viser her til brev med vedlegg datert 08.09.2006 frå Utdanningsdirektoratet med datoar for sentralgitte prøver med sentral sensur og sentral gitte prøver med lokal sensur. Det er to brev som omhandlar hjelpemiddel for eksamen vår og haust 2007 (R94).  Breva med med vedlegg er datert 21.11.2006 (ref. 2006/3886) frå Utdanningsdirektoratet.  For faga i  Kunnskapsløftet er det udatert brev ”Kunnskapsløftet: Eksamen og hjelpemidler i matematikk og engelsk – videregående skole” som gjeld så lenge det ikkje er kome nye brev om dette.  Brev m/vedlegg vedk. oppmelding til våreksamen er ikkje kome frå Utdanningsdirektoratet enno.  NB! Skolane må sjølve halde seg oppdaterte på nettet (utdanningsdirektoratet/brev/eksamen) om brev og andre meldingar som vert lagt ut vedr. eksamen.

2. Lokalgitte prøver

a) Teknisk fagskole

Som eit generelt prinsipp skal eksamen leggjast så nært opp til skoleslutt som mogleg.  Dette gjeld både munnleg og skriftleg eksamen.  I desse studieretningane skal eksamen gjennomførast som tidlegare.  Rektor ved den enkelte skole har ansvar for:

1.    – å trekkje ut elevar

2.    – å sjå til at det blir laga eksamensoppgåver og kvalitetssikre desse

3.    – at eksamen blir gjennomført på rett måte.

b) Vg1 i Kunnskapsløftet og vidaregåande kurs I og II i Reform -94

Rettleiande plan for eksamen er lagt ved.  Denne eksamensplanen er ei rammeplan.  Endringar av datorar grunna spesielle tilhøve ved skolen, bruk av sensorar osb. må avtalast med rådgivar for eksamen.

Datoar for munnleg eksamen er onsdag 13. juni for Vg1, torsdag 14. juni, fredag 15. juni og  måndag 18. juni for VKI og VKII.

Varsling for munnleg eksamen skal skje 48 timar før eksamen med unntak av eksamen måndag 18. juni der varsling skjer torsdag 14. juni kl. 14.30.  ( I følgje Forskrift til Opplæringslova §5-15 er laurdag fridag på same måte som søndag og andre heilagdagar m.o.t eksamen).  Når det gjeld tid for varsling til skriftleg, sentralgitt eksamen, syner vi til brev med vedlegg datert 08.09.2006 frå Utdanningsdirektoratet.  Varslingsdatoane for lokalgitt, skriftleg eksamen er dei same som for sentralgitt eksamen, sjå vedlagte eksamensplan.

Rådgivar for eksamen har ansvar for å:

1.    – peike ut sensorar til lokalgitt eksamen og sentralgitt eksamen med lokal sensur

2.    – trekkje ut parti i trekkfag etter framlegg frå skolen og oppnemne sensorar til desse

3.    – samordne utarbeiding av eksamensoppgåver til lokalgitt eksamen så langt det er mogleg

Rektor har ansvar for:

1.    å melde inn til Møre og Romsdal fylke, utdanningsavdelinga, trekket for sentralgitt eksamen innan  fristen

2.    å melde inn til rådgivar for eksamen tal på klassar, klassestorleik og fag som skal/kan prøvast til eksamen og behov for eksterne sensorar i obligatoriske studieretningsfag.  Frist for innsending er sett til fredag 16. februar 2007.

3.    at det vert utarbeidd eksamensoppgåver og å kvalitetssikre desse i faga til lokalgitte prøver, skriftlege og munnlege, og at desse vert levert rektor innan ein fastsett dato (td 1. mai)

4.    gode rutiner for gjennomføring av munnleg eksamen

5.    at det vert avtala dato for felles sensurering og at resultatet for fellessensuren vert overlevert skolen innan 20. juni 2006.

Ein rår til at det vert nytta ark med gjennomslag for lokalgitt eksamen og sentralgitt eksamen med lokal sensur slik at svara kan leverast/sendast både til intern og ekstern sensor omgåande etter eksamen.  For sentralgitt eksamen med sentral sensur gjeld eigne rutiner.

Fylkesutdanningsdirektøren vil understreke at det er rektors ansvar at utsending av elevsvara skjer omgåande etter eksamen og at alle eksamensoppgåver skal utarbeidast i samsvar med forskrift og læreplan.

For alle lokalgitte eksamenar med førebuingstid er førebuingstida sett til 1 dag, og antal ark frå førebuingsdelen skal vere 1 A4-ark (= 2 sider).  Sjå brev frå Fylkesutdanningssjefen av 14.11.2002.

Det er viktig at skolane legg arbeid i å lage gode og relevante oppgåver slik at

ikkje oppstår kvalitative skilnader mellom skolane innanfor dei enkelte faga.

3. Eksamenssamarbeidet i opplæringsregion Nord 

Hausten 2004 var siste eksamen med felles oppgåver for ”små” fag i eksamenssamarbeidet i opplæringsregion Nord.  Vi syner til brev av 24.08.2004 om dette. Skolane bør framleis samarbeide om oppgåvelaging innanfor fylket og gjerne med andre fylke i dei små faga som dette samarbeidet har omfatta sidan 1998. 

Arbeidet vidare i dette eksamensamarbeidet vil være opplæring/støtte i oppgåvelaging innan utvalde studieretningar, møteplassar for endringar innan vurderingsformer, samarbeid om sensur for teoriprøva for praksiskandidatar og felles oppgåver og sensur for skriftleg, lokalgitt eksamen for privatistar.

4. Vedr. oppmelding for privatistar og elevar til ny eller særskilt prøve og prøveavgift

For å lette påmeldinga for privatistar og for elevar som skal ta ny eller særskilt prøve, ber vi alle dei vidaregåande skolane om å ha tilgjengeleg oppmeldingsskjema og innbetalingsblankettar for prøveavgifta som for 2007 er kr. 320 for førstegongsprøve og kr. 650 for forbetringsprøver.   Informasjon om oppmelding og skjema ligg òg på nettet under http://www.mrfylke.no/vidaregåandeopplæring/eksamen.  Her ligg også informasjon om kven som skal betale prøveavgifta og kven som ikkje skal betale.

Oppmeldingsskjema ligg på nettet under fylket og innbetalingsblankettar er sendt til skolane.

Oversyn over fagkodar, fag, eksamenstid og eksamensdatoar for privatisteksamenar i Vg1 i Kunnskapsløftet ligg ved.  Registreringane av privatistane i Extens-systemet må vere gjort seinast 1. februar.  Etter denne fristen vert det sendt ut liste med fag og eksamensdatoar (skriftlege fag med lokalgitt eksamen) som vert samordna i Opplæringsregion Nord.

Privatistar som skal ta ny eller utsett prøve, skal i tillegg til legitimasjon leggje fram  kvittering for betalt prøveavgift.

Elev/lærling som ikkje nyttar retten sin til å avleggje ny, utsett eller særskilt prøve ved første fastsette tidspunkt for slik prøve, må gå opp som privatist/praksiskandidat.

Skolane må opplyse om at berre innbetaling ikkje er gyldig oppmelding dersom ikkje privatisten også har fylt ut og levert inn oppmeldingsskjema.

Fristen for oppmelding til våreksamen er 15. januar. 

PRAKSISKANDIDATAR OG TEORIEKSAMEN

Eksamen er sentralgitt med lokal sensur.  Eksamensdato er 7. juni for VKII/avviksfag og 8. juni for VKI-nivå.  Før ein kan melde seg opp til den praktiske delen av fagprøva, må den tverrfaglege teorieksamenen vere greidd.  Informasjon vedr. eksamen blir gitt ved den skolen kandidaten melder seg til.  Det blir gitt eit kompetansebevis for den teoretiske delen av fagprøva.  Kompetansebeviset skal leggjast ved oppmeldinga til den praktiske prøva.

Når det gjeld oppmelding til teorieksamen, skal skolane omgåande vidaresende oppmeldingsskjema (eige skjema, gul farge) til utdanningsavdelinga som så ordnar med innlegging i Extens-systemet.  Kandidatane vert  overført i Extens-systemet til skolane der eksamen skal avviklast.  Rådgivar for eksamen tingar oppgåver til skolane for desse eksamenane.  Oppmelding til den praktiske prøva skal som tidlegare sendast til utdanningsavdelinga.

ØKONOMI
Rekningane frå sensorar/eksaminatorar for privatisteksamen (inkl. praksiskandidatar) skal sendast til utdanningsavdelinga for utbetaling.  Utgifter for eleveksamen også for utsett og ny prøve for elevar, skal belastast budsjettet for den enkelte skole.

 

Per Hoem

 

                                                   Kjell Saltnes

Sakshandsamar:
Oddlaug Hovdenak
rådgivar for eksamen

 

Gjenpart:
Økonomiseksjonen
Fylkesrevisjonen
Lærarorganisasjonane
Elevorganisasjonen
Bjørknes Privatskole
Vestborg vidaregåande skole
Akademiet vidaregåande skole, Ålesund og Molde
Opplæringskontor – og ringar
Ressurssentra i fylket