Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Intranett > Fagavdelingar > Utdanning > Rundskriv > 2006 > Rundskriv 25/06 Studie- og yrkesorientering 2007

Rundskriv 25/06 Studie- og yrkesorientering 2007

 

Fylkesutdanningsdirektøren står som teknisk arrangør av studie- og yrkesorienteringsopplegget, skoleåret 2006/07, for elevar som får studiekompetanse. Orienteringa vil gå føre seg i veke 5 og 6.

Når det gjeld det praktiske opplegget, viser vi til dialogen som har vore mellom Sverre Bjåstad, Ulstein vgs – på vegner av oss – og dei vidaregåande skolane (jf m.a. e-post av 15 12 06). Vi har prøvd å ta omsyn til ønske og merknader så langt som råd, men må sjølvsagt legge avgjerande vekt på å ha eit balansert opplegg samla sett.

Tilrettelegging
Dei vidaregåande skolane må legge forholda til rette slik at orienteringa kan bli gjennomført til beste for elevane. Rådgjevarane må på førehand gi god informasjon om opplegget for dagen, slik at elevane kan nyttiggjere seg tilbodet best mogleg.  Opplegget går som før over ein heil skoledag, og der fleire skolar går saman om opplegget, er førstenemnde, understreka skole arrangør.
 
Rom og utstyr
På orienteringsdagen vil det vere bruk for eit stort rom til fellessamling. Nokre aktørar vil samarbeide om teknisk utstyr som PC og kanon.  I kvart av klasseromma må det vere overhead-prosjektor. TV/videospelar må og vere tilgjengeleg.
 
Generelt
Det er viktig at alle aktørane følgjer opplegget så godt som råd, med respekt for tidsrammer etc.

Det må elles nemnast at det p.t. er stort fokus på yrkesorientering/rådgjeving /karriererettleiing.  Etter vedtak i fylkestinget, er det no starta eit utviklingsarbeid på dette området. Vi viser m.a. til brev av 24 11 06 med innbyding til  konferanse i Ålesund 09-10 01 07 ).

For spørsmål om opplegget : Sverre Bjåstad, Ulstein vgs eller Eivind Hasle, Utdanningsavdelinga

 

Med helsing    
   
Per Hoem     Eivind Hasle
fylkesutdanningsdirektør     Fagsjef

 

 

 

 

Gjenpart:
Fylkesdirektøren
Fylkesordføraren
Lærarorganisasjonane
Utdanningsutvalet
Yrkesopplæringsnemnda