Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Intranett > Fagavdelingar > Utdanning > Rundskriv > 2006 > Rundskriv 4/06 Resultatvurdering 2005

Rundskriv 4/06 Resultatvurdering 2005

Jrn./Arkiv:                                Molde, 02.02.2006
MR 2159/2006/
 
Til dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal

Fylkesutdanningsdirektøren viser til økonomisjefen sitt skriv om "Opplegg for resultatvurdering for året 2005". Den årlege resultatvurderinga skjer med utgangspunkt i reglane i fylkeskommunen sitt budsjettreglement.

Punkt 15.6.2 og 15.6.3 i budsjettreglementet gjev vilkår for overføring av netto mindreforbruk og vilkår ved dekking av netto meirforbruk. For å kunne seie noko om desse vilkåra er oppfylte skal vi derfor i tråd med budsjettreglementet gjennomføre ei resultatvurdering av den enkelte verksemda. I vurderinga skal ein kople aktivitet og økonomi. Kjernen i styringsprinsippet Mål og rammestyring, er at ein i staden for detaljert økonomisk styring, fokuserer på mål og aktivitet innafor vedtatt økonomisk ramme. Det er arbeidd med å finne måtar å samordne denne rapporteringa med andre rapporteringskrav som skolane har. Dette er ei utfordring internt, men ikkje minst i høve til dei mange, og store, endringane som skjer på statleg nivå. Vi er derfor klar over at det blir stilt store krav til rapportering frå skolane frå mange hald, og det er vårt ønske at mest mogleg av dette kan samordnast og gjerast så enkelt som mogleg. Det må derfor understrekast at resultatvurderinga skal vere kortfatta og enkel, men likevel av ein slik karakter at ho kan vere grunnlag for vidare arbeid.

1. Opplegg for årets resultatvurdering for skolane

Dette er dei sentrale elementa i resultatvurderinga:

- kort rapportering på det økonomiske resultatet

  • - rapportering på kvantifiserbare aktivitetsdata (elevtal, fullført, karakterar etc.), supplert med skolen sine vurderingar av desse tala
  • -
  • iverksetjing/måloppnåing i høve til Mål og tiltaksplan 2005-2009 i Møre og Romsdal og skolen si eiga Mål- og tiltaksplan
  • -
  • rapportering på bruk av tildelte kompetansehevingsmidlar Elevinspektørane

    Rapportering på det økonomiske resultatet

    På bakgrunn av dei endelege økonomirapportane som blir utsendt i slutten av januar, skal skolen kort kommentere rekneskapen for 2005. Her er det eventuelle avvik som er interessant. Ved meirforbruk må det gjevast ei forklaring på budsjettføresetnader og kva tiltak som er sett i verk for å redusere utgiftsnivået. Verksemda må kommentere avvik for kvar av dei budsjettrammene der verksemda har fått tildelt budsjettmidlar.

    Det er berre avvik av vesentleg karakter som treng kommentarar.

    Rapportering på kvantifiserbare aktivitetsdata

    ./. Det er utarbeidd eit eige skjema som skal nyttast her. Dette vil bli sendt som elektronisk vedlegg i eiga sending. Her fokuserer vi på sentrale data om elevtal, fullført, orden og åtferd etc. Bakgrunnen for at vi ber skolen om å rapportere inn dette, er at tala i mange høve bør/må kommenterast, og vi finn det rett at skolen får høve til dette.

    Desse data vil bli systematisert for å kunne vere eit grunnlag for å seie noko om stoda i den vidaregåande skolen i Møre og Romsdal og nytta som grunnlag for å arbeide vidare med kvalitet. Tala vil bli særleg interessante når dei etter kvart kan nyttast til å seie noko om ei utvikling over tid.

    I tillegg til å vere eit grunnlag for det kontinuerlege kvalitetsarbeidet, vil dei innrapporterte data bli lagt fram for politisk nivå. Opplysningane vil også bli lagt til grunn ved gjennomføring av medarbeidarsamtalar med rektor.

    Vårt utgangspunkt er at dette skjemaet skal nyttast ved kvar resultatvurdering, men vi må også her ta atterhald om innhaldet i dei systema som blir etablert på sentralt hald, og eventuell samordning her.

    Det er viktig å vere klar over at dette er data som er offentlege, og kan bli nytta av media.

    På grunn av personvernet skal må ein likevel merke arket som ikkje off. dersom elevtalet på studieretning/nivå er 6 eller mindre.

    Rapportering på Mål- og tiltaksplan for 2004-2005

    ./. Det er laga eigen mal for rapportering på Mål- og tiltaksplan, sjå vedlegg 1.

    Opplysningane som kjem fram her, vil bli nytta som grunnlag for ei samla rapportering på Mål- og tiltaksplan 2005-2009 samt som eit utgangspunkt for arbeidet med rullering av Mål- og tiltaksplanen. I tillegg er rapporteringa utgangspunkt for det oppfølgingsarbeidet skoleeigar er pålagd gjennom lover og forskrifter.

    Rapportering på bruk av kompetansehevingsmidlane

    Vi viser til tildelingsbrev til skolen, datert 11.05.2005, der det står: "Utdanningsavdelinga skal ha ei kort rapportering om korleis pengane er brukt. Rapporteringa skjer i samband med den årlege resultatvurderinga (i februar). Ved manglande rapportering vil tildelte midlar bli kravd tilbakeført".

    Vi ber skolane gje ei kort rapportering, og spesielt vise til kopling mot mål- og tiltaksplanar. Rapporteringa skal vise til dei tiltaka som blei vurdert positivt som grunnlag for tildelinga, og gje kort informasjon om eventuelle endra prioriteringar i bruk av midlane.

    ./. Det er utarbeidd eigen mal for denne rapporteringa. Sjå vedlegg 2.

    Elevinspektørane

    Vi viser til eigen informasjon til skolane om gjennomføring av elevinspektørane.

    2. Opplegget vidare

    Resultatvurderingane frå den enkelte verksemd legg grunnlaget for ei eiga sak til fylkestinget til våren. Det er fylkestinget som gjer det formelle vedtaket om at den enkelte verksemda har høve til å ta i bruk innsparte midlar frå år 2005. Formelt vedtak om inndekking av eventuelle meirforbruk vil bli gjort i same saka.

    Skjemaet med aktivitetsdata og rapporteringa på Mål og Tiltaksplan vil i tillegg til å vere sentral i resultatvurderingsarbeidet, vere grunnlag for kvalitetsarbeidet vårt, m.a. ved rullering av Mål og tiltaksplanen. Rapporteringa på bruk av kompetansehevingsmidlane og resultatet av Elevinspektørane er også viktige element i kvalitetsvurderinga.

    3. Oppsummeringog frist
     
    Rapporteringa skal sendast elektronisk til utdanningsavdelinga v/ Sverre Hollen og Jan Helge Torp.

    Resultatvurderinga skal altså innehalde

    1. Kort økonomisk vurdering

    2. Utfylt skjema "Resultatrapportering skoleåret 2004/2005" m/evt. kommentarar – vedlagt skjema skal nyttast

    3. Rapportering på Mål- og tiltaksplan 2004/2005 – vedlagt mal skal nyttast

    4. Rapportering på bruk av kompetansehevingsmidlar – vedlagt mal skal nyttast

    5. Gjennomføring av Elevinspektørane

     

    Siste frist for å sende inn rapport er 15.02.2005

    Vi oppmodar skolane om å gjere resultatvurderinga så enkel og kortfatta som mogleg. De er sjølvsagt velkomne til å ta kontakt med oss dersom det er spørsmål til opplegget.

     

    Per Hoem

    Sverre Hollen

     

    Gjenpart:
    Fylkesdirektøren
    Fylkesordføraren
    Lærarorganisasjonane
    Utdanningsutvalet
    Yrkesopplæringsnemnda